Noregs største oppfinningar

Vi bruker norske oppfinningar kvar dag. Anten det er ein ostehøvel, ein Tripp-trapp stol eller ein panteautomat på butikken. Andre norske oppfinningar er nok meir ukjende. Kanskje du får nokre smarte idear til nye oppfinningar når du les denne artikkelen?

Accessibility icon Noregs største oppfinningar

Verdsmeistrar i panting

Visste du at Noreg er best i verda på panting? Det er kanskje fordi vi fann opp panteordninga.

pant av flaske i pantemaskin
pant av flaske i pantemaskin

Er bindersen norsk?

Mange gamle og unge trur at bindersen er ei norsk oppfinning. Det er han faktisk ikkje.

Binderser på mørk bakgrunn.
Binderser på mørk bakgrunn.

Papirklemme

Nordmannen Johan Vaaler fann opp ei papirklemme (ein type binders) i 1899, men denne vart aldri produsert. Det fanst nemleg noko som var smartare å bruke. Bindersen vi kjenner i dag, kom på marknaden i 1892. Men oppfinnaren tok ikkje patent på han. Han kunne jo vorte ein av dei rikaste mennene i verda, viss han hadde gjort det!

Johan Vaaler patent papirklemme
Johan Vaaler patent papirklemme

Viktige oppfinningar frå Noreg

Det har vorte laga mange viktige oppfinningar i Noreg. Ikkje minst når det gjeld å hente opp olje frå Nordsjøen. Men òg oppfinningar du kanskje bruker kvar dag.

Oljeplattform foran en himmel med fiolett farge.
Oljeplattform foran en himmel med fiolett farge.

Kva er eit patent?

For å unngå at nokon stel oppfinninga di, er det viktig å ta patent på henne. Eit patent er eit dokument som viser at du eig oppfinninga di.

Ingen andre kan produsere eller selje oppfinninga utan at eigaren av patentet godkjenner det.

For å få patent på noko, må du søkje patentstyret i Noreg. Du kan òg søkje om patent som dekkjer fleire land. Sjølv om dette er ganske dyrt, unngår du at nokon andre kopierer og tener pengar på oppfinninga di.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
brainstorming, møte om patenter
brainstorming, møte om patenter

Bli med på ei historisk reise med nokre av dei mest suksessrike norske oppfinningane!

 

Men tenk og litt over kor mange mislykka oppfinningar som har vore prøvde ut! 

En ubrukelig saks med kniver i begge ender
En ubrukelig saks med kniver i begge ender

1902: Panteordning for flasker

Det første ein kunne pante, var ølflasker. Panten var på cirka 6 øre per flaske. Etter kvart vart det pant på brusflasker, brusboksar og utvalde vinflasker. Under pandemien i 2020 sette nordmenn ny panterekord: 95 prosent av alle flasker og boksar vart panta.

Mykje over éin milliard boksar og flasker vart panta i Noreg i 2020. Mange tusen tonn med aluminium, plastflasker og plastsekkar vart resirkulerte. Alt dette takka vere panteordninga som starta i 1902.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

1904: Kunstgjødsel

For at vi skal dyrke mat, må plantane få næring. Mykje av næringa får plantane frå nitrogen i jorda. Det er avgrense med nitrogen i jorda, og då var det to norske oppfinnarar som fann på noko lurt. Dei klarte å hente nitrogen frå lufta ved å lage ein elektrisk omn. Lufta består av nesten 80 prosent nitrogen, så der er det meir enn nok med nitrogen. Oppfinnarane var Kristian Birkeland og Sam Eyde.

Oppfinninga blir kalla kunstgjødsel og inneheld berre den næringa som plantane treng. Ulempa er at næringsstoffa lett blir vaska bort om det regnar.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Kristian Birkeland studerer stråling fra solen i sitt «verdensrom», som han bygget omkring år 1900 til eksperimenter omkring nordlysteorien
Kristian Birkeland studerer stråling fra solen i sitt «verdensrom», som han bygget omkring år 1900 til eksperimenter omkring nordlysteorien

1923: Gassturbinen

Jens William Ægidius Elling fann opp gassturbinen. Ein turbin har roterande motorar som mellom anna blir brukte på fly.

