Putins propaganda

Russlands president Vladimir Putin har lenge drive propaganda for å påverke russarar – og resten av verda – om at det var nødvendig å angripe Ukraina i 2022.

Accessibility icon Putins propaganda

Finst det noka sanning i krig?

Kan vi eigentleg stole på nokon av partane i ein krig? Både dei som angrip og dei som forsvarar seg, meiner dei har retten på si side. Så er det den vanskelige jobben til befolkninga å skilje sanning frå løgn. Det å bevisst prøve å påverke haldningane til befolkninga blir kalla for propaganda.

Ordet propaganda skrevet med sort tekst mange ganger på hvite papirstrimler.
Ordet propaganda skrevet med sort tekst mange ganger på hvite papirstrimler.

Putins propaganda

Russlands president Vladimir Putin har lenge drive propaganda for å påverke russarar – og resten av verda – om at det var nødvendig å angripe Ukraina i 2022.

Portrett av Russlands president Vladimir Putin

Den vonde motstandaren

Etter Russlands invasjon av Ukraina har medium i Vest-Europa framstilt Putin som eit av dei vondaste menneska i verda – på linje med Adolf Hitler og Josef Stalin. Dermed har mange land gitt si støtte til Ukraina for å motarbeide Putin.

Nazisme i Ukraina?

Putin på si side skulda leiarane i Ukraina for å vere nazistar og massemordarar. Under 2. verdskrigen var nazistane og russarane erkefiendar. Putin prøver å påverke befolkninga i Russland til å kjempe mot nazismen i Ukraina.

Sterke verkemiddel

Begge sidene i denne krigen har brukt sterke verkemiddel for å påverke eiga befolkning og resten av verda. Men korleis har Putin brukt propaganda for å legitimere invasjonen av Ukraina?

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

Ein langvarig propagandakrig

Før Russland invaderte Ukraina i 2022, hadde Putin drive med propaganda i mange år. Heilt sidan Ukraina vart ein sjølvstendig stat i 1991, har Putin hevda at Aust-Ukraina tilhøyrer Russland.

Ein stor del av befolkninga her er russiske, og Putin påstår det pågår eit folkemord på desse. Dette avviser styresmaktene i Ukraina. Denne konflikten har Putin brukt for å forsvare angrepet på Ukraina.

Alle partar har kjempa for å overtyde om at  sanninga deira er den rette. Dette kallar vi ein propagandakrig.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Silhuett av en soldat foran en murvegg med fargene til Russland og Ukraina.
Silhuett av en soldat foran en murvegg med fargene til Russland og Ukraina.

Russland annekterer statar i Ukraina

I 2014 gjekk propagandakrigen over til å bli ein væpna konflikt. Russland annekterte Krim-halvøya og tok over styringa frå den ukrainske regjeringa. Putin hevda at Krim frå tidlegare av tilhøyrde Russland.

Folkeavstemming

Putin brukte ei folkeavstemning på Krim for å legitimere invasjonen i 2014. Godt over 90 prosent av befolkninga på Krim stemte for gjenforeining med Russland. Dermed skreiv styresmaktene på Krim og i Russland under på ein avtale om at Krim var blitt ein del av Russland. EU og USA anerkjende ikkje valet som lovleg, men kunne ikkje stanse Russlands annektering av Krim.

«Fredsbevarande styrkar»

I 2022 anerkjende Putin statane Luhansk og Donetsk i Aust-Ukraina som sjølvstendige statar. Han hevda samtidig at dei hadde ei forsvarspakt med Russland. Sidan Putin meiner det pågår eit folkemord i desse statane, gjekk han inn med det han kalte fredsbevarande styrkar for å beskytte innbyggjarane.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Tre stridsvogner kjører inn i en bygate med høye bygninger på hver side
Tre stridsvogner kjører inn i en bygate med høye bygninger på hver side

Støtte frå folket

Vladimir Putin har vore president i Russland i over 20 år. I alle desse åra har han brukt propaganda for å hevde at han er ein god leiar. For å kunne styre eit land er ein avhengig av brei støtte i befolkninga. Folket må bli overtydde om at statsleiaren gjer det som er best for landet.

