Reformasjonen – ei forandring

Reformasjonen var ei stor religiøs omvelting i Europa på 1500-talet. Det førte til at kyrkja vart delt inn i den katolske og den protestantiske.

Accessibility icon Reformasjonen – ei forandring

Avlatshandel

På begynnelsen av 1500-talet oppstod den såkalte reformasjonen. Den tyske presten Martin Luther hadde vore på pilegrimsreise til Roma, og under denne reisa hadde han bite seg merke i fleire ting som han reagerte på. Han såg at dei rike levde i sus og dus på bekostning av dei fattige, og i tillegg tente paven godt med pengar på å frita folk frå synd. Dette gjorde paven ved å selje noko som vart kalla avlatsbrev. I vår tid hadde vi kalla dette korrupsjon.

Då Martin Luther kom heim igjen til Tyskland, begynte han å protestere mot det han hadde sett på reisa si. Han meinte det var like ille i Tyskland som i byen til paven, Roma. Han fekk òg støtte av fleire fyrstar og andre lærde i landet.

Vi pleier å rekne at reformasjonen starta 31. oktober 1517 i den tyske byen Wittenberg. Det var då Martin Luther offentleggjorde meiningane sine om avlatshandelen. Han skreiv 95 setningar (tesar) om dette som han presenterte for kyrkja. Mange har meint at desse tesane vart spikra opp på kyrkjedøra i Wittenberg, men dette er lite sannsynleg, ifølgje historikarar.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
En statue av Martin Luther som peker på en bok
En statue av Martin Luther som peker på en bok

Reformasjon

Målet med denne protesten var å reformere (forandre) den katolske kyrkja. Luther ønskte ikkje å bryte med henne, for kyrkja stod òg for mykje positivt. Men Luther åtvara mot at biskopar og prestar bestemte altfor mykje. Han meinte at vanlege folk skulle få lese Bibelen og gjere seg opp sine eigne meiningar om tru. Det var trua åleine som førte menneske til himmelen, og ikkje alle reglane til kyrkja. Paven godtok ikkje dei tyske protestane, og Martin Luther vart bannlyst. Etter det måtte han halde seg skjult, men hadde fleire gode venner som hjelpte han.

📷  Riksdagen i Worms 1521.

Keisaren i Tyskland støtta paven framfor Martin Luther, og dette skapte opprør mellom katolikkar og Luthers støttespelarar fleire stader i Tyskland. Mange var sinte og frustrerte, og kvar side meinte at dei hadde Gud på si side.

Keisaren måtte til slutt gi etter og lét fyrstane sjølv få bestemme kva tru dei ville ha i områda sine. Den protestantiske kyrkja har opphavet sitt i denne hendinga.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Munken Martiun Luther i krangel med biskoper.
Munken Martiun Luther i krangel med biskoper.

Ønsker du å lese hele artikkelen?

Ved å logge inn får du full tilgang til artikkelen, samt Lærerrommet med engasjerende læringsstier og oppgaver du kan bruke i undervisningen.

Logg inn med Feide

Ønsker du å prøve ut fullversjonen av Skolerom?
Kontakt oss her!