Psykt deg med Maria:

Krangling💥🌪

Konfliktar vil kunna oppstå mellom dei aller fleste menneske. Det kan vera vondt og vanskeleg å løysa på ein god måte. 😩

Psyktdeg-Maria i Insta-ramme
Jenter som krangler

Misforståingar og usikkerheit

Det hender at vi misforstår kvifor andre seier og gjer det dei gjer. Ofte handlar desse misforståingane om vår eiga sjølvkjensle og usikkerheit. Hjernen vår vil få oss til å tru at dei negative tankane vi kan ha om oss sjølve, eller den andre, er sanne. 👊

Viss vi for eksempel trur at nokon ikkje likar oss, kan vi tru at det dei seier og gjer, betyr at dei ikkje vil vera saman med oss.

Cartoon-bakgrunn
Cartoon-bakgrunn

Vanleg med konfliktar

Konfliktar mellom menneske oppstår når vi opplever at nokon gjer noko vi ikkje likar, eller at dei misforstår oss. Sidan alle menneske er forskjellige, har vi òg forskjellige ønske. Derfor er det ganske vanleg at menneske hamnar i konfliktar og diskusjonar med kvarandre.

Gutter som plager hverandre
Mørk cartoon-bakgrunn
Mørk cartoon-bakgrunn

Tips!

1. Er det noko som plagar deg i ditt forhold til nokon? Ta det opp med dei. Men la vera å bruka «du er» eller «du gjer». Bruk heller «eg opplever at» og «det fekk meg til å føla».

Altså ikkje seia: «Du er så egoistisk, og du held meg utanfor.» Sei heller: «I går opplevde eg at eg blei halden utanfor, og det gjorde meg trist». Då forstår personen korleis du har opplevd situasjonen. Etterpå er det også mogleg for han/ho å forklara seg frå sin ståstad. 👋

2. Øv på mentalisering: Prøv å sjå deg sjølv utanfrå. Korleis ser andre deg og det du seier og gjer og med kroppsspråket ditt?

Prøv så å sjå andre innanfrå. Kva er det som skjer på innsida hos den andre, og kvifor? Kva kan ligga bak konflikten? 🤔

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Cartoon-bakgrunn
Cartoon-bakgrunn
Gode venner

Kva er viktigast?

Og viss krangelen blir verre, må du spørja deg sjølv kor viktig det er å ha rett. Er det viktigare enn å ha ein god venn? Kva vinn du viss du «vinn» ein krangel? Kan den eigentlege vinnaren vera den som gir seg, og seier sorry? ❤️

Lys cartoon-bakgrunn
Lys cartoon-bakgrunn

Psyktdeg-Maria i Insta-ramme

Tekst og video: Psykolog Maria Abrahamsen Østhassel

Foto: Cecilie Nilsen / Lister24

Illustrasjoner: Getty Images / Shutterstock