Kva er rasisme?

Rasisme er eit omfattande omgrep, og det har eksistert i nesten heile verdshistoria. Ulik etnisitet blant verdas befolkning har lagt grunnlag for oppfatninga om at menneskeslekta kan delast i ulike rasar. Grunnleggjande for rasisme er trua på at det nettopp finst ulike «menneskerasar», og at nokre av desse er meir intelligente og meir verdifulle enn andre.

Frå etnisitet til kultur

Før og under den andre verdskrigen hevda fleire forskarar at forskjellane låg i gena; at det var biologiske forskjellar som gav menneske ulik verdi. Etter den andre verdskrigen har rasismen utvikla seg til å handle meir om kultur; altså at nokre kulturar er betre enn andre. Til dømes ideen om at nokre folk er meir valdelege på grunn av kulturen sin. Eller ideen om at nokon ikkje kan tilhøyre ein nasjonalitet fordi dei ikkje har den «rette» hudfargen eller dei «rette» namna.

Rasisme = diskriminering 

I korte trekk handlar rasisme om oppfatningar, haldningar og handlingar som deler menneske i rasar, der somme er betre enn andre. Det er ei form for diskriminering vi kan finne på mange ulike arenaer som skular, arbeidsplassar, sosiale medium og liknande.

Diskriminering og rasisme av minoritetar 

Gjennom historia har minoritetar opplevd mange former for rasisme. Til dømes har mørkhuda i USA og Sør-Afrika opplevd systematisk diskriminering. Dei blei brukte som slavar i plantasjar og segregerte frå resten av samfunnet. Segregering vil seie å skilje nokre menneske frå andre som lever i det same samfunnet. På 1960-talet dreiv  Ku Klux Klan (KKK) med forfølging av og drap på afroamerikanarar i USA.

⬅  Illustrasjon av Ku Klux Klan og forkledningane deira.

Rasisme og urfolk

Urfolk har også blitt utsette for systematisk  rasisme. Samane i Noreg vart i ein periode tvangsassimilerte. Assimilering tyder at ein minoritet må avstå frå kulturen sin og arve skikkane til majoritetsbefolkninga.  Fornorskingspolitikken gjekk ut på å assimilere samane inn i den norske kulturen. Samane fekk ikkje snakke eller lære seg samisk språk. Mange barn vart tekne frå familiane sine og flytta til internat der dei skulle fornorskast. I dag har den norske staten bedt det samiske folket om orsaking, og ein har styrkt samisk kultur og språk i Noreg. Internasjonalt jobbar SN (FN) for å fremje menneskerettar i heile verda, og arbeidet mot rasisme er ein viktig del av dette.

Samane som offer for rasisme

«Black lives matter» 

Den 25. mai 2020 vart George Floyd drepen av politiet i Minneapolis (USA). George Floyd var ein 46 år gammal afroamerikansk mann som vart skulda for å bruke ein forfalska seddel på butikken der han vart arrestert. Drapet på George Floyd har utløyst dei største protestane mot rasisme og politibrutalitet i USA på over femti år. Rundt omkring i verda har tusenvis av menneske teke til gatene i demonstrasjonar mot rasisme. Demonstrasjonane er eit signal om at mange meiner at svarte – og andre minoritetar – blir urettferdig behandla av politiet.

Det at ein stemplar svarte som svært kriminelle utan at dei har utført grove, straffbare handlingar, kan sjåast på som eit brot på menneskerettane. Ifølgje BBC vart 1000 personar skotne og drepne av politiet i USA i 2019. 23 prosent av dei som vart skotne, var afroamerikanarar, sjølv om afroamerikanarar berre utgjer 14 prosent av befolkninga i USA.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

George Floyd og historia om svarte amerikanarar

Holmlia-drapet 

I 2001 vart 15 år gamle Benjamin Hermansen frå Oslo knivstukken og drepen på grunn av hudfargen sin. Mannen bak angrepet var nynazist. Etter drapet vart det store demonstrasjonar i heile Noreg og ein stor debatt om rasisme. Drapet på Benjamin Hermansen har blitt eit symbol på at kampen mot rasisme ikkje er ferdig.

⬅  Kvart år  vert Benjamin-prisen delt ut til skular som jobbar aktivt mot rasisme.

Foto: Kuben yrkesarena (CC-BY-SA)

22. juli og høgreekstreme rørsler  

Terrorangrepa i Noreg 22. juli 2011 var nokre av dei mest grufulle og stygge hendingane i Noreg og Europa i moderne historie. 77 personar vart drepne i angrepa av den høgreekstreme terroristen Anders Behring Breivik. Breivik trudde på ideen om «menneskerasar» og at desse har ulik verdi, og på konspirasjonsteoriar om at muslimar ville overta Noreg og resten av Europa.

22. juli kom Breivik til Utøya kledd i politiuniform. Målet hans var å ta livet av medlemmar av AUF. AUF er ungdomspartiet til Arbeidarpartiet, eit sosialdemokratisk parti. Breivik og andre høgreekstreme meiner at Arbeidarpartiet er årsaka til at Noreg har blitt eit flerkulturelt samfunn, og at partiet  har ein skjult agenda om å øydeleggje «den norske kulturen». Sjølv om Anders Behring Breivik handla åleine, er det mange som deler ideologien og tankane hans.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Korleis kan vi førebyggje rasisme?

Det er mange måtar å førebyggje rasisme på.

  1. Politisk kan vi få vedteke lover som fremjar menneskerettar. På denne måten kan vi sikre at alle folk får dei same rettane, og verne dei mot diskriminering på arbeidsplassen, i skulen, offentlege tenester og så vidare.
  2. Vaksne kan sørgje for å vere gode rollemodellar overfor barn, og fremje verdiar som at alle har like høg verdi uavhengig av kultur, hudfarge og religion.
  3. Eit anna tiltak er å bli kjend med andre kulturar. På denne måten kan vi endre og få slutt på fordommar vi har mot andre og framande kulturar.

Dokketesten

Sei frå! 

Samtidig må vi også forstå at det finst rasisme i samfunnet. Dersom vi opplever eller ser diskriminering på grunn av hudfarge, kultur eller religion, bør vi seie tydeleg frå til den som fornærmar. Det kan også vere viktig å fortelje vedkommande kvifor det som er gjort eller sagt, vert opplevd som rasistisk eller diskriminerande. Om han eller ho ikkje gir seg, bør vi seie frå til læraren eller rektoren. Vi må hugse på at lovene i Noreg slår hardt ned på diskriminering og rasistiske haldningar.

Sosialt eksperiment: Rasisme i Noreg 

Ein film frå TV 2.

Kjelder:

  • Skorgen, Torgeir; Ikdahl, Ingunn; Berg-Nordlie, Mikkelrasisme i Store norske leksikon på snl.no.
    Henta 2. september 2020 frå https://snl.no/rasisme

Bilet- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. Getty Images
    5. Getty Images
    6. NRK
    7. Getty Images
    8. NRK
    9. Ukjent
    10. Getty Images
    11. Getty Images
    12. Fanpage.it – YouTube
    13. Getty Images
    14. TV 2 – YouTube