Samane – eit urfolk

Samane, urbefolkninga i Noreg, har ein spennande kultur. Likevel prøvde staten på 1800-talet å fjerna den eldste kulturen i landet og tvinga samane til å bli ein del av storsamfunnet.

Accessibility icon Samane – eit urfolk

Sameland – Sápmi

Samane nyttar namnet Sápmi om området frå Hedmark i sør til Finnmark i nord, og dessutan om delar av Russland i nord. Ei folkegruppe busette seg i dette området for over 10 000 år sidan. Her kunne menneska leva av jakt og fiske. Kulturen og levemåten som utvikla seg, blir kalla samisk. Samar er altså den eldste folkegruppa i området Sápmi og det vi kallar urfolk.

Kart over Sápmi
Kart over Sápmi

Siidaen

Det samiske området vart delt inn i fangstområde. Desse områda vart kalla siidaer. Siidaen hadde eit styre og ein leiar. Medlemmene hadde lov til å bruka naturgoda innanfor området sitt. Samane levde som nomadar. Dei flytta reinflokkane sine til dei beste beiteområda. Samane budde i små hytter med veggar av jord.

Inngravert illustrasjon av samer i Nord-Norge i 1897
Inngravert illustrasjon av samer i Nord-Norge i 1897

Ønsker du å lese hele artikkelen?

Ved å logge inn får du full tilgang til artikkelen, samt Lærerrommet med engasjerende læringsstier og oppgaver du kan bruke i undervisningen.

Logg inn med Feide

Ønsker du å prøve ut fullversjonen av Skolerom?
Kontakt oss her!