Ramadan

Ramadan er ein viktig månad for muslimar over heile verda. Det er muslimane sin fastemåned der dei avstår frå mat, drikke og sex i 30 dagar. Når månaden er over, feirar dei id, som er den store høgtidsdagen til muslimane.

Accessibility icon Ramadan

Ramadan
– den fjerde søyla i islam

Islam byggjer på fem viktige prinsipp, også kalla søyler. Den fjerde søyla blir kalla sawm, som betyr faste. For muslimar er ramadan ein heilag månad der ein skal avstå frå mat og drikke frå soloppgang til solnedgang. Dette er den 9. månaden i det islamske året. Den startar når nymånen viser seg, og blir avslutta når neste nymåne kikkar fram. Då blir fasta avslutta med ein stor fest: id al-fitr.

Ramadan handlar om meir enn å ikkje ete og drikke. Det er òg 30 dagar med mykje sosialt samvær, refleksjon og bøn. Det handlar om kjenne på ei takksemd for alt ein har, og det er ei øving i å kjenne på korleis det er å ikkje ha alt. Ein kjenner på kroppen korleis det er å vere fattig.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Silhuett av moske med halvmåne på solnedgangshimmel
Silhuett av moske med halvmåne på solnedgangshimmel

Ramadan i alle årstider

Året i den islamske kalenderen er 11 dagar kortare enn året i den gregorianske kalenderen. Derfor begynner  Ramadan 11 dagar tidlegare kvart år. I løpet av ein periode på 36 år har vi hatt Ramadan i alle dei fire årstidene.

Ramadan på den nordlege halvkula

I løpet av sommaren kan det vere så mykje som 20 timar dagslys i dei nordlegaste områda. Nord for den arktiske sirkelen er det midnattssol i sommarmånadene, og sola går derfor ikkje ned.

På vinterstid skjer det motsette. Det er færre timar dagslys jo lenger nord du kjem, og nokre stader er det mørketid. Då står ikkje sola opp i det heile.

Alternative løysingar

Under denne typen ekstreme forhold har mange muslimar funne alternative måtar å rekne ut når dei kan bryte fasta. Nokre følgjer tida for solgang i Mekka eller det nærmaste islamske landet. Andre brukar ulike utrekningar. Ei gruppe norske muslimar har laga ein tidstabell for bøn for muslimar som bur på høge breiddegrader.

📷  Midnattssol i Noreg
Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Midnattssol på Nordkapp i Finland
Midnattssol på Nordkapp i Finland

Ein bryt fasta saman

For mange muslimar er ramadan ein hyggeleg månad med mange familiefestar der ein treffer folk ein ikkje ser så ofte. Kvar kveld, når sola går ned, møtest venner, familie og naboar til eit felles måltid der ein bryt fasta. 

Også ikkje-muslimar og ikkje-fastande muslimar er med på desse samankomstane. Mange bryt fasta med dadlar og drikk vatn eller mjølk. Dette blir kalla iftar på arabisk. Deretter delar dei eit godt måltid.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Muslimsk familie som har iftar sammen under Ramadan
Muslimsk familie som har iftar sammen under Ramadan

Tid for gode samtalar

Ramadan er og ei tid for gode samtalar med familie og venner og ei tid for å løyse opp i kranglar og uvennskap. Alle prøver å vere litt ekstra snille når det er ramadan.

Å faste

Å faste kan vere ein reinsingsprosess både fysisk og psykisk. Du kan få betre helse samtidig som du øver opp viljestyrke og sjølvdisiplin. I tillegg styrkjer du trua og samhaldet i familien.

Ikkje for alle

Nokre ønskjer ikkje å faste, nokre kan ikkje faste, og nokre bør ikkje faste. Barn og eldre, gravide og ammande, fysisk eller psykisk sjuke personar og personar med hardt fysisk arbeid eller militærteneste, kan avstå utan dårleg samvit. Viss du har diabetes, så kan det faktisk vere farleg å faste. 

Sjølv om du ikkje fastar, så kan du vere med på ramadan ved å gi gåver til dei fattige, gå i moskeen og støtte resten av familien din. Du kan og jobbe med deg sjølv for å bli eit betre menneske.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
En gravid muslimsk kvinne poserer foran solnedgangen
En gravid muslimsk kvinne poserer foran solnedgangen

Muslimsk identitet

Å vere med på ramadan er viktig for å kjenne at ein er muslim, men det handlar om meir enn religion. Det skapar tilhøyrsle og samhald mellom fattig og rik, på tvers av landegrenser og mellom ulike generasjonar. Alle muslimar har dei same opplevingane til same tid.

Collage av mange mennesker
Collage av mange mennesker

Fasting har lange tradisjonar

Fasting har lange tradisjonar i ulike religionar og filosofiar. Fasting blir praktisert i mellom anna jødedom, kristendom, hinduisme, buddhisme og islam. Arabarar i Midtausten praktiserte månadslang fasting før islam vart ein religion.

Det var velkjent at gamle profeter og andre heilage menn gjekk ut i ørkenen for å faste og meditere for å oppnå åndeleg innsikt. Det var nettopp slik Koranen vart openberra for profeten Muhammad.

Ørkensolnedgang i Midtøsten
Ørkensolnedgang i Midtøsten

Korleis ønskje nokon ein god Ramadan?

Meir enn 1, 5 milliardar menneske over heile verda feirar Ramadan kvart år. Korleis skal ein ønskje nokon ein god ramadan? 

Den vanlegste helsinga er Ramadan Mubarak! Det betyr «god ramadan» eller «velsigna ramadan». Du kan òg ønskje nokon ein sjenerøs ramadan ved å seie Ramadan Kareem.

Kjelder:

Bilde- og videorettar:

    1. Adobe Stock

    2. Adobe Stock

    3. Adobe Stock

    4. Adobe Stock

    5. Adobe Stock

    6. Adobe Stock

    7. Getty Images

    8. Getty Images