Den aller første gassturbinen.
Den aller første gassturbinen.

1925: Ostehøvelen

Thor Bjørklund fann opp ostehøvelen og fekk patent på han. I 1927 starta han verdas første ostehøvelfabrikk på Lillehammer.

I dag heiter firmaet berre Bjørklund. Dei har laga over 50 millionar ostehøvlar som blir brukte over heile verda.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Produksjon av ostehøvler fra Bjørklund
Produksjon av ostehøvler fra Bjørklund

1928: Skibindingen Rottefella

Bror With var ikkje fornøyd med bindingane på skia sine. For å gå betre på ski under ein konkurranse, kom han på ideen som vart til Rottefella. Bindingen vart populær over heile verda.

Bror With oppfant rottefella skibindinger

1929: Sprayboksen

Erik Rotheim fann opp sprayboksen. Dessverre vart det ingen suksess for han. Dysa der sprayen kom ut, tetta seg. Det vart for dyrt å lage ei betre dyse. I 1940-åra vart oppfinninga selt til eit amerikansk firma. Etter det vart det selt sprayboksar over heile USA.

Erik Rotheim sin patent sammen med aerosolboksen eller sprayboksen som den heter i dag.
Erik Rotheim sin patent sammen med aerosolboksen eller sprayboksen som den heter i dag.

1953: Bergans beremeis

Ole F. Bergan fann først opp ein ryggsekk med meis. Beremeisen hadde metallrøyr langs sidene og gjorde det meir behageleg å bere sekk.

Så fann han opp ein beremeis som barn kunne sitje oppi. Dermed kunne små barn òg vere med på tur.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Bæremeis fra 1953
Bæremeis fra 1953

1957: Pandrol E-clip

For å feste jernbaneskjener til betongklossar fann Per Devold Pande-Rolfsen opp noko smart. Han kalla det for Pandrol E-clip. Ingen i Noreg var interesserte i oppfinninga, men Pande-Rolfsen utvikla henne vidare i England. For kvar E-clip som vart laga, fekk han eitt øre. Han vart mangemillionær.

Patenttegning av pandrolen
Pandrol for å feste jerbanesviller til sviller i betong
Pandrol for å feste jerbanesviller til sviller i betong

1969: Stretch-sokkar

Bedrifta Devold vart verdas første til å tilby sokkar med stretch. I 1969 fann dei nemleg ut korleis dei kunne sy strikk inn i garnet.

Devold patent på å sy strikk inn i stoff
Papirtekstur, gammelt papir
Papirtekstur, gammelt papir

Med den nye oppfinninga kunne ein sokk passe mange fleire. Oppfinninga vart ein suksess, og Devold hadde patent i over 20 land. Sidan har dei selt mange millionar sokkepar. Du kan jo prøve å finne ut kor mange.

Devold ullsokk
Papirtekstur, gammelt papir
Papirtekstur, gammelt papir

1967: Lakkeringsrobot

Firmaet Trallfa Robot fann opp roboten «Ole». Han hadde ein bevegeleg arm som kunne spraye jamt og raskt. Oppfinninga gjorde det mykje enklare å lakkere bilar.

Trafalla lakkeringsrobot Ole
Trafalla lakkeringsrobot Ole

1972: Tripp Trapp-stolen

Møbelprodusenten Stokke AS fann opp ein stol som kunne justerast etter storleiken på barnet. Det var oppfinnaren sine eigne barn som inspirerte han. Den gjorde det mykje enklare for barna å sitje ordentleg ved bordet.

Sidan 1972 har Stokke AS selt over 13 millionar Tripp Trapp-stolar. Stolen vart i 2017 kåra til tidenes beste norske design. Stolen er utstilt på museum over heile verda.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Tripp trapp stolen fra stokke, som vokser i takt med barnet.
Tripp trapp stolen fra stokke, som vokser i takt med barnet.

