Samane – eit urfolk

Samane, urbefolkninga i Noreg, har ein spennande kultur. Likevel prøvde staten på 1800-talet å fjerna den eldste kulturen i landet og tvinga samane til å bli ein del av storsamfunnet.

Accessibility icon Samane – eit urfolk

Sameland – Sápmi

Samane nyttar namnet Sápmi om området frå Hedmark i sør til Finnmark i nord, og dessutan om delar av Russland i nord. Arkeologar har funne spor som viser at ei folkegruppe busette seg i dette området for over 10 000 år sidan. Det er den eldste busetjinga i Noreg. I dette området kunne menneska leva av jakt og fiske.

Kulturen og levemåten som utvikla seg, blir kalla samisk. Samar er altså den eldste folkegruppa i området Sápmi og blir definerte som urfolk. To tredelar av samane bur i Noreg. Resten bur i Sverige, Finland og Russland. Samane sitt Sápmi er ein nasjon utan riksgrenser, med felles historie og språk.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Kart over Sápmi
Kart over Sápmi

Siidaen

Det samiske området vart delt inn i fangstområde. Desse områda vart kalla siidaer. Siidaen hadde eit styre og ein vald leiar. Siidastyret laga rettsreglar og fungerte som domstol. Medlemmene i siidaen hadde rett til alle naturressursar innanfor sitt område.

Innanfor dette området levde samar i grupper, som nomadar. Det vil seia at dei flytta reinflokkane sine der naturressursane var tilgjengelege. Det var vanleg med ulike buplassar i ulike sesongar.

Den tradisjonelle buforma for samar har vore gamme, som er ei hytte med jordveggar. Dessutan har det vore vanleg med eit flyttbart lavvo-telt med ein eldstad midt i rommet.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Inngravert illustrasjon av samer i Nord-Norge i 1897
Inngravert illustrasjon av samer i Nord-Norge i 1897

Ønsker du å lese hele artikkelen?

Ved å logge inn får du full tilgang til artikkelen, samt Lærerrommet med engasjerende læringsstier og oppgaver du kan bruke i undervisningen.

Logg inn med Feide

Ønsker du å prøve ut fullversjonen av Skolerom?
Kontakt oss her!