Refleksjonstekst med tankestopp:

Porno

Kva tenkjer du på viss eg seier porno? Sexy undertøy, veltrente og nakne kroppar og spennande stillingar? Eller urealistisk sex, utnytting, overgrep og manipulering?

Porno kan vere spennande og fint, men det kan også vere ubehageleg, krenkande og unaturleg.   

Tankestopp: Kva er det første du tenkjer på når du høyrer ordet porno?

Kva er porno?

Porno, eller pornografi, er seksualiserte bilde, videoar, filmar og spel som skal gjere oss seksuelt opphissa eller tente. 

I dag dukkar porno opp på skjermen sjølv om ein ikkje aktivt oppsøkjer det. 

Det kan vere vanskeleg å vite korleis ein skal forhalde seg til all den pornoen som ligg så lett tilgjengeleg.

En person som ser på porno på PC.
En person som ser på porno på PC.

Porno – forferdeleg grusomt eller fantastisk vidunderleg?

Folk er ofte anten superpositive til porno og synest det er viktig og frigjerande, eller negative og meiner all den «forferdelege» pornoen, der barn og vaksne blir utnytta til det grovaste, bør forbydast.

Tankestopp: Er røyndommen så svart-kvit? Er porno berre negativt eller berre positivt?

Dagens porno

I dag er porno så mye forskjellig. Det kan vere unge kvinner og menn som frivillig deler bilde av eigen kropp i sosiale medium fordi dei er stolte over eigen seksualitet. 

Det kan vere studentar som synest dei lever gode liv med ekstrainntekta dei får av å lage pornografisk innhald på Onlyfans

Det finst mange forskjellige typar porno. Nokre unge deler frivillig bilde av eigen kropp i sosiale medium og er stolte over eigen seksualitet.

Studentar legg ut porno på Onlyfans for å tene litt ekstra, og på Pornhub ligg det storproduksjoner med kameracrew og verdskjende pornostjerner.

På TikTok ligg det videoar frå private soverom, tatt med ein vanleg iPhone.

Mange som jobbar med porno, er stolte av jobben sin og har valt den heilt frivillig. Men slik er det dessverre ikkje for alle. 

Porno kan òg vere menneske som blir tvinga inn i pornoindustrien på grunn av fattigdom, eller overgrep mot mindreårige, grov maktmisbruk og menneskehandel.

Dei siste åra har pornobransjen har vorte sterkt kritisert på grunn av samband til menneskehandel, overgrepsvideoar og hemnporno.

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt

Ungdom og porno

For nokre unge er det heilt uaktuelt å sjå på porno. Andre blir inspirerte, får nye idear og kan få ei betre forståing av eigen seksualitet.

I dag har dei fleste ungdommar kjennskap til, eller erfaring med pornografi. Mange får eit meir eller mindre ufrivillig møte med porno på smarttelefonen sin. Trur du alle ungdommar ser på porno?

Kven ser på porno?

Medietilsynet har undersøkt kor vanleg det er at ungdom ser på porno. Dei oppdaga at 52%  av unge i alderen 13–18 har sett på porno, og at det er dobbelt så mange gutar som jenter som har sett porno.

Tankestopp: Kvifor trur du det er dobbelt så mange gutar som jenter som ser på porno? 

Ein annan ting Medietilsynet fann ut, var at over halvparten av ungdommane begynte å sjå på porno før dei var 13 år.

55% fortalde at dei var yngre enn 13 år første gong dei så på porno. 28% fortalde at dei hadde sett på porno før dei fylte ti.

Tankestopp: Kva tenkjer du om at 5% oppgir at dei så på porno for første gong da dei var seks år eller yngre?

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

«Ja, vi elskar…» porno?

Pornhub er den største nettstaden for distribuering av porno. Over 100 millionar menneske brukar sida kvar dag, og dei viser over 100 milliardar pornovideoar årleg. Noreg er blant dei fem landa som brukar nettsida mest.

Er vi heilt pornofrelste i Noreg?

Ja, og nei.

