Samane – eit urfolk
Samane, urbefolkninga i Noreg, har ein spennande kultur. Likevel prøvde staten på 1800-talet å fjerna den eldste kulturen i landet og tvinga samane til å bli ein del av storsamfunnet.
Kart over Sápmi
Inngravert illustrasjon av samer i Nord-Norge i 1897
Sjamanen og runebomma
Den samiske religionen er ein naturreligion. Det vil seia at ein trur på ånder i naturen. Siidaen hadde ein sjaman. Han var åndeleg leiar, eller ein type prest. Sjamanen var eit viktig bindeledd mellom menneska og åndeverda, eller gudane. Gjennom transe og med runebomma kunne sjamanen spå framtida for folket, jaktlykke og lækja sjukdom. Runebomma var tromma til sjamanen. Ho var laga av reinskinn, tre og bein og var dekorert med teikningar som fortalde om segner eller samiske gudar.
Kolonisering av Sápmi
Frå slutten av 1500-talet byrja folk frå sør å kolonisera og bruka naturressursane i Sápmi. Det gjorde at samar vart pressa nordover ved at område vart bygde ut. Samane fekk inga erstatning for landområde som vart tatt frå dei. Koloniseringa førte til at siidaen gjekk i oppløysing.
Bilde fra 1800-tallet av samer i Norge
Vanskeleg livssituasjon for mange
Landegrenser vart fastsette. Som nomadar ferdast samane over store område. Når dei kryssa ei landegrense, måtte dei betala skatt ikkje berre til eitt, men til fleire land. Skattetrykket gjorde at samane stadig måtte jakta meir for å kunna betala. Snart var det bortimot tomt for villrein. Mange starta derfor med tamrein. Brennevinssalet i Finnmark skapte eit stort alkoholproblem. Alkoholproblem og mykje skatt skapte ein vanskeleg livssituasjon for mange.
Reinsdyr i Tromsø
Misjonering og hekseprosessar
Tidleg på 1700-talet byrja nybyggarane å byggja kyrkjer i Nord-Troms og Finnmark. Sjamanisme vart no forbode. Samane skulle omvendast til å tru på kristendommen. På 1500- og 1600-talet vart mange samar, spesielt sjamanar, skulda for å driva med trolldom. Mange vart avretta.
Gruppe med samer i pels utenfor Kautokeino kirke
Læstadianisme
På midten av 1800-talet oppstod ei ny vekkingsrørsle rundt den svensk-samiske presten Lars Levi Læstadius. Dette var ei langt strengare praktisering av kristendommen enn staten kravde, med mellom anna forbod mot alkohol og mot å dansa. Mange samar tok til å følgja den nye religiøse retninga.
Illustrasjon av den svensk-samiske presten Lars Levi Læstadius
Kautokeinoopprøret
I 1852 oppstod det ein alvorleg konflikt i Kautokeino. Over fleire år hadde det vore misnøye blant den samiske befolkninga med den ikkje-samiske øvrigheita, som bestod av handelsmannen, presten og lensmannen.
Samane opplevde stadig at beiteområda vart avgrensa. Dei meinte òg at religionen til styresmaktene ikkje var den riktige trua. Dessutan skapte alkoholhandelen store problem for mange. Opprøret førte til at handelsmannen og lensmannen vart drepne. Opprørarane vart dømde til fengsel eller straffarbeid. To leiarar blant opprørarane vart avretta.
Landskaps bilde fra vinter i Nord-Norge
Fra Internatskolen for Flyttsame-barn. Liten gutt foran tavlen holder en pekestokk.
Tida etter 2. verdskrigen
Etter krigen oppstod nye oppfatningar om menneskeverd. I løpet av 1960-talet var det semje om at samane skulle ta vare på og utvikla eige språk og eigen kultur.
I 1963 vart det bestemt i Stortinget at samane skal vera ein del av eit likeverdig fellesskap i Noreg. Då kong Harald opna Stortinget i 1997, bad han på vegner av den norske staten om tilgjeving for fornorskingspolitikken samane hadde lide under.
Sametinget
Alta-saka
Konflikten rundt utbygginga av Alta-Kautokeino-vassdraget i 1979 førte til store endringar i den norske samepolitikken. Statkraft planla å bygga ei stor demning i vassdraget. For samane var dette eit viktig beite- og fiskeområde. Dei protesterte mot utbygginga, men dei vart ikkje tekne med på råd. Samane fekk støtte av naturvernarar som ville hindra inngrep i naturen. Det førte til mange ikkje-valdelege demonstrasjonar. Demninga vart likevel bygd, men hendinga førte til endringar i samepolitikken.
Samelova
Etter Alta-saka vart samelova danna. Det er ei viktig lov som handlar om samiske rettsforhold. Det var semje om at samane burde få vera med på å bestemma over samiske saker. To år seinare, i 1989, vart Sametinget opna.
Åpning av sametinget
Kjelder:
- ndla.no (19.01.2021): Samene – et urfolk
https://ndla.no/subject:44/topic:1:198120/topic:1:198132/resource:1:185226?filters=urn:filter:78e538a3-78bf-4db2-af00-2ca7d721cb25
- Gaski, Harald: samisk religion i Store norske leksikon på snl.no.
Henta 19. januar 2021 frå https://snl.no/samisk_religion
- Berg-Nordlie, Mikke: Kautokeino-opprøret i Store norske leksikon på snl.no.
Henta 19. januar 2021 frå https://snl.no/Kautokeino-opprøret
- Funderud Skogvang, Susann: sameloven i Store norske leksikon på snl.no.
Henta 19. januar 2021 frå https://snl.no/sameloven
- Berg-Nordlie, Mikke: Sametinget i Store norske leksikon på snl.no.
Henta 19. januar 2021 frå https://snl.no/Sametinget
- Nesheim, Asbjørn: gamme i Store norske leksikon på snl.no.
Henta 19. januar 2021 frå https://snl.no/gamme
Bilde- og videorettar:
-
-
Ray Swi-hymn (CC – SA 2.0)
-
Getty Images
-
O.H. von Lode
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Sophus Tromholt / Norsk folkemuseum
-
Nasjonalbiblioteket
-
Getty Images / Sandrew Metronome
-
NTB / NRK Skole
-
Sametinget
-
Riksarkivet
-
Sametinget
-