Psykt deg med Maria:

Trur du på tankane dine? 🤯

Vi reagerer på hendingar ut frå tidlegare erfaringar. Har du hatt mange negative erfaringar? Då kan tankane dine lura deg til å tru at det same vil skje igjen. 😓

Psyktdeg-Maria i Insta-ramme
Redd, liten gutt

Lært hjelpeløyse 🤷

Vi reagerer på alt rundt oss med utgangspunkt i det vi har opplevd før. Du har kanskje hatt mange vonde erfaringar. Då er det ikkje så lett å tru på at ting neste gong kan enda betre. Viss du tenker slik, blir du lett «lært hjelpelaus». Og det er det ikkje godt å vera.
Papirbakgrunn
Papirbakgrunn

Ingenting nyttar 😴

«Lært hjelpeløyse» blir brukt til å forklara korleis menneske med depresjon og sosial angst fungerer. Ein person med depresjon kan for eksempel kjenna at ingenting nyttar, sjølv om det kan vera mogleg å endra situasjonen. Den «lærte hjelpeløysa» gjer at personen ikkje eingong orkar å prøva. Det kan kjennast som det ikkje er vits i å ha eit ope sinn, for ein trur uansett at det ikkje finst nokon utveg.
Jente som gråter
Papirbakgrunn
Papirbakgrunn

Optimistar justerer

Personar med optimistiske tankar tenker annleis. Dei kan òg ha negative tankar, men vel å sjå moglegheiter for endring. «Lært hjelpelause» er gjerne pessimistar. Dei ser mørkt på livet og stolar blindt på dei vonde erfaringane sine. Derfor er det vanskeleg for dei å lykkast.
Positiv jente
Papirbakgrunn
Papirbakgrunn

Tipsa som kan hjelpa:

1.


Lytt til tankane dine. Er dei optimistiske eller pessimistiske?

2.


Har du negative tankar? Hugs at desse tankane kan avgrensa ditt eige liv og moglegheitene dine.

3.


Prøv å byta ut den negative tanken med ein optimistisk tanke. Gjer avgrensinga om til noko som er mogleg.

4.


Trur du ikkje på den nye tanken? Det tar tid! Hald fram i to veker med å seia dette til deg sjølv kvar gong den negative tanken kjem.

Hjernen er nemleg adaptiv. Det betyr at han lett tilpassar seg. Du kan altså trena hjernen til å tenka på ein ny måte. Dette er fint for åtferda di og alt det du vil få til.

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt
Jente med idé på papirbakgrunn
Jente med idé på papirbakgrunn

Psyktdeg-Maria i Insta-ramme

Tekst og video: Psykolog Maria Abrahamsen Østhassel

Foto: Cecilie Nilsen / Lister24

Illustrasjoner: Getty Images / Shutterstock