Mat er det sosiale limet
Ein felles frukost i helga gjev gjerne ein god start på dagen, og tenk på kor triveleg det er å ha nokon å ete lunsj saman med på skulen. Mange familiar synest det er viktig å ete middag saman, for då deler dei små og store opplevingar gjennom dagen. Det fellesskapet vi opplever då, kan vere viktigare enn sjølve maten.
En familie som spiser lunsj sammen rundt et middagsbord
Måltidet si rolle i fest og høgtid
Ved høgtider som jul og påske samlar vi gjerne familie og venner til tradisjonsrike måltid, og ved bursdagar og liknande lagar vi alltid noko ekstra godt til ære for gjestane. I slike samanhengar et vi ofte meir enn vanleg fordi vi har det hyggeleg og maten er god. Vi har kanskje førebudd måltidet i vekesvis på førehand. Det viser kor sentralt måltidet er for å skape sosiale band og fellesskap.
Kake serves til barnebursdag
Gutt som spiser spagetti rett fra kjelen
Ulike skikkar i ulike land
Måltidet er blant dagens høgdepunkt for alle menneske, og hyggja og kosen ved å samlast rundt eit felles måltid er den same overalt. Men kva som er vanleg skikk og bruk rundt måltidet i ulike land og kulturar, er svært forskjellig.
En kinesisk familie spiser kinesisk mat kledd i tradisjonell folkedrakt
Frankrike
I Frankrike er det omtrent som i Noreg, men tannpirkarar finst aldri på bordet. Her er det uhøfleg å bruke tannpirkar mens ein sit ved bordet. Det er også svært uhøfleg å snakke med mat i munnen eller å ha olbogane på bordet. Etter å ha ete skal ein tørke seg pent på servietten før ein drikk av glaset. I Frankrike er det også vanleg å ha sin eigen tøyserviett som ein bruker gjennom heile veka.
Perspektiv bilde av en glad familie spise frokost
Bilde av indisk dame nyte et måltid på gulvet
En liten familie som står å griller middag ute i solen
Samisk matkultur
Samane sine skikkar rundt måltidet er tett knytte til naturen og tilgangen til råvarene til ulike årstider. Den tradisjonelle samiske matlaginga krev tid, sjølv om rettane er enkle. Ofte treng ein ikkje eingong kniv og gaffel. For samane er det viktig å vise respekt for det naturen gjev, ved å bruke heile dyret som er slakta. Desse mattradisjoneae er samane opptekne av å bevare, nettopp fordi tradisjonane knyter dei saman til eitt folk. Det viser kor sterkt mat heng saman med kultur.
Kjele på et bål
En islamsk familie spiser et smakfullt måltid sammen
En familie på skogstur deler kakaoen fra termosen i tur koppene sine
Kilder:
- Dagens Næringsliv (01.09.2021): – Det finst ikkje lenger frukost, middag og kvelds i USA https://www.dn.no/smak/matkultur/usa/amerikansk-mat/matindustri/-det-finnes-ikke-lenger-frokost-middag-og-kvelds-i-usa/1-1-5705753
- Kumru, Niru: indisk mat i Store norske leksikon på snl.no.
Henta 30. august 2021 frå https://snl.no/indisk_mat
- NDLA (30.08.2021): Mer enn mat
https://ndla.no/nb/subject:1:2cbe8089-7d7b-407f-8f04-fbfdc116abc1/topic:2:183742/topic:2:184719/resource:1:3827
- Norsk barneblad (31.08.2021): Kva er god bordskikk?
https://www.barneblad.no/artiklar/artiklar/kva-er-god-bordskikk
- VG (01.09.2021): Slik spiser du i andre land
https://www.vg.no/forbruker/reise/i/zLlGoK/slik-spiser-du-i-andre-land
- Institutt for kulturstudier og orientalske språk, UiO (01.09.2021): Smaken av Sápmi – Samiske mattradisjoner som immateriell kulturarv
https://www.duo.uio.no/bitstream/handle/10852/70263/levering-master-ellen-krageberg-.pdf?sequence=1&isAllowed=y
- Wikipedia (01.09.2021): Sabbat
https://no.wikipedia.org/wiki/Sabbat_(jødisk)
- Wikipedia (01.09.2021): Ramadan
https://no.wikipedia.org/wiki/Ramadan
Bilde- og videorettar
-
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-