Pengar veks ikkje på tre

Veks det pengar på tre? Korleis kan du få tak i pengar viss det er noko du ønsker deg?

Accessibility icon Pengar veks ikkje på tre

Pengar veks ikkje på tre

Når nokon trur at pengar veks på tre, så trur dei at dei kan bruke så mykje pengar dei vil. Dei trur at pengane berre kjem av seg sjølve , slik som lauv fell frå trea – og at ein ikkje treng jobbe for å få dei.

Men ein kan ikkje alltid få alt ein peikar på, eller rekne med at foreldre skal betale for alt.

Det er ikkje alltid ein kan kjøpe alt ein har lyst på, berre fordi venner kjøper eller ein ser bilde i ulike medium.

Kanskje må ein jobbe og spare sjølv. Til slutt kan ein kjøpe det ein har lyst på eller spare for framtida.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Sparing

Får du pengar i gåve på bursdagar eller i samband med høgtidsfeiringar? Jobbar du ved sida av skulen eller har sommarjobb? Eller kanskje du får vekeløn eller månadsløn for å hjelpe til heime?

Desse pengane bør du spare ein del av, framfor å bruke dei på ting du kanskje ikkje har bruk for.

Dei fleste sparer pengar på ein eigen konto i banken som blir kalla sparekonto.

Pengane som du sparer, kan du bruke seinare til ting du har bruk for eller som du ønskjer deg.

Tenk på at du seinare i livet kanskje treng pengar til utdanning og bustad. Då bør du begynne å spare no.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

Ønsker du å lese hele artikkelen?

Ved å logge inn får du full tilgang til artikkelen, samt Lærerrommet med engasjerende læringsstier og oppgaver du kan bruke i undervisningen.

Logg inn med Feide

Ønsker du å prøve ut fullversjonen av Skolerom?
Kontakt oss her!