Pengar veks ikkje på tre!

Har du høyrt dette bli sagt nokon gong? Mange vaksne liker av ein eller annan grunn å bruke dette uttrykket.

Accessibility icon Pengar veks ikkje på tre!

Nei, pengar veks
ikkje på tre

Det er det jo ingen som nokosinne har trudd! Kvifor blir dette uttrykket brukt så ofte då, og kva meiner dei som seier det eigentleg? 

Det hadde vore topp om det verkeleg voks pengar på tre, at det fanst uavgrensa med pengar som kom dalande ned i lommen, som lauv frå trea. Utan at ein trong å gjere noko for dei!

Sånn er det jo ikkje for dei aller, aller fleste av oss. Vi kan ikkje alltid få alt vi peikar på, eller rekne med at nokre andre skal dekkje alle kostnadene våre. Vi må jobbe og spare sjølve for å kjøpe det vi har lyst på.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Sparing

Får du pengar i gåve på bursdagar eller i samband med høgtidsfeiringar? Jobbar du ved sida av skulen eller har sommarjobb? Eller kanskje du får vekelønn eller månadslønn for å hjelpe til heime? Kva gjer du med desse pengane?

Eit godt råd er å prøva å spare litt av pengane dine. Det kan vere lurt å setja pengane på ein eigen sparekonto. Han har ofte ei litt høgare rente enn det vi kallar for brukskonto. Det betyr at pengane dine veks raskare på ein sparekonto.

Det er ein god idé å starte å spare så tidleg som mogleg, og det er alltid betre å spare litt enn ingenting i det heile. Kva synest du det er lurt å spare pengar til?

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

Ønsker du å lese hele artikkelen?

Ved å logge inn får du full tilgang til artikkelen, samt Lærerrommet med engasjerende læringsstier og oppgaver du kan bruke i undervisningen.

Logg inn med Feide

Ønsker du å prøve ut fullversjonen av Skolerom?
Kontakt oss her!