Putin legg skulda på USA

Etter invasjonen av Ukraina vart alle utenlandske medium stengde i Russland. Russiske aviser og nyheitskanalar på TV vart pålagde å berre bruke offisielle russiske kjelder. Dette var ein måte å unngå at utenlandsk presse skulle påverke den russiske befolkninga. I Russland var det USA som fekk skulda for konflikten med Ukraina. Utanfor Russland var det skarp fordømming av president Putin og invasjonen av Ukraina.

Nye russiske læreplaner

Våren 2022 fekk russiske elevar ein ny timeplan. Det russiske kunnskapsdepartementet bestemte at elevene skal ha samtalar om det «viktige» ein gong i veka. Her skal elevane bli fortalde at krigen i Ukraina er eit eksempel på ekte kjærleik til landet og det russiske folket. Ein ekte patriot bør difor alltid vere klar til å døy for lukka til fedrelandet. Samtalane skal også «verne det russiske samfunnet mot negativ informasjon og påverknad utanfra» og «styrke tradisjonelle russiske verdiar».

Lærarar som ikkje underviser slik myndigheitene vil, kan risikere fengselsstraff eller miste jobben.
– Dette er rein propaganda, seier den russiske professoren Inna Sangadzhieva. – Ein ting er å elske heimlandet og vere stolt av det, men her står det at du alltid skal vere klar til å gi livet ditt for det store landet. Dette lærer barna allereie dei første åra på skulen.

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt
Knyttneve malt i fargene til Russland slår en flat hånd malt med fargene til Ukraina.
Knyttneve malt i fargene til Russland slår en flat hånd malt med fargene til Ukraina.

Ingenting å frykte?

For å unngå krig kom Putin med krav til den ukrainske regjeringa:

  • Dei må anerkjenne Donetsk, Luhansk og Krim som russiske statar. 
  • Ukraina må endre grunnlova for å ikkje kunne bli med i NATO og EU. 
  • Putin forlangde også at ukrainske styrkar skulle halde seg unna grensa mot Russland.

Vart krava innfridde, hadde befolkninga i Ukraina ingenting å frykte. Ukraina avviste kravet frå Russland, og den 24. februar 2022 invaderte Russland Ukraina.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Militært kjøretøy eksploderer på en gate.
Militært kjøretøy eksploderer på en gate.

Kjeldekritikk

Media her heime i Noreg, og i resten av verda, er fulle av nyheiter om krigar og konfliktar. Kvar og ein av oss må derfor vurdere truverdet av det vi les og høyrer. Vi må stille tre kritiske spørsmål:

  • Kven er kjelda (avsendaren)?
  • Kva er hensikta med det som blir formidla?
  • Kor truverdig er det som blir formidla?

Kven som helst kan leggje ut informasjon eller nyheiter på internett. Derfor er det vanskeleg å vite kva og kven vi kan stole på. Er vi flinke nok til å lese fleire ulike kjelder for å få ei heilheitleg framstilling av saka? Eller forheld vi oss berre til Facebook, TikTok eller andre sosiale medium? Les vi nettaviser frå fleire land, eller forheld vi oss berre til norske medium?

Snakk med nokon viss du er usikker på truverdet i det du les, slik at de saman kan vurdere det som står.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Mobilskjerm der det står News Fake.
Mobilskjerm der det står News Fake.

Kjelder:

  • Thuesen, Nils Petter; Paulsen, Martin; Bukkvoll, Tor; Bosoni, Jørgen G.:
    Ukraina i Store norske leksikon på snl.no. Henta 5. april 2022 frå http://snl.no/Ukraina
  • Holm-Hansen, Jørn; Bukkvoll, Tor; Paulsen, Martin: Krim i Store norske leksikon på snl.no.
    Henta 5. april 2022 frå https://snl.no/Krim
Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

Bilde- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. www.kremlin.ru / Getty Images
    3. Getty Images
    4. Getty Images
    5. Getty Images
    6. Getty Images
    7. Getty Images
    8. Getty Images