Psykt deg med Maria:

Du er kva du seier du er! 🙊

Korleis snakkar du om ting rundt deg? Det påverkar humøret ditt.🤔

Psyktdeg-Maria i Insta-ramme
Mørk grov bakgrunn
Mørk grov bakgrunn

Tenk positivt 👍

Når vi tenkjer positivt, blir vi òg meir positive. Vi kan bestemma oss for å tru på at vi er vakre eller sterke. Og vi føler oss vakrare og sterkare berre av at vi har tenkt tankane. Utan at vi har gjort noko anna! 😱😍💃🏻
Positiv gutt
Papirbakgrunn
Papirbakgrunn

Eg er så sliten! 😴

Det motsette er også sant. Når vi snakkar negativt, blir vi òg meir negative. 😰 Det kan vera enkle ting. Til dømes at vi ofte seier at vi er slitne eller at vi kjedar oss. Vi tenkjer at vi berre snakkar. Men desse orda skaper kjensler inne i oss. Også når vi eigentleg ikkje meiner det vi seier. 😳
Sur jente
Mørk grov bakgrunn
Mørk grov bakgrunn

«Viss tankar kan øydeleggja språket, kan språket òg øydeleggja tankane.»  George Orwell

Barn som tenker
Barn som tenker

Tips!

Kva ord bruker du? Ver nøye på korleis du bruker språket ditt. Då kan du rydda bort mange negative tankar. Og du vil føla deg betre! Prøv det! 🤩🥰
Gutt som roper
Papirbakgrunn
Papirbakgrunn

Tenk at du er …

Psyktdeg-Maria i Insta-ramme

Tekst og video: Psykolog Maria Abrahamsen Østhassel

Foto: Cecilie Nilsen / Lister24

Illustrasjonar: Getty Images / Shutterstock

Mørk grov bakgrunn
Mørk grov bakgrunn