Samane – eit urfolk
Samane, urbefolkninga i Noreg, har ein spennande kultur. Likevel prøvde staten på 1800-talet å fjerna den eldste kulturen i landet og tvinga samane til å bli ein del av storsamfunnet.
Sameland – Sápmi
Samane nyttar namnet Sápmi om området frå Hedmark i sør til Finnmark i nord, og dessutan om delar av Russland i nord. Ei folkegruppe busette seg i dette området for over 10 000 år sidan. Her kunne menneska leva av jakt og fiske. Kulturen og levemåten som utvikla seg, blir kalla samisk. Samar er altså den eldste folkegruppa i området Sápmi og det vi kallar urfolk.
Kart over Sápmi
Siidaen
Det samiske området vart delt inn i fangstområde. Desse områda vart kalla siidaer. Siidaen hadde eit styre og ein leiar. Medlemmene hadde lov til å bruka naturgoda innanfor området sitt. Samane levde som nomadar. Dei flytta reinflokkane sine til dei beste beiteområda. Samane budde i små hytter med veggar av jord.
Inngravert illustrasjon av samer i Nord-Norge i 1897
Sjamanen og runebomma
Den samiske religionen er ein naturreligion. Det vil seia at ein trur på ånder i naturen. Siidaen hadde ein sjaman. Han var ein type prest. Med tromma si kunne sjamanen spå framtida for folket og lækja sjukdom. Tromma var laga av reinskinn, tre og bein.
Kolonisering av Sápmi
Frå slutten av 1500-talet byrja folk frå sør å kolonisera og bruka naturen i Sápmi. Det gjorde at samar vart pressa nordover. Samane fekk inga erstatning for landområde som vart tekne frå dei. Koloniseringa førte til at siidaen gjekk i oppløysing.
Bilde fra 1800-tallet av samer i Norge
Vanskeleg livssituasjon for mange
Landegrenser mellom Noreg, Sverige, Finland og Russland vart bestemte. Samane var nomadar og ferdast over store område. Når dei kryssa ei landegrense, måtte dei betala skatt. Det gjorde at samane måtte jakta meir for å kunna betala all skatten. Snart var det nesten ingen villrein ingen. Mange samar starta derfor med tamrein.
Reinsdyr i Tromsø
Misjonering og hekseprosessar
Tidleg på 1700-talet byrja nybyggarane å byggja kyrkjer i Nord-Troms og Finnmark. Sjamanisme vart no forbode. Samane skulle omvendast til å tru på kristendommen. På 1500- og 1600-talet gjekk det føre seg heksebrenning i Noreg og i Europa. I nord vart mange samar, spesielt sjamanar, skulda for å driva med trolldom. Dei som vart dømde, vart brunne på bålet.
Gruppe med samer i pels utenfor Kautokeino kirke
Læstadianisme
På midten av 1800-talet vart mange, spesielt i Nord-Noreg, tilhengarar av den svensk-samiske presten Lars Levi Læstadius og tolkinga hans av kristendommen. Denne tolkinga hadde langt strengare levereglar enn staten kravde. Mellom anna var det forbod mot alkohol og mot å dansa. Mange samar byrja å følgja den nye religiøse retninga.
Illustrasjon av den svensk-samiske presten Lars Levi Læstadius
Kautokeinoopprøret
I 1852 oppstod det ein alvorleg konflikt i Kautokeino. I fleire år hadde den samiske befolkninga vore misnøgd med den ikkje-samiske øvrigheita, som bestod av handelsmannen, presten og lensmannen.
Samane opplevde stadig at dei fekk mindre beiteområde. Mange samar hadde vorte læstadianarar og meinte at religionen til styresmaktene ikkje var den riktige trua. Dei meinte òg at handelsmannens sal av alkohol gav store problem for mange. Opprøret førte til at handelsmannen og lensmannen vart drepne. Opprørarane vart dømde til fengsel eller straffarbeid. To leiarar blant opprørarane vart avretta.
Landskaps bilde fra vinter i Nord-Norge
Fra Internatskolen for Flyttsame-barn. Liten gutt foran tavlen holder en pekestokk.
Tida etter 2. verdskrigen
Etter krigen fekk ein nye tankar om menneskeverd. I løpet av 1960-talet var det semje om at samane skulle ta vare på og utvikla eige språk og eigen kultur.
I 1963 vart det bestemt i Stortinget at samane skal vera ein del av eit likeverdig fellesskap i Noreg. Då kong Harald opna Stortinget i 1997, bad han om tilgjeving for fornorskingspolitikken som samane hadde vorte utsette for.
Sametinget
Alta-saka
I 1979 ville Statkraft byggja ei stor demning i Alta-Kautokeino-vassdraget. For samane var dette eit viktig beite- og fiskeområde. Dei protesterte mot utbygginga, men dei vart ikkje høyrde. Samane fekk støtte av naturvernarar som ville hindra inngrep i naturen. Det førte til mange ikkje-valdelege demonstrasjonar. Demninga vart likevel bygd, men hendinga førte til endringar i samepolitikken.
Samelova
Etter Alta-saka vart samelova laga. Det er ei viktig lov som handlar om samiske rettsforhold. Det var semje om at samane burde få vera med på å bestemma over saker som gjaldt dei. To år seinare, i 1989, vart Sametinget opna.
Åpning av sametinget
Kjelder:
- ndla.no (19.01.2021): Samene – et urfolk
https://ndla.no/subject:44/topic:1:198120/topic:1:198132/resource:1:185226?filters=urn:filter:78e538a3-78bf-4db2-af00-2ca7d721cb25
- Gaski, Harald: samisk religion i Store norske leksikon på snl.no.
Henta 19. januar 2021 frå https://snl.no/samisk_religion
- Berg-Nordlie, Mikke: Kautokeino-opprøret i Store norske leksikon på snl.no.
Henta 19. januar 2021 frå https://snl.no/Kautokeino-opprøret
- Funderud Skogvang, Susann: sameloven i Store norske leksikon på snl.no.
Henta 19. januar 2021 frå https://snl.no/sameloven
- Berg-Nordlie, Mikke: Sametinget i Store norske leksikon på snl.no.
Henta 19. januar 2021 frå https://snl.no/Sametinget
- Nesheim, Asbjørn: gamme i Store norske leksikon på snl.no.
Henta 19. januar 2021 frå https://snl.no/gamme
Bilde- og videorettar:
-
-
Ray Swi-hymn (CC – SA 2.0)
-
Getty Images
-
O.H. von Lode
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Sophus Tromholt / Norsk folkemuseum
-
Nasjonalbiblioteket
-
Getty Images / Sandrew Metronome
-
NTB / NRK Skole
-
Sametinget
-
Riksarkivet
-
Sametinget
-