Reformasjonen – ei forandring

Reformasjonen var ei stor religiøs omvelting i Europa på 1500-talet. Det førte til at kyrkja vart delt inn i den katolske og den protestantiske.

Accessibility icon Reformasjonen – ei forandring

Avlatshandel

Reformasjonen oppstod på begynnelsen av 1500-talet. Den tyske presten Martin Luther hadde vore på reise til Roma. På reisa opplevde han at det var stor forskjell på rike og fattige.

På denne tida var mange redde for å bli straffa av Gud for syndene sine. For å sleppe straff kunne dei betale til kyrkja. Dei kjøpte noko som vart kalla avlatsbrev. Avlat betyr tilgjeving. Luther meinte denne ordninga var feilaktig.

Martin Luther kom heim til Tyskland og protesterte mot det han hadde sett på reisa si.

31. oktober 1517 fortalde Luther kva han meinte om avlatshandelen. Han gjorde det ved å skrive 95 setningar (tesar) som han gav til kyrkja.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
En statue av Martin Luther som peker på en bok
En statue av Martin Luther som peker på en bok

Reformasjon

Målet med denne protesten var å reformere (forandre) den katolske kyrkja. Paven i Roma godtok ikkje protestane til Luther. Han vart dermed bannlyst. Då fekk han ikkje lov til å vere ein del av kyrkja.

📷  Riksdagen i Worms 1521.

Keisaren i Tyskland var katolikk. Han støtta paven og ikkje Luther. Vennene til Luther vart veldig sinte og gjorde opprør.

Keisaren måtte til slutt gi seg. Han lét folk få bestemme over si eiga tru. Den protestantiske kyrkja vart meir og meir populær, og ho vaks seg stor.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Munken Martiun Luther i krangel med biskoper.
Munken Martiun Luther i krangel med biskoper.

Ønsker du å lese hele artikkelen?

Ved å logge inn får du full tilgang til artikkelen, samt Lærerrommet med engasjerende læringsstier og oppgaver du kan bruke i undervisningen.

Logg inn med Feide

Ønsker du å prøve ut fullversjonen av Skolerom?
Kontakt oss her!