Psykt deg med Maria:

På tomgang eller feil drivstoff?🚗

Eg fylte bensin på ein dieselbil ein gong. Det var ikkje noko festleg, og eg kom ikkje så langt. Visste du at hjernen vår fungerer på same måten? Han treng jamleg påfyll med riktig mat i løpet av dagen for å fungera bra. 🚘
Psyktdeg-Maria i Insta-ramme

Eit sunt kosthald 🤷

«Æsj, skal du òg be meg eta sunt?!», tenker du kanskje. Men ja, min venn! Eit sunt kosthald er viktig. Det får oss til å kjenna oss betre. Det gir ein direkte positiv effekt på humør, energi, søvn og konsentrasjon. Å eta sunt er altså ikkje berre viktig for den fysiske helsa vår, men òg for den mentale helsa vår. 🥦
Sur gutt på kjøkken
Sur gutt på kjøkken

Vanskelegast når ting er vanskelege 😴

Men det kan for somme vera vanskeleg å få til. For dei som slit med psykiske plager, kan dette vera ekstra utfordrande. Plagene kan i seg sjølv føra til auka eller redusert appetitt. Paradoksalt nok kan du redusera desse plagene ved å eta sunt. 🥙
Sur jente på kjøkken
Sur jente på kjøkken

Kva slags drivstoff treng hjernen?

1. Mat med mykje næringsstoff som finst i grønsaker, frukt, bær og meieriprodukt. 🍎🥕🥛
2. Hjernen treng òg særleg grove kornprodukt, fordi langsame karbohydrat er viktige for konsentrasjon, energi og humør. 🍞

3. Sunt feitt og protein, som vi kan finna i fisk, fugl og noko kjøtt. Det sunne feittet finst òg i nokre typar grønsaker, korntypar og oljar, som for eksempel avokado, chiafrø og olivenolje. 🥑

4. Vatn! Hjernen treng rikeleg med væske! 💦

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt
Jente og gutt på kjøkken
Jente og gutt på kjøkken

Hugs!

Vi bør fordela drivstoffet ut på faste og regelmessige måltid – frukost, lunsj og middag – i tillegg til nokre lette mellommåltid. Prøv å ha ein balanse mellom kor mykje energi du får i deg, og kor mykje du forbrukar gjennom aktivitet.💃🏻🕺🏻

Glade barn på kjøkken
Glade barn på kjøkken

Psyktdeg-Maria i Insta-ramme

Tekst og video: Psykolog Maria Abrahamsen Østhassel

Foto: Cecilie Nilsen / Lister24

Illustrasjoner: Getty Images / Shutterstock