KROPP OG SEX MED EIRIK:

Feik eller fakta?

For at vi skal vite kva som er feik, må vi vite kva som er ekte. Men viss vi først ser det som ikkje er verkeleg, korleis kan vi vite kva som ikkje er sant?

Sex i mente illustrert med emojis og et bilde av Eirik.
Sex i mente illustrert med emojis og et bilde av Eirik.

Porno er ikkje ekte

Alle seier at porno ikkje er ekte. Men alle ser at personane i pornoen har sex. Så kva er det som ikkje er verkeleg?

  • Vil dei eigentleg ikkje gjere det framfor kameraet?
  • Læst dei som at dei synest det er godt?
  • Liker dei ikkje personen dei er saman med?
  • Ville dei ikkje gjort det akkurat sånn og slik, viss det ikkje var eit kamera som filma?
  • Korleis ville dei i så fall gjort det, viss det ikkje var eit kamera i rommet?
Illustrert figur med flere tankebobler over hodet
Illustrert figur med flere tankebobler over hodet

Vi ser og vi ser

Når vi ser på porno, tenkjer vi ikkje over kva vi ser. Vi ser, vi ser, og vi ser. Så lukkar vi skjermen, slettar kanskje søkjeloggen først, og forlèt pornoen. Vi ser på porno åleine, og vi snakkar aldri heilt ærleg om det. På ein måte er det noko alle er åleine om. I eit lukka rom. Vi går inn, og vi går ut.

Men det vi ser på mange nok gongar, er vanskeleg å ikkje ta med seg vidare. Sjølv om pornoen blir låst inne på rommet, kan vi ta han med oss ut. Utan å vere klar over det.

Laptop som viser en stilisert illustrasjon av pornografi.
Laptop som viser en stilisert illustrasjon av pornografi.

Forventingspress

Det vi ser mykje på, ser vi opp til. Det gjeld kva slags klede vi vil gå med. Kva musikk vi vil høyre på. Korleis vi ønskjer å snakke. Vi lærer av andre. Vi gjer det vi trur andre ventar at vi skal gjere.

Så kven er dei andre som vi skal lære av når det kjem til sex? Kven ser vi opp til? Kven er førebilde?

I pornoen er dei veldig tydelege: Dei er hardhendte. Held lenge. Dei er store. Skrikande. Villige. Dei står på hovudet. Bøyer seg bakover i bru. Legg beina bak hovudet. Dei er to eller tre eller fire. Rørslene er raske.

Viss det er eit skodespel, og ikkje på ekte, så speler dei ikkje for kvarandre. Scena er til for deg. Du som ser på. For at du ikkje skal klikke deg vidare. Gå lei. Slå av skjermen.

Viss kameraet ikkje hadde filma, ville personane ha lege mykje meir i ro. Inntil kvarandre. Nesten utan rørsler. Det er veldig kjedeleg å sjå på. Vanleg sex er ikkje så bra TV.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Fem fargerike figurer i en orgie.
Fem fargerike figurer i en orgie.

Det er viktig å sjokkere

Sidan vanleg sex ikkje er bra TV, må pornoen heile tida forandre seg for å vere uvanleg. Han må fange merksemda vår i konkurranse mot alt anna som finst på skjermen. Då er det viktig å sjokkere.

Har det vorte slik at det er det unormale som har vorte vanleg å sjå på? Og viss alle ser på det unormale, blir det då det vi forventar?

Fersken-, splash- og squash-emoji.
Fersken-, splash- og squash-emoji.

Ikkje alle vil gjere alt

Og ikkje alle vil gjere det dei trur dei vil gjere. Det finn ein ikkje ut av før du står i situasjonen. Kanskje har du tenkt korleis du seier ja til å gjere det, men ikkje korleis du seier nei. Kanskje er det først etterpå at du innser kva du ikkje ville.

Og kva om de ikkje har sett det same på skjermen? Og heller ikkje snakkar saman først? Den andre prøver på noko som du ikkje såg for deg at skulle skje? Korleis seier du nei til det? Kva skjer viss det du forventar, ikkje stemmer med røyndommen?

Det som skjer i porno, skjer for deg som ser på. Men i røynda er det ingen som ser på. Då er det berre deg og den andre. Du treng ikkje å sjokkere eller imponere. Du konkurrerer ikkje om merksemda. Der er det rom for å stoppe. Eller gå vidare. Snakke. Lytte. Føle.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
To personer på en sofa. Den ene drar ned buksa på den andre, den andre prøver å forhindre det.
To personer på en sofa. Den ene drar ned buksa på den andre, den andre prøver å forhindre det.

Kva er det neste skrittet?

Det har aldri vore vanleg å snakke mykje saman om kva som skal skje når to personar tungekysser, held kvarandre i hendene, tek av seg buksa eller behåen og ser opp. Alle har alltid vore usikre på kva som er det neste skrittet. Kvar du skal leggje handa. Uvissheita gjer at du er forsiktig og nøler.

Kva gjer du no viss du er like usikker, men har sett veldig mykje porno åleine i eit lukka rom? Viss du trur det er forventa at du skal vere sjølvsikker?

Du kan ende opp med å gjere noko den andre ikkje ville at du skulle gjere. Du kan hamne i ein situasjon der du gjer noko du eigentleg ikkje ville gjere, fordi du trur den andre ville.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
To personer som sitter på en sengekant.
To personer som sitter på en sengekant.

Kvifor tør vi ikkje snakke om det?

Kvifor seier vi forresten sjå på porno? Det er jo ikkje det vi gjer. Vi onanerer til porno. Kvifor tør vi ikkje å snakke så mykje om det?

Kva hadde skjedd viss vi lukka skjermen? Av og til. Og onanerte med auga lukka? Kva ville skjedd viss vi av og til konsentrerte oss om å kjenne etter? Kjenne? Utan å måtte sjå på noko? Og bli sjokkert av alle rørslene?

Ville det då vorte meir ekte? Den dagen du er saman med ein annan på eit lukka rom, og det er berre de?

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
En person som ser på porno på PC.
En person som ser på porno på PC.

Vil du vite meir, eller treng du nokon å snakke med?

Ta gjerne kontakt med helsesjukepleiar på skulen din eller med din lokale helsestasjon. På ung.no finn du ei liste over gratis chat- og telefontenester du kan ta kontakt med. Du kan vere anonym, og det kostar ingenting.

 

Skrive av Eirik Husby Sæther.

Illustrasjonar: Helene Brox
Redaktør: Line Hordvin

Kven er Eirik Husby Sæther?

Eirik er utdanna kriminolog. Kriminologi er læra om kvifor kriminalitet skjer. Han er òg politi som etterforskar straffbare handlingar. Det handlar ikkje berre om å finne ut kven som har gjort det, men kvifor. Samtidig som Eirik har jobba som politi, har han skrive bøker. Bøkene hans handlar stort sett om ein hovudperson som gjer noko gale, og dei prøver å vise kvifor personen gjorde dette.