Paprika er ei C-vitaminbombe!

Paprika er noko av det sunnaste du kan ete. Det inneheld tre gongar så mykje C-vitamin som ein appelsin! Mange synest paprika smaker godt òg – spesielt på ei brødskive med gulost. Viss du synest paprika smaker sterkt, vent til du har smakt chili ...

Accessibility icon Paprika er ei C-vitaminbombe!

Paprika på brødskiva!

Du bør ha godt med paprika på brødskiva fordi det inneheld mykje C-vitamin. Faktisk inneheld raud paprika tre gongar så mykje C-vitamin som appelsinar.

C-vitamin treng vi tilførsel av kvar dag, fordi det er med på å halde bindeveva og organa til kroppen saman. Mangel på C-vitamin kan føre til alvorlege helseskadar.

I tillegg inneheld paprika mykje A-vitamin som er viktig for synet og huda. Paprika inneheld òg mykje kostfiber som er bra for fordøyinga.

Paprika kan vera raud, grøn eller gul – og dei er litt ulike i smak og næringsinnhald.

Rød paprika
Rød paprika

Krydder, frukt eller grønsak?

Paprika kjem opphavleg frå Sør-Amerika, men blir i dag dyrka i store delar av Europa. Det ungarske kjøkkenet bruker spesielt mykje paprika.

Den blir ofte brukt som krydder eller grønsak, men i botanisk forstand er paprika ei frukt.

📷  Ungarsk gulasj med kjøt, rotgrønsaker og paprika.
Ungarsk gulasj
Ungarsk gulasj

Ønsker du å lese hele artikkelen?

Ved å logge inn får du full tilgang til artikkelen, samt Lærerrommet med engasjerende læringsstier og oppgaver du kan bruke i undervisningen.

Logg inn med Feide

Ønsker du å prøve ut fullversjonen av Skolerom?
Kontakt oss her!