Psykt deg med Maria:

Eit sirkus av kjensler om morgonen
😤🥰🤪

Blir du lett irritert om morgonen? Du er ikkje aleine! Og du kan gjera noko med det. 🙌

Psyktdeg-Maria i Insta-ramme

Indre klokke🤷

Kroppen blir styrt av ei slags indre klokke. Denne passar på så du er søvnig om natta og vaken om dagen. Denne klokka kallar vi for døgnrytmen. ⏰
Tankefull superhelt
Sengetøy-bakgrunn
Sengetøy-bakgrunn

Fast døgnrytme er godt for helsa ❤️

Døgnrytmen styrer kroppen sin temperatur og kor fort hjartet vårt slår. Men han påverkar òg energi, tenking, det å vera vaken og humør. Det er sunt å halda på ein fast døgnrytme. Det er godt for helsa di. 🚑 Det gjer det òg lettare å vera i godt humør.
Blid superhelt
Stoff-bakgrunn
Stoff-bakgrunn

Styrt av hormon

Når sola står opp, produserer kroppen kortisol. Kortisol er eit hormon som gir deg energi. Det gjer at du kan vera aktiv og vaken om dagen. ☀️
Når sola går ned, produserer kroppen melatonin. Dette er eit hormon som gjer deg søvnig. 😴
Bestemt superhelt
Sengetøy-bakgrunn
Sengetøy-bakgrunn

Forstyrringar gjer deg irritabel 🤯

Somme gonger forstyrrar vi døgnrytmen. For eksempel viss vi er vakne på eit tidspunkt vi vanlegvis plar sova. Då produserer kroppen hormon til feil tid. Vi blir trøytte når vi skal vera vakne, og vakne når vi skal vera trøytte. Det gjer at ein lettare kjenner seg sliten og irritert. 🥱😒

Trøtt superhelt
Stoff-bakgrunn
Stoff-bakgrunn

Tips!

Har du ikkje ein fast døgnrytme? Eller er du ofte trøytt og i dårleg humør? Prøv dette dei neste vekene:

  1. Legg deg til cirka same tid kvar kveld. 🛌
  2. Ha på vekkarklokke til same tid kvar morgon. ⏰
  3. Kroppen toler at døgnrytmen i helgene blir forskuva med opp til to timar. Det er altså heilt greitt å vera litt lenger vaken på fredag eller laurdag. Det er likevel lurt å stå opp litt tidleg på søndag. Då kjennest ikkje vekkinga på måndag så ille. 💙
Glad superhelt
Sengetøy-bakgrunn
Sengetøy-bakgrunn

Hugs også dette …

Hormona blir produserte i ulik mengde frå menneske til menneske. Nokon har sjukdommar som forstyrrar produksjonen. Derfor er det ikkje sikkert tipsa fungerer heilt likt på alle!

Kampklar superhelt
Stoff-bakgrunn
Stoff-bakgrunn

Psyktdeg-Maria i Insta-ramme

Tekst og video: Psykolog Maria Abrahamsen Østhassel

Foto: Cecilie Nilsen / Lister24

Illustrasjoner: Getty Images / Shutterstock

Stoff-bakgrunn
Stoff-bakgrunn