Kva er sjølvbilde?

Sjølvbilde handlar om korleis du ser på deg sjølv, både på innsida og utsida. Kva du tenkjer om dine eigne evner, utsjånaden din,  personlegdommen din, og korleis du trur andre oppfattar deg. Eit positivt sjølvbilde betyr at du føler deg bra nok og verdifull og at du er stolt over kven du er.

Å byggje eit godt sjølvbilde er viktig fordi det påverkar  sjølvtilliten din, beslutningane dine og korleis du handterer utfordringar i livet. Eit sterkt sjølvbilde hjelper deg å vere optimistisk, møte nye menneske, prøve nye ting og stå opp for deg sjølv.

Kort sagt, sjølvbilde er den indre stemma som fortel deg om du er “god nok” i dei ulike situasjonane i livet.

Kompetansemål i utdanningsval

I faget utdanningsval lærer du å forstå og utvikle sjølvbildet ditt. Dette er viktig for å:

  • ta gode val for framtida: Eit godt sjølvbilde hjelper deg å velje utdanning og yrke som passar for deg.
  • meistre livet: Kjenner du dei sterke sidene dine og korleis du ser på deg sjølv, kan du bruke dette til å ta betre val og meistre ulike situasjonar i livet.
Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
En gutt med superhelt drakt ser seg selv i speilet
En gutt med superhelt drakt ser seg selv i speilet

Sjølvbilde, sjølvkjensle
og sjølvtillit

Desse orda ser kanskje  like ut, og dei heng saman. Men dei har ulik betydning. 

Tenk på deg sjølv som ein superhelt. Du har di eiga unike drakt (sjølvbildet ditt), dine eigne superkrefter (sjølvkjensla di), og ditt eige mot til å møte skurkar (sjølvtilliten din).

Sjølvbilde: Sjølvbildet ditt er som drakta di. Det viser korleis du ser deg sjølv, både på innsida og utsida. Når du ser i spegelen, tenkjer du kanskje på hårfargen din, kor høg du er eller kva du er god til. Alt dette er delar av sjølvbildet ditt. Viss du har eit godt sjølvbilde, liker du den du er og er stolt av deg sjølv!

Sjølvkjensle: Sjølvkjensla er di indre superkraft. Det handlar om kva du føler om deg sjølv på innsida. Har du ei god sjølvkjensle, føler du deg verdifull og veit at du fortener å bli behandla med respekt og kjærleik. Sjølvkjensla di hjelper deg å føle deg bra, sjølv dei dagane då alt går gale.

Sjølvtillit: Sjølvtilliten er motet ditt. Det viser kor mykje du trur på deg sjølv og  evnene dine. Tenk deg at du skal presentere noko for klassen. Viss du har god sjølvtillit, er du ikkje redd for å stå framfor alle og snakke. Du veit at du kan gjere det bra, og går det dårleg, så veit du at du er god til så mykje anna. 

Korleis heng desse saman?

Alle desse tre: sjølvbildet, sjølvkjensla og sjølvtilliten, arbeider saman for å gjere deg til den superhelten du er. Viss du er fornøgd med korleis du ser ut og kven du er (sjølvbildet), og du veit at du er ein super person (sjølvkjensla), så er sjansane større for at du vil vere modig og prøve nye ting (sjølvtilliten).

Nokre gongar kan ein av desse kjennest litt svakare, og det er heilt ok. Det er då du kan øve deg på å styrke dei, akkurat som ein superhelt trener kreftene sine. Kanskje du kan øve deg på å seie noko fint om deg sjølv kvar dag, eller prøve noko nytt for å vise deg sjølv at du kan!

Hugs at alle er ulike, og det er det som gjer kvar og ein av oss til ein fantastisk person.

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt
En gjeng unge løper etter en fotball i gata
En gjeng unge løper etter en fotball i gata

Ønsker du å lese hele artikkelen?

Ved å logge inn får du full tilgang til artikkelen, samt Lærerrommet med engasjerende læringsstier og oppgaver du kan bruke i undervisningen.

Logg inn med Feide

Ønsker du å prøve ut fullversjonen av Skolerom?
Kontakt oss her!