Reformasjonen – ei forandring

Reformasjonen var ei stor religiøs omvelting i Europa på 1500-talet. Det førte til at kyrkja vart delt inn i den katolske og den protestantiske.

Accessibility icon Reformasjonen – ei forandring

Avlatshandel

På begynnelsen av 1500-talet oppstod den såkalla reformasjonen. Den tyske presten Martin Luther hadde vore på pilegrimsreise til Roma. Under denne reisa såg han at det var enorm forskjell på rike og fattige. Folk var redde for å bli straffa av Gud. Dei kunne betale pengar til kyrkja for å unngå straff. Kyrkja selde noko som vart kalla avlatsbrev. Luther meinte at denne ordninga var feilaktig.

Martin Luther kom heim til Tyskland og protesterte mot det han hadde sett på reisa si.

Vi seier at reformasjonen starta 31. oktober 1517 i den tyske byen Wittenberg. Det var då Martin Luther offentleggjorde meiningane sine om avlatshandelen. Han skreiv 95 setningar (tesar) om dette som han presenterte for kyrkja.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
En statue av Martin Luther som peker på en bok
En statue av Martin Luther som peker på en bok

Reformasjon

Målet med denne protesten var å reformere (forandre) den katolske kyrkja. Paven godtok ikkje protestane, og Martin Luther vart bannlyst av den katolske kyrkja.

📷  Riksdagen i Worms 1521.

Keisaren i Tyskland var katolikk og støtta ikkje Martin Luther. Dette skapte opprør mellom katolikkar og Luther sine støttespelarar.

Keisaren måtte til slutt gi seg. Han tillét at folk kunne velje si eiga tru. Den protestantiske kyrkja begynte derfor å vekse.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Munken Martiun Luther i krangel med biskoper.
Munken Martiun Luther i krangel med biskoper.

Ønsker du å lese hele artikkelen?

Ved å logge inn får du full tilgang til artikkelen, samt Lærerrommet med engasjerende læringsstier og oppgaver du kan bruke i undervisningen.

Logg inn med Feide

Ønsker du å prøve ut fullversjonen av Skolerom?
Kontakt oss her!