1980-talet: Oljeteknologi

Nesten alle store oppfinningar på 1980-talet handla om teknologi for å hente ut olje under dei tøffe forholda i Nordsjøen. Mange oppfinningar løyste utfordringar på havbotnen og på oljeplattformer.

1987: GSM-nettet

I dag bruker meir enn 85 prosent av alle mobiltelefonar i verda GSM. Det er teknologi som mobiltelefonane bruker for å «snakke saman».

Mobilane både sender og hentar signal frå basestasjonar. Dette er ofte ei mast eller eit høgt tårn i nærleiken av der du er. Det var Torleiv Maseng som fann opp dette systemet.

I starten var det 15 europeiske land som brukte GSM. USA og resten av verda kom snart etter. Ingen i Noreg brukte nok pengar til å utvikle GSM vidare. Teknologien vart dermed overteken av svenske Ericsson og finske Nokia.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Maseng blir intervjuet av aftenposten.
Maseng blir intervjuet av aftenposten.

2005: Båtar med X-BOW-design

Dei fleste skip har ein baug som vender utover. Ulstein Design & Solutions fann opp ein baug som vende innover. Designet vart kåra til “årets ingeniørbragd”.

At baugen er vend innover, gjer det meir behageleg å reise. I tillegg bruker skipet mindre drivstoff når det er store bølgjer.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Ulike typer Ulstein X-bow
Ulike typer Ulstein X-bow

2012: Verdas minste drone

Verdas minste drone vart utvikla av Petter Muren og Prox Dynamics. Han veg berre 18,5 gram!

Dronane vart mellom anna kjøpte inn av forsvaret og politiet.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Verdens minst drone - Black hornet
Verdens minst drone - Black hornet

Noregs patentkonge

Per Olav Haughom har flest patent i Noreg. Han har utvikla 39 patent! Mange av dei blir brukte i oljeindustrien, i graveutstyr og i tunnelutstyr.

Per Olav Haughom, oppfinner.
Per Olav Haughom, oppfinner.

Er du ein oppfinnar?

Er du ein oppfinnar? Kanskje du blir skaparen av den neste store norske oppfinninga?

Tenåringsjente med håndtegnede spørsmålstegn over hodet.
Tenåringsjente med håndtegnede spørsmålstegn over hodet.

Kjelder:

  • Brekke Rabben, Magne; Arntzen, Jon Gunnar: Erik Rotheim i Store norske leksikon på snl.no.
    Henta 9. juni 2022 frå https://snl.no/Erik_Rotheim
  • Devold Tekstilmuseum (28.04.2022)
    📞 Samtale med Ole Andreas Devold (ekspert ved museet)
  • Kiran, Ketil; Linder, Mats: Tripp Trapp i Store norske leksikon på snl.no.
    Henta 9. juni 2022 frå https://snl.no/Tripp_Trapp
  • Stokke AS (04.04.2022) Salgstall for Tripp Trapp, april 2022
    📞 Samtale med Camilla Istre (Marketing Manager Nordics)
Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Bilde- og videorettar:

    1. Infinitum.no / Katrine Lunke
    2. Getty Images
    3. Unsplash.com / Johan Vaaler
    4. Getty Images
    5. Getty Images
    6. Unsplash.com
    7. Getty Images
    8. Ukjent / Norsk Teknisk Museum
    9. Norsk Teknisk Museum
    10. Bjorklund1925.no
    11. Riksarkivet (National Archives of Norway)
    12. Agricultural Research Service / Erik Rotheim
    13. Gudbrandsdalsmusea
    14. Getty Images / Per Devold Pande-Rolfsen
    15. Olaf Andreas Devold
    16. Devold.no
    17. Trallfa.no
    18. Stokke, Design: Peter Opsvik
    19. Getty Images
    20. Forsvarets forskningsinstitutt
    21. Ulstein.com
    22. Forsvaret
    23. Eirik Helland Urke
    24. Getty Images