Vi er nok ikkje betre eller verre enn andre, men vi har enklare tilgang på digitale einingar enn folk i andre land. Dei fleste har både smarttelefon og pc, nokre har òg eit nettbrett. Derfor er det enklare for oss å sjå på porno enn for folk elles i verda.

Pornhub har fått mykje kritikk. Tidlegare hadde dei over 100 000 nakenbilde av barn. Dei har òg vist hemnporno og videoar av overgrep.

I 2020 boikotta fleire store betalingstenester som Paypal, Visa og Mastercard Pornhub ved å blokkere nettstaden. Då mista nettstaden mykje av inntekta si, og dei lova å gjere nettstaden tryggare ved å slette alle videoar som var lasta opp av ikkje-verifiserte brukarar. Det var over 10 millionar videoar.

Tankestopp: Er det greit å bruke Pornhub så lenge ein ikkje ser på det innhaldet som er ulovleg? 

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

Avhengig av porno?

Visste du at ein kan bli avhengig av porno?

Nokre kan bli nærast avhengige av porno. Då blir porno ein så stor del av kvardagen at det påverkar livskvaliteten negativt. Til dømes kan ein bruke opp alle pengane sine på porno. Enkelte vil berre sitje heime og sjå på porno.

Viss det skjer,  er det lurt å få hjelp.

Det finst behandlingstilbod og ulike program for folk som er pornoavhengige. Viss du trur det kan vere aktuelt for deg, kan du snakke med fastlegen eller helsesjukepleiaren på skulen. Dei kan fortelje deg meir om kva tilbod som finst.

Tankestopp: Kvar tenkjer du at grensa går mellom det å ha eit uproblematisk og eit problematisk forhold til porno? 

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Illustrert figur med flere tankebobler over hodet
Illustrert figur med flere tankebobler over hodet

Deepfake- eit nytt fenomen

Magen knyter seg og pulsen stig. Hovudpersonen i den pornofilmen du ser på er … deg sjølv! Men du har aldri spelt inn nokon video, og den kroppen er jo ikkje din!?

Dei siste åra har fenomenet deepfake dukka opp i pornoindustrien. Dette er manipulerte videoklipp eller bilde. Mange kjendisar har opplevd at det blir laga deepfakes av dei, og dei falske videoane har millionar av avspelingar.

Men det er ikkje berre Hollywood-kjendisar som opplever dette.

I 2021 opplevde ein lærar at elevane laga ein deepfake-video der vedkommande hadde sex med  sin eigen elev. Videoen vart publisert på plattformer som Onlyfans og Snapchat, og var svært belastande for læraren som vart hengd ut.

Deepfakes er eit så nytt fenomen at det ikkje er omtalt i norsk lov. Det betyr ikkje at det er lovleg å lage deepfakes. Du kan straffast etter lover som omhandlar bildemanipulering.

Tankestopp: Hadde du meldt det dersom nokon du kjende, publiserte ein deepfake-video av deg eller nokon andre? Eller er det å snitche? 

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

Dei negative sidene

Det er altså ein del negative sider ved porno, mellom anna kriminalitet, menneskehandel, overgrep og manipulerte videoar. Dessutan kan porno påverke sjølvbildet til folk, og ein kan bli avhengig av det.

Det er viktig at du har eit balansert syn på porno når du skal bestemme om det er noko du ønskjer å sjå på eller ikkje. For det er ikkje heilt svart-kvitt.

Nokre synest porno er spennande, andre synest det er ubehageleg eller ekkelt. Nokre meiner porno kan lære dei meir om eigen seksualitet, andre blir kritiske til eigen kropp av å sjå på det. Nokre blir tende av porno, medan andre synest det er fråstøytande. Vi er ulike, og vi liker ulike ting.

Det viktigaste er kanskje å hugse at porno eigentleg er skodespel, og at sex i det verkelege livet skal vere frivillig, fint og trygt.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Vil du vite meir, eller treng du nokon å snakke med?

Ta gjerne kontakt med helsesjukepleiar på skulen din eller med den lokale helsestasjonen din. På ung.no finn du ei liste over gratis chat- og telefontenester der du kan ta kontakt. Du kan vere anonym, og det kostar ingenting.