Psykt deg med Maria:

Trur du på tankane dine? 🤯

Korleis vi reagerer på ting, blir ofte bestemt av dei tidlegare erfaringane våre. Har du hatt mange vonde erfaringar? Då kan tankane dine lura deg til å tru at det vil bli vondt igjen. 😓

Psyktdeg-Maria i Insta-ramme
Redd, liten gutt

Lært hjelpeløyse 🤷

Korleis vi reagerer på ting, blir ofte bestemt av noko vi har opplevd før. Du har kanskje hatt mange vonde erfaringar. Då er det ikkje så lett å tru at ting neste gong kan enda betre. Viss du tenker slik, blir du lett «lært hjelpelaus». Og det er det ikkje godt å vera.
Papirbakgrunn
Papirbakgrunn

Ingenting nyttar 😴

«Lært hjelpeløyse» blir brukt til å forklara korleis menneske med for eksempel depresjon fungerer. Ein person med depresjon gir fort opp utan å prøva. Den «lærte hjelpeløysa» gjer at personen ikkje orkar prøva å endra situasjonen. Det kan kjennast som det ikkje er vits i å ha eit ope sinn. Ein trur uansett at det ikkje finst nokon utveg.
Jente som gråter
Papirbakgrunn
Papirbakgrunn

Optimistar justerer

Personar med optimistiske tankar tenker annleis. Dei kan òg ha vonde eller negative tankar, men vel å sjå moglegheiter for endring. «Lært hjelpelause» er gjerne pessimistar. Dei ser ingen moglegheiter og stolar blindt på dei vonde erfaringane sine. Derfor er det vanskelegare for dei å lykkast.
Positiv jente
Papirbakgrunn
Papirbakgrunn

Tipsa som kan hjelpa:

1.


Lytt til tankane dine. Er dei optimistiske (ser du om det er mogleg å endre)? Eller er dei pessimistiske (trur du ikkje det er mogleg)?

2.


Har du negative tankar? Hugs at desse tankane kan gjera livet ditt vanskelegare.

3.


Prøv å byta ut den vonde tanken med ein optimistisk tanke. Snu situasjonen om til noko som er mogleg.

4.


Trur du ikkje på den nye tanken? Det tar tid! Hald fram med å seia dette til deg sjølv kvar gong den vonde tanken kjem. Gjer dette i to veker.

Hjernen er adaptiv. Det betyr at han tilpassar seg lett. Derfor bør du trena opp hjernen. Læra hjernen til å tenka på ein ny måte. Då kan du lettare få til det du vil.

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt
Jente med idé på papirbakgrunn
Jente med idé på papirbakgrunn

Psyktdeg-Maria i Insta-ramme

Tekst og video: Psykolog Maria Abrahamsen Østhassel

Foto: Cecilie Nilsen / Lister24

Illustrasjoner: Getty Images / Shutterstock