KROPP OG SEX MED EIRIK:

Feik eller fakta?

I porno ser vi at nokon har sex. Men alle seier det ikkje er ekte. Er det sant? Eller kan ein sjå forskjellen på feik eller fakta?

Sex i mente illustrert med emojis og et bilde av Eirik.
Sex i mente illustrert med emojis og et bilde av Eirik.

Porno er ikkje ekte

Kan ein sjå forskjellen på feik eller fakta?

  • Vil dei ha sex framfor kamera?
  • Feikar dei at det er godt?
  • Liker dei personen dei er med?
  • Ville dei ha gjort ulike ting utan kamera?
  • Korleis ville dei då gjort det?
Illustrert figur med flere tankebobler over hodet
Illustrert figur med flere tankebobler over hodet

Vi ser og vi ser

Korleis ser du på porno? Det er vanleg å sjå åleine. Vi går inn og ser og ser. Og tenkjer ikkje på kva vi ser. Kanskje slettar vi søkeloggen. Vi tør ikkje vere ærleg om dette til andre.

Du kan ikkje slette det du har sett. Det blir i hovuda våre. Det blir med deg sjølv om du låser pornoen på rommet. Er du klar over det?

Laptop som viser en stilisert illustrasjon av pornografi.
Laptop som viser en stilisert illustrasjon av pornografi.

Forventingspress

Vi blir påverka av alt vi ser og høyrer mykje på. Vi trur andre meiner vi bør høyre rett musikk. Kle oss på riktig måte. Snakke likt.

Kven er dei andre du skal lære om sex av? Kven er førebilde? I pornoen er dei kraftige.  Dei er to eller fleire. Det er mange lydar. Litt mange rare stillingar. Raske rørsler.

Kven trur du dei gjer dette for? Seg sjølve? Nei. Det er for deg. Det er ikkje ekte. Det er berre skodespel. Det er laga så du ikkje skal gå lei. Men gjer det! Gå lei. Slå av skjermen.

Vanleg sex er heilt annleis. Personane er meir i ro. Utan mange rørsler. Det ville vorte meir kjedeleg TV.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Fem fargerike figurer i en orgie.
Fem fargerike figurer i en orgie.

Det er viktig å sjokkere

Så er vanleg sex kjedeleg TV då. Kva gjer pornoen for at vi skal sjå då? Jo, han forandrar seg heile tida. Konkurrerer om klikk. Gjer noko uvanleg. Sjokkerer.

Er det unormale vorte normalt? Kva forventar vi då av sex?

Fersken-, splash- og squash-emoji.
Fersken-, splash- og squash-emoji.

Ikkje alle vil gjere alt

Har du tenkt på kva du liker å gjere? Ikkje alle har det. Då kan ein lett gjere ting ein eigentleg ikkje ville. Noko ein ikkje skjønte før etterpå.

Sjå for deg dette. Du skal ha sex. Ein ny ting blir foreslått. Ikkje planlagt. Den andre har kanskje sett på porno. Vorte inspirert. Det har ikkje du. Skal du seie ja eller nei? Kva blir forventa av deg?

Porno blir laga for sjåarar. Ingen ser på at du har sex. Senk skuldrene. Du treng ikkje sjokkere eller imponere. Det er berre de. De kan stoppe. Gå vidare. Snakke. Lytte. Føle.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
To personer på en sofa. Den ene drar ned buksa på den andre, den andre prøver å forhindre det.
To personer på en sofa. Den ene drar ned buksa på den andre, den andre prøver å forhindre det.

Kva er det neste skrittet?

To som tungekysser. Held hender. Tek av buksa og behå og ser opp. Kva skjer då? Det blir det ikkje snakka så mykje om. Mange er usikre. Kvar skal eg leggje handa? Kva er neste skritt?

Kva gjer du viss den andre trur du er sjølvsikker? Og porno er alt du veit om sex?

Då er det lett å gjere ting den andre ikkje ville. Og kanskje heller ikkje du sjølv. Du berre trur den andre meiner du bør gjere det.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
To personer som sitter på en sengekant.
To personer som sitter på en sengekant.

Kvifor tør vi ikkje snakke om det?

Vi seier vi ser på porno? Gjer vi det? Nei. Vi onanerer. Det tør vi ikkje seie. Kva er grunnen til det?

Har du prøvd å lukke skjermen? Onanere utan å la deg sjokkere av rørslene? Utan å måtte sjå på noko? Berre lukke auga og kjenne etter? Føle?

Blir det meir ekte då? Kva med den dagen det berre er de to. Blir det òg meir ekte?

En person som ser på porno på PC.
En person som ser på porno på PC.

Vil du vite meir, eller treng du nokon å snakke med?

Ta gjerne kontakt med helsesjukepleiar på skulen din eller med din lokale helsestasjon. På ung.no finn du ei liste over gratis chat- og telefontenester du kan ta kontakt med. Du kan vere anonym, og det kostar ingenting.

 

Skrive av Eirik Husby Sæther.

Illustrasjonar: Helene Brox
Redaktør: Line Hordvin

Kven er Eirik Husby Sæther?

Eirik er utdanna kriminolog. Kriminologi er læra om kvifor kriminalitet skjer. Han er òg politi som etterforskar straffbare handlingar. Det handlar ikkje berre om å finne ut kven som har gjort det, men kvifor. Samtidig som Eirik har jobba som politi, har han skrive bøker. Bøkene hans handlar stort sett om ein hovudperson som gjer noko gale, og dei prøver å vise kvifor personen gjorde dette.