Teknologi som kan redde planeten vår 

Etter nesten 200 år med forbruk av fossilt brensel, begynner vi no å sjå skadeverknadene på jorda. Økoteknologi – såkalla grøn teknologi – kan by på løysingar som kan bremse eller snu denne utviklinga, og styre oss vekk frå bruken av kol, olje og naturgass.

Transport 

Grøn teknologi skal sørgje for at vi framleis kan køyre, sjølv når vi må gi opp diesel og bensin. Drivstoffet som driv sola, altså hydrogen, kan vere eit brukbart alternativ. Og elektriske bilar blir stadig meir populære.

Brenselcellebilar

Bilar utstyrt med brenselcelle er elektriske, men har ikkje batteri. Istaden kan vi fylle dei med hydrogen på ein fyllestasjon, og hydrogenet blandar seg med oksygen frå lufta for å produsere elektrisiteten som driv motoren. Fordelen med hydrogenbilar er at det einaste som kjem ut av eksosrøyret, er vassdamp.

Men hydrogen har ulemper også. Rundt 95 prosent av amerikansk hydrogen er laga av naturgass, som er eit fossilt brensel. Reinare metodar er ikkje i nærleiken av å vere like effektive. Hydrogen er også eit farleg stoff, noko ulukka med luftskipet «Hindenburg» var eit godt døme på. Det er ikkje enkelt å sørgje for at hydrogenet er lagra trygt når ein bil bevegar seg i høg fart langs vegen.

All teknologi har begrensingar, men brenselcellebiler kan likevel bli viktige i framtida. Ei rekkje hydrogenfyllestasjonar blir bygde rundt i Europa, slik at ein kan leggje til rette for bruk av brenselcellebilar.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

Elbilar  

Elbilar blir stadig meir populære. Det globale salet har auka mykje, og Bloomberg har spådd at det innan 2040 kjem til å vere selt 400 millionar nye elbilar. 

Potensiell CO2-reduksjon innan 2050

Noreg viser veg 

Noreg er eit av dei leiande landa når det gjeld elbil, og stadig fleire vel el og hybrid framfor bensin og diesel når dei skal kjøpe ny bil. Over 42 prosent av alle selde bilar i Noreg i 2019 var nullutsleppsbilar. Men også andre framkomstmiddel er på veg mot ein meir miljøvennleg profil. Stadig fleire tog rundt om i verda blir elektriske. 

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Historia til elbilen

Kraft 

Vi treng også meir miljøvennlege måtar å skaffe straum til husa våre på.

Fornybar energi 

Jorda inneheld enormt mykje energi. Å utnytte så mykje av han som mogleg, kan vere ei løysing. 

Vindkraft

Vindmøller står i dag for 3,7 prosent av elektrisiteten på jorda, Det blir investert stadig meir i vindmøller til sjøs. I 2016 vart det investert rundt 242 milliardar kroner, noko som er 40 prosent meir enn året før.

Tidevasskraft

Tidevatnet kjem og går to gongar i døgnet, og det inneheld mykje energi. Denne energien har vore vanskeleg å utnytte, men ny teknologi har gjort det lettare. Ifølgje ei undersøking frå 2001, utført av World Energy Council, er potensialet i tidevatnet ved kysten av USA over 450 gigawatt. Det er 25 prosent av det totale behovet for straum.

Geotermisk kraft

Å vere busett ved ein vulkan kan by på utfordringar, spesielt under utbrot. Men land som Island og Japan bruker desse varmekjeldene til å lage elektrisitet. Geotermisk kraft er miljøvennleg, billig og påliteleg, og fungerer ved at ein pumpar vatn under overflata, der dei høge temperaturane gjer vatnet om til damp.

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt

Kva er fornybar energi? 

Heimeløysingar 

Å lage straum i din eigen heim er ikkje berre effektivt – du kan spare pengar på det også. 

Mikrogenerering 

Det eksisterande systemet med nasjonale nettverk og gigantiske, sentraliserte kraftverk er mindre effektive enn eit mikrogenereringssystem, der vi alle genererer noko av vår eigen straum og betaler for forskjellen mellom det vi skaper sjølve og det vi bruker.

Solkraft 

I California, Spania og Japan er solkraft allereie billigare enn nettstraum store delar av året. I Europa og Kina er det sett i gong finansieringsløysingar som skal få oss til å bruke meir solkraft. Nokre selskap har utvikla ein spesiell type glas som kan lage straum av sollys. Desse kan brukast som vindauge og takvindauge eller til og med som fortau. Solkraft passar godt til å varme opp og kjøle ned huset du bur i. Strålane til sola kan brukast til å varme opp vatn, mens soldrivne varmepumper kan gi kjøling. 

Geotermisk varmepumpe 

Liknande teknologi kan brukast til å hente varme frå bakken. Temperaturen under overflata held seg mellom 7 og 24 grader året rundt. Om vinteren kan ein trekkje opp varme, og om sommaren kan varmen sendast ned. Systema er dyre å montere, men du vil spare mange tusen kroner på straumrekninga i det lange løp.

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt

Kjernekraft 

Kjernekraft har hatt eit litt dårleg rykte. Fisjons­kraftverk, der atom av uran eller plutonium blir delte opp, produserer store energimengder med så godt som null karbonutslepp. Men dei er dyre å byggje og produserer farlege avfallsprodukt. Skjer det ei ulykke, kan det også få katastrofale konsekvensar.

Thoriumreaktorer  

Men det finst ein annan type kjernekraft som ikkje har nokre av desse ulempene. Thoriumreaktorar er enklare i drift og har vore moglege å lage i fleire tiår. Teknologien vart sett til side under den kalde krigen, fordi han ikkje kan brukast til å produsere materiala som trengst til atomvåpen. Men fleire land har no begynt å byggje prøvereaktorar.

Kjernefysisk fusjon  

Den aller beste løysinga for energiproduksjon er likevel kjernefysisk fusjon. Mens tradisjonell kjernekraft skaper energi ved å dele opp atom, smeltar fusjon dei saman, på same måten som i sola. Problemet er at ingen enno har greidd å skape meir energi enn det som krevst for å starte og oppretthalde fusjonen. Viss vi greier å løyse dette problemet, kan vi få tilgang til meir rein, grøn energi enn vi nokon gong kjem til å få bruk for.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

Kogenerasjon og fjernvarme  

Mange byar og kommunar i dei nordiske landa brenner søppel for å få varme og straum. Med dette systemet har Sverige greidd å oppnå ei attvinningsgrad på 99 prosent. Dei kjøper til og med søppel frå nabolanda for å drive dei kombinerte varme- og kraftanlegga sine. I nokre tilfelle har desse anlegga 80 prosent effektivitet, noko som betyr at mindre drivstoff går med for å produsere den same mengda nyttig energi som i tradisjonelle kraftverk. 

Det fungerer på fleire skalaer også, frå store nettverk av varmtvannsrøyr som varmar opp heile byar, til mindre system som varmar opp ein bygning og gir elektrisitet.

Dampsystemet i New York i USA blir brukt til å varme opp 100 000 hus, og nokre få andre amerikanske byar har planlagt å installere tilsvarande system.  

Potensiell CO2-reduksjon i energiproduksjon innen 2050

Kva er fornybar energi? 

Kjelder:

  • Den vitenskapelige guiden til jordens framtid (2018)
    Orage Forlag AS

Bilet- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. iStock
    4. Getty Images
    5. NRK
    6. Getty Images
    7. Getty Images
    8. NRK
    9. Getty Images
    10. Getty Images
    11. Getty Images
    12. Beyond My Ken (CC BY-SA 4.0)
    13. NRK