Psykt deg med Maria:

Det emosjonelle sirkuset om morgonen
😤🥰🤪

Lèt du deg lett irritere om morgonen? Du er ikkje aleine! Og du kan gjera noko med det. 🙌

Psyktdeg-Maria i Insta-ramme

Indre klokke🤷

Kroppen blir styrt av ei slags indre klokke som passar på så du er søvnig om natta og vaken og opplagt om dagen. Denne klokka kallar vi for døgnrytmen. ⏰
Tankefull superhelt
Sengetøy-bakgrunn
Sengetøy-bakgrunn

Fast døgnrytme er godt for helsa ❤️

Døgnrytmen styrer kor fort hjartet vårt slår og kroppstemperaturen vår. Men han påverkar òg energi, tenking, det å vera vaken og humør. Det er sunt å halda på ein fast døgnrytme, sidan det er godt for helsa di. 🚑 Det gjer det òg lettare å vera i godt humør.
Blid superhelt
Stoff-bakgrunn
Stoff-bakgrunn

Styrt av hormon

Når sola står opp, produserer kroppen kortisol. Kortisol er eit hormon som gir deg energi. Det gjer at du kan vera aktiv og vaken i løpet av dagen. ☀️
Når sola går ned, produserer kroppen melatonin. Dette er eit hormon som gjer deg søvnig. 😴
Bestemt superhelt
Sengetøy-bakgrunn
Sengetøy-bakgrunn

Forstyrringar gjer deg irritabel 🤯

Når døgnrytmen blir forstyrra, produserer kroppen hormon til feil tidspunkt. Då blir vi trøytte når vi skal vera vakne, og vakne når vi skal vera trøytte. Det gjer at ein lettare kjenner seg sliten og irritert. 🥱😒

Trøtt superhelt
Stoff-bakgrunn
Stoff-bakgrunn

Tips!

Har du ikkje ein fast døgnrytme? Slit du med å vera trøytt og med dårleg humør? Då foreslår eg at du prøver på dette dei neste vekene:

  1. Legg deg til cirka same tidspunkt kvar kveld. 🛌
  2. Ha på vekkarklokke til same tid kvar morgon. ⏰
  3. Og du? Kroppen toler at døgnrytmen i helgene blir forskuva med opp til to timar. Det betyr at det er heilt greitt å sitta litt lenger oppe. Det kan likevel vera lurt å stå opp litt tidleg på søndag. Då kjennest ikkje vekkinga på måndag så hard. 💙
Glad superhelt
Sengetøy-bakgrunn
Sengetøy-bakgrunn

Hugs også dette …

Hormona blir produserte i ulik mengde frå menneske til menneske. Det kan òg henda at ein har sjukdommar som forstyrrar produksjonen. Derfor er det ikkje sikkert alle tipsa fungerer heilt likt på alle!

Kampklar superhelt
Stoff-bakgrunn
Stoff-bakgrunn

Psyktdeg-Maria i Insta-ramme

Tekst og video: Psykolog Maria Abrahamsen Østhassel

Foto: Cecilie Nilsen / Lister24

Illustrasjoner: Getty Images / Shutterstock

Stoff-bakgrunn
Stoff-bakgrunn