Riddarar av det runde bord

Kvifor valde kong Arthur å sitje ved eit rundt bord då han inviterte til møte? Gir den runde forma ein fordel framfor trekantar og firkantar?

Accessibility icon Riddarar av det runde bord

Kong Arthur

Du har kanskje høyrt om Kong Arthur og riddarane av det runde bord? Vi veit ikkje sikkert om kong Arthur har levd. Det er mogleg at forteljinga om han berre er ein myte – eit slags eventyr.

Kong Arthur forsvarte England mot mange fiendar. Han fekk god hjelp av riddarane sine. Dei var tilsette av kongen for å forsvare han og landet. Dei hadde det rett og slett som jobb.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Portrett av en ridder med brynje på hodet, fargerik rustning og sverd.
Portrett av en ridder med brynje på hodet, fargerik rustning og sverd.

Det runde bordet

I forteljinga om Kong Arthur samlar han riddarane sine rundt eit sirkelforma bord. Men kvifor var det viktig at riddarane sat ved eit rundt bord?

Ingen av riddarane ville sitje dårlegare plassert enn nokon andre. Med eit firkanta bord ville kongen ha site øvst. Så hadde ein lågare rang di lenger unna kongen ein sat. Med eit rundt bord følte alle riddarane seg like viktige.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
En sirkel inndelt i mange sektorer der kong Arthur er malt inn øverst.
En sirkel inndelt i mange sektorer der kong Arthur er malt inn øverst.

Eit demokratisk bord

Ein kan derfor seie at eit rundt bord er eit symbol på demokrati. Alle som sit der, har lik rett til å seie noko. Ingen skal vere viktigare enn dei andre. Men kva med han som er ordstyrar? Kva for ei makt kan denne personen ha?

Overblikk fra et møte med 4 personer
Overblikk fra et møte med 4 personer

Gir runde rom betre læring?

I Singapore har dei bygd eit universitet med runde klasserom. Nanyang teknologiske universitet (NTU) blir rekna som eit av dei beste universiteta i verda. Kvifor kan eit rundt klasserom ha betydning for god læring?

Nanyang teknologiske universitet i Singapore som er bygget sammen av flere runde tårn.
Nanyang teknologiske universitet i Singapore som er bygget sammen av flere runde tårn.

Kjelder:

  • Oftedal, Magne; Halvorsen, Arne; Lunga, Peter Sigurdson: Arthur – sagnkonge i Store norske leksikon på snl.no. Henta 17. februar 2022 frå https://snl.no/Arthur_-_sagnkonge

Bilde- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. Getty Images