Eldorado
– ein by av gull?

Har du høyrt om Eldorado? Ein by av gull, langt inne i jungelen i Sør-Amerika. Les om oppdaginga av Amerika, urfolket og gullskattane deira.

Fantes det egentlig en by av gull langt inni Amazon-jungelen?
Fantes det egentlig en by av gull langt inni Amazon-jungelen?

Europeiske oppdagarar

For mange hundre år sidan var det mange ukjende stader i verda. Mange europearar reiste på oppdagingsreiser for å finne nye land. Der fann dei mat og kultur som dei tok med seg heim. Slik lærte vi om dei nye stadene