Eit nytt kapittel i livet

Livet er som eit eventyr, fullt av spennande moglegheiter som formar kven du blir. Kvar moglegheit gir rom for vekst og utvikling, akkurat som kapittel i ei bok eller episodar i ein serie.

Kvart kapittel er ein del av det unike eventyret ditt. Sjå på kvar forandring som ei moglegheit til å lære, vekse og bli ein betre versjon av deg sjølv. Det er du som bestemmer korleis livet ditt skal bli, og det er du som tek avgjerdene som formar framtida di.

La oss sjå nærare på nokre av dei viktigaste vala du må ta, og korleis du kan takle dei med sjølvtryggleik og optimisme.

Hjelp, eg skal begynne på vidaregåande!

Når du begynner på vidaregåande, opnar du døra til ei heilt ny verd,  med nye utfordringar og moglegheiter. Vidaregåande skule er ein stad for læring og personleg utvikling.

No skal du velje kvar du skal gå på skule, og kva slags utdanning du skal ta. Kanskje du må flytte fordi skulen du har lyst til å gå på, ligg for langt unna til at du kan reise fram og tilbake kvar dag?

Du skal møte nye lærarar, få nye fag og kanskje til og med nye venner. Du står midt i ei tid der du skal utforske nye interesser og begynne å tenkje på moglege karrierevegar.

Sjølv om det kan verke skremmande, er det òg ei utruleg spennande tid. Tenk på alle dei nye tinga du kjem til å lære!

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
En jente går målrettet nedover gata
En jente går målrettet nedover gata

Ønsker du å lese hele artikkelen?

Ved å logge inn får du full tilgang til artikkelen, samt Lærerrommet med engasjerende læringsstier og oppgaver du kan bruke i undervisningen.

Logg inn med Feide

Ønsker du å prøve ut fullversjonen av Skolerom?
Kontakt oss her!