KROPP OG SEX MED EIRIK:

Feik eller fakta?

Kva er feik, og kva er ekte?
Korleis kan vi vite kva som er verkeleg viss vi ser på porno først?

Sex i mente illustrert med emojis og et bilde av Eirik.
Sex i mente illustrert med emojis og et bilde av Eirik.

Porno er ikkje ekte

Alle seier at porno ikkje er ekte. Men alle ser sex i pornoen. Så kva er ikkje verkeleg?

  • Vil dei eigentleg ikke gjere det framfor kameraet?
  • Feikar dei at det er godt?
  • Liker dei ikkje personen dei er med?
  • Viss ikkje nokon hadde filma. Ville dei da gjort det akkurat sånn og slik?
  • Utan kamera i rommet. Korleis ville dei då ha gjort det?
Illustrert figur med flere tankebobler over hodet
Illustrert figur med flere tankebobler over hodet

Vi ser og vi ser

Vi tenkjer ikkje over det vi ser når vi ser porno. Vi ser og vi ser. Så lukkar vi skjermen. Slettar kanskje søkjeloggen. Og forlèt pornoen. Vi ser på porno åleine. Alle er åleine om det. I eit lukka rom. Det er noko vi ikkje snakkar heilt ærleg om. Vi går inn. Vi går ut.

Det er vanskeleg å ikkje ta med seg vidare det vi har sett mange gongar. Pornoen blir låst inne på rommet. Utan å vere klar over det tek vi med oss pornoen ut.

Laptop som viser en stilisert illustrasjon av pornografi.
Laptop som viser en stilisert illustrasjon av pornografi.

Forventingspress

Vi ser opp til det vi ser mykje på. Det gjeld klede vi går med. Kva musikk vi høyrer på. Korleis vi snakkar. Vi lærer av andre. Vi gjer det vi trur blir forventa av oss.

Så kven er dei andre som skal lære oss om sex? Kven ser vi opp til? Kven er forbilde? I pornoen er dei veldig tydelege: Dei er hardhendte. Held lenge. Dei er store. Skrikande. Villige. Har mange vanskelege stillingar. Dei er to eller tre eller fire. Rørslene er raske.

Dei speler ikkje for kvarandre viss det berre er skodespel. Scena er for deg. Du som ser på. For at du ikkje skal klikke vidare. Gå lei. Slå av skjermen.

Personane ville ha lege meir i ro ved sex utan kamera. Inntil kvarandre. Nesten utan rørsler. Det er veldig kjedeleg å sjå på. Vanleg sex er ikkje så bra TV.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Fem fargerike figurer i en orgie.
Fem fargerike figurer i en orgie.

Det er viktig å sjokkere

Vanleg sex er ikkje bra TV. Derfor forandrar pornoen seg heile tida. Han vil vere uvanleg. Fange merksemda vår. Konkurrere mot alt som finst. Då er det viktig å sjokkere.

Har vi late det unormale vorte vanleg å sjå på? Korleis blir då det vi forventar?

Fersken-, splash- og squash-emoji.
Fersken-, splash- og squash-emoji.

Ikkje alle vil gjere alt

Ikkje alle vil gjere det dei trur dei vil. Dei finn det ikkje ut før dei er i situasjonen. Kanskje har du tenkt korleis du seier ja og ikkje nei. Og skjønner det kanskje ikkje før etterpå?

Kva om de ikkje har sett den same filmen? Den andre prøver på noko du ikkje såg for deg, utan å snakke om det først. Korleis seie nei då? Kva om forventingane dine ikkje stemmer med røyndommen?

Porno skjer for deg som ser på. Men det er ingen som ser på deg i røynda. Då er det berre du og den andre. Du treng ikkje å sjokkere eller imponere. Ikkje konkurrere om merksemda. Der er det rom for både å stoppe og gå vidare. Snakke. Lytte. Kjenne.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
To personer på en sofa. Den ene drar ned buksa på den andre, den andre prøver å forhindre det.
To personer på en sofa. Den ene drar ned buksa på den andre, den andre prøver å forhindre det.

Kva er det neste skrittet?

Vi snakkar ikkje mykje saman om kva som skal skje når to personar tungekysser. Når dei held kvarandre i hendene. Når dei tek av seg buksa eller behåen og ser opp. Alle har vore usikre på det neste skrittet. Kvar du skal leggje handa. Det gjer at du er forsiktig og nøler.

Kva gjer du no viss du er like usikker og har sett mykje porno åleine? Viss den andre trur du er sjølvsikker?

Då kan det hende du gjer noko den andre ikkje vil. Kanskje ville ikkje du heller gjere det. Du trudde berre den andre ønskte det.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
To personer som sitter på en sengekant.
To personer som sitter på en sengekant.

Kvifor tør vi ikkje snakke om det?

Forresten. Kvifor seier vi sjå på porno? Vi gjer jo ikkje det. Vi onanerer til porno. Kvifor tør vi ikkje snakke om det?

Kva skjer viss vi lukkar skjermen? Av og til. Og onanerer med auga lukka? Kva ville ha skjedd viss vi konsentrerte oss om å kjenne etter? Føle? Utan å måtte sjå på noko? Eller bli sjokkerte av alle rørslene?

Ville det då vorte meir ekte? Den dagen det er berre de saman i eit lukka rom?

En person som ser på porno på PC.
En person som ser på porno på PC.

Vil du vite meir, eller treng du nokon å snakke med?

Ta gjerne kontakt med helsesjukepleiar på skulen din eller med din lokale helsestasjon. På ung.no finn du ei liste over gratis chat- og telefontenester du kan ta kontakt med. Du kan vere anonym, og det kostar ingenting.

 

Skrive av Eirik Husby Sæther.

Illustrasjonar: Helene Brox
Redaktør: Line Hordvin

Kven er Eirik Husby Sæther?

Eirik er utdanna kriminolog. Kriminologi er læra om kvifor kriminalitet skjer. Han er òg politi som etterforskar straffbare handlingar. Det handlar ikkje berre om å finne ut kven som har gjort det, men kvifor. Samtidig som Eirik har jobba som politi, har han skrive bøker. Bøkene hans handlar stort sett om ein hovudperson som gjer noko gale, og dei prøver å vise kvifor personen gjorde dette.