Pluto – ein dvergplanet

Pluto blei rekna som vår niande planet i solsystemet i mange år, men i 2006 blei det bestemt at Pluto skulle bli kalla ein dvergplanet. Då hadde astronomane funne mange andre like store lekamar i solsystemet, og me kunne ikkje kalla alle dei for planetar også. Runde dvergplanetar som går i bane rundt sola utanfor Neptun, blir no kalla for plutoidar.

Fakta om Pluto

  • Pluto har god tid. Han brukar 248 år på eitt omløp rundt sola. Bana er veldig avlang, og to gonger i løpet av dette omløpet er Pluto faktisk nærmare sola enn Neptun.
  • Pluto har fem månar. Charon er størst, og dei mindre månane heiter Nix, Hydra, Styx og Kerberos.
  • Døgnet på Pluto varar i over 153 timar. Pluto er uvanleg fordi han roterer rundt seg sjølv med klokka, medan han beveger seg mot klokka i bana rundt sola.
  • Pluto er ein ny type planet. Det er verken ein stein- og metallplanet eller ein gassplanet, men ein isdverg. Slike er det mange av lengst ute i solsystemet.
  • Den svært avlange bana til Pluto gir store variasjonar mellom årstidene på Pluto, og dette forandrar også overflata. Pluto er raudaktig, men ikkje så raud som Mars. Pluto blei raudare frå 2000 til 2002, og andre nyansar av oransje, svart og kvitt har også vore sett.
  • Overflata til Pluto har større kontrastar enn nokon av planetane i det ytre solsystemet. Overflata har store isfjell, og det kan vera eit hav under isen.
Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
3D illustrasjon av Pluto
3D illustrasjon av Pluto

Ønsker du å lese hele artikkelen?

Ved å logge inn får du full tilgang til artikkelen, samt Lærerrommet med engasjerende læringsstier og oppgaver du kan bruke i undervisningen.

Logg inn med Feide

Ønsker du å prøve ut fullversjonen av Skolerom?
Kontakt oss her!