Eldorado
– ein by av gull?

For å lære historia om Eldorado må vi lære litt om historia i Sør-Amerika. I denne artikkelen vil du lese litt om oppdaginga av Amerika, om urbefolkninga muisca-folket, og om ein innsjø full av gull.

Fantes det egentlig en by av gull langt inni Amazon-jungelen?
Fantes det egentlig en by av gull langt inni Amazon-jungelen?

Oppdaginga av nye verder

For mange hundre år sidan visste vi ikkje om alle landa og kontinenta i verda. Då reiste europearar ut på oppdagingsreiser for å finne nye stader og ting. Det dei fann, tok dei med seg heim, og på den måten lærte vi om andre kulturar og mattypar.

Men det var ikkje berre bra når europearane kom. Det var ikkje alltid dei var så snille med dei menneska som budde der frå før. Og nokre gonger tok dei – utan å vite om det – med seg sjukdommar som menneska i andre land ikkje tolte. Derfor var det mange som døydde av desse oppdagingsreisene.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Kristoffer Columbus ankommer Amerika i 1492.
Kristoffer Columbus ankommer Amerika i 1492.

Oppdaginga av Amerika

Kristoffer Columbus prøvde å finne ein ny veg til India då han plutseleg oppdaga Amerika. Han trudde han var i India, så då han skulle skrive om oppdaginga, kalla han befolkninga indianarar. I dag heiter det amerikanske urfolk. Landet Colombia er oppkalla etter Kristoffer Columbus.

Mykje tyder på at den norske vikingen Leiv Eiriksson eigentleg oppdaga Amerika først, fleire hundre år før Kristoffer Columbus. Dessverre var han ikkje like flink til å skrive om oppdaginga, og derfor trur mange at det var Columbus som oppdaga Amerika først.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Europeiske oppdagere har funnet Amerika.
Europeiske oppdagere har funnet Amerika.

Urfolk

Eit urfolk er eit folk som budde ein stad før det vart til eit land sånn som vi tenkjer på land i dag. I Noreg er til  dømes samane eit urfolk. Det urfolket vi skal lære meir om her, er muisca-folket. Det blir  sagt at høvdingen til muisca-folket vart kalla El Dorado, som betyr ‘den gylne‘.

Høvdingen El Dorado – den gylne

Muisca-folkets leiar heitte Zipa. Det blir sagt at Zipa vart avkledd, smurd inn i leire og dekt av gullstøv. Deretter drog han til innsjøen Laguna Guatavita på ein flåte med masse gull. Då han kom til midten av vatnet, kasta han gullet uti og stupte etter han og. Vatnet skylte leira og gullstøvet av kroppen hans. Kanskje dette er grunnen til at Zipa vart kalla El Dorado eller den gylne?

Muisca-høvdingen Zipa full av gullstøv.
Muisca-høvdingen Zipa full av gullstøv.

Skatten under vatn

Skatten på djupet av Laguna Guatavita var kjempestor. Og mange ville ha han. Nokre prøvde å tømme sjøen for vatn med bøtter. Andre prøvde å grave kanalar ut frå sjøen. Men det var ikkje så lett, og det var vanskeleg å få med seg alle skattane. Til slutt var det ein som klarte å grave ein tunnel inn frå sida av eit fjell og dermed tømme sjøen for masse vatn. Han fekk med seg mange skattar, men ikkje alle. Og dei skattane som vart igjen, ligg no under storkna leire så hard at det er umogleg å finne dei!

En regnbue går over en liten innsjø i jungelen.
En regnbue går over en liten innsjø i jungelen.

Kven eig skatten?

I 1965 kom det ei lov som sa at det var ulovleg å grave opp eller øydeleggje sjøen Laguna Guatavita. Det betyr at gullet som ligg igjen nede på botnen, er beskytta.

Kor er skatten i dag?

Den skatten som vart graven opp, finst i dag på eit museum. Der er det masse skattar, og ein av skattane er muisca-flåten – den flåten som høvdingen Zipa kasta gull frå medan han var dekt av leire og gullstøv.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Muisca-flåte i gull – en av skattene etter El Dorado.
Muisca-flåte i gull – en av skattene etter El Dorado.

Denne artikkelen er laga i samarbeid med

Brageteatret logo

Artikkelen har til hensikt å gi elevar eit betre refleksjonsgrunnlag i samband med Brageteatrets forestilling «Eldorado». Forestillingen er ein del av Den kulturelle skulesekken og blir spelt i første omgang for 1.–4. trinn våren 2023.

Kjelder:

  • Restall, Matthew; Fernandez-Arnesto, Felipe:
    The Conquistadors: A Very Short Introduction (2011)
    Oxford University Press Inc

Bilde- og videorettar:

    1. Midjourney (AI)
    2. Dióscoro Puebla
    3. Midjourney (AI)
    4. Midjourney (AI)
    5. Midjourney (AI)
    6. Midjourney (AI)
    7. young shanahan – Flickr