Sex i mente:

Onani

Å onanere er fint og viktig for dei fleste av oss. Det er heilt naturleg og noko mange gjer.

Å onanere er rett og slett å gi deg sjølv seksuell nyting. Sex med deg sjølv, altså. Onanering er sunt, herleg og ein fin måte å utforske kroppen sin på, slik at du finn ut kva du liker.

En illustrert figur som er naken nedentil og studerer penisen sin.
En illustrert figur som er naken nedentil og studerer penisen sin.

Korleis onanerer ein?

Når ein onanerer, tek ein på kjønnsorganet sitt, slik at det kjennest godt. Å onanere kan vere både herleg og spennande. Det er mange ulike måtar å onanere på. Ein kan onanere ved å ta på, stryke, gnikke, massere, presse eller klemme ulike område på og rundt kjønnsorganet sitt.

Vulva, vagina og klitoris

Klitorishovudet er den ytste delen av klitoris. Det har mange tusen nervar. Derfor er klitoris kjenslevar for berøring. Dette er det einaste organet i kroppen som vi har berre for å ha det herleg.

Ein kan gni eller massere klitoris framme eller på sidene. I tillegg kan ein massere skjedeopninga og kjønnsleppene. Nokon liker også å ta ein eller fleire fingrar inn i skjeden, gjerne samtidig som at klitoris blir stimulert. Ein kan også bruke hjelpemiddel, som vibrator.

Slik ser klitoris ut: Sjå illustrasjon

Visste du at klitoris er langt større enn berre det synlege klitorishovudet? I tillegg til hovudet, som blir dekt av forhud, består klitoris av to klitorisbein og to svamplekamar som ligg skjult.

Lêr meir om klitoris i denne filmen:

Penis 

Penishovudet er også veldig kjenslevart. Mange onanerer ved å halde rundt penis og dra handa fram og tilbake over penis og penishovudet, slik at forhuda blir ført fram og tilbake. Om ein er omskoren, slik at forhuda er operert bort, kan ein bruke fingrane eller handflata på penishovudet. Det kan vere lurt å ta litt glidekrem eller babyolje i handa, slik at det kjennest mjukare og handa glir betre.

Erogene soner

Vi har fleire erogene soner på kroppen som det er godt å berøre. Døme på slike område er munnen, øyreflippane, nakken, brystvortene, rumpa, mellom låra, føtene, tærne, g-punktet, prostata, klitoris og penis.

Desse kan ein også utforske når ein onanerer. Slik finn ein ut kva delar av kroppen det er ekstra herleg å stryke og kile på eller å massere.

Seksuelle fantasiar

Nokre fantaserer samtidig som dei onanerer. Ein kan sjå for seg bilde, handlingar eller situasjonar som ein blir kåt av. 

Forrige avsnitt

1 / 6

Neste avsnitt

Kor ofte er det vanleg å onanere?

Det varierer kor ofte ein onanerer.  Somme onanerer kvar dag, nokre fleire gonger i veka eller kvar månad. Andre onanerer ein sjeldan gong eller aldri. Derfor er alt mellom aldri og dagleg normalt.

Kvifor onanerer ein?

Ein onanerer først og framst fordi det kjennest godt. I tillegg kan ein få utløysing og orgasme. Orgasme gir ei herleg kjensle.

Når ein nærmar seg orgasme, blir det sendt nytingssignal til hjernen. Hjernen lagar dopamin, eit stoff som gjer deg lykkeleg og glad. Hjernen lagar også «kjærleiks- og nærleikshormonet» oksytocin. Sjølve orgasmen er samantrekkingar i muskulaturen i og rundt kjønnsorganet. Det er dette som kjennest herleg.

Ein kan også onanere for å lære meir om seg sjølv. Det er fint å bli kjend med seg sjølv før ein har sex med andre. Å onanere er ein heilt normal måte å utforske kroppen på og oppdage kva som kjennest godt.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Onanere åleine eller saman?

Det vanlegaste er å onanere åleine, ofte på rommet sitt eller i dusjen heime. Her kan ein utforske seg sjølv i fred og ro.

Det er ikkje lov å onanere framfor nokon som ikkje har samtykt til det. Det er heller ikkje greit å onanere ein stad der det kan komme inn nokon som ikkje ønskjer å sjå onaneringa.

Ein kan også onanere andre eller kvarandre.

Å onanere kvarandre kan vere ein fin måte å bli kjend med kva den andre liker av berøringar. Hugs at dette krev samtykke, som alle andre former for sex med andre.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
To illustrerte figurer som er nakne nedentil. En mann og en kvinne.
To illustrerte figurer som er nakne nedentil. En mann og en kvinne.

Kan onanering vere skadeleg?

Det korte svaret er: «Nei, det er verken farleg eller skadeleg å onanere.»

Men for nokon er onanering knytt til skam: Dei kjenner at dei gjer noko syndig på grunn av religiøs tru.  Somme kjenner dei gjer noko forbode fordi dei opplever det som vanskeleg å snakke om onanering i kulturen sin.

Då er det viktig å hugse at onanering verken er flaut eller forbode, men heilt normalt.

Dersom ein onanerer så mykje at det går ut over andre viktige ting i livet, kan onanering bli problematisk. Til dømes om ein onanerer så mykje at det går ut over lekser, fritidsinteresser eller det å vere saman med andre.

Då kan det hjelpe å snakke med nokon. Ta kontakt med Helsestasjon for ungdom, fastlegen din, helsesjukepleiaren på skulen eller ein annan vaksen du stoler på. Du kan også skrive til ung.no. Det er heilt anonymt.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Kvifor er det positivt å onanere?

Onanering er ein fin og trygg måte å bli kjend med seg sjølv og kva ein liker. I tillegg er faktisk onanering positivt for helsa vår. 

Når ein onanerer, aukar puls og blodtrykk. Hjertemuskelen blir brukt aktivt og blodgjennomstrøyminga aukar. Dette styrkjer hjartet og krinsløpet. 

Når ein får orgasme, blir det også frigjort ei rekkje stoff som verkar positivt.

Dopamin gjer at vi kjenner oss oppstemte og lykkelege. Det set også i gang påskjønningssystemet i hjernen, slik at ein har lyst til å gjere det igjen. Endorfin verkar smertelindrande, avslappande, gir oss velbehag og gjer oss søvnige. Det vi kallar kjærleikshormonet, oksytocin, blir òg utløyst. Dette gjer det lettare for oss å knyte oss kjenslemessig til ein partnar.

Når ein onanerer, vert det også skilt ut adrenalin, som får hjartet til å slå raskare, og vi får ekstra energi.

For gutar og menn kan jamleg utløysing minske risikoen for kreft i testiklar og prostata.

Sjølv om det er mange positive sider ved å onanere, er det viktig å understreke at ein berre skal gjere det om ein har lyst og det gir glede. Ingen skal tvinge nokon til å onanere. Men om ein har lyst, har ein lov. Då er det fint å vite at onani er både normalt og sunt.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

Oppsummering

For å samanfatte: Onanering er sunt, det kan vere herleg og spennande, og det er ein fin måte å utforske og bli kjend med sin eigen kropp på. Å onanere kan gjere deg tryggare på kva som tenner deg, kva du liker, og korleis du kan oppnå seksuell nyting. Det er også ein fin måte å gi andre nyting på, når ein er klar for det.

Close Icon

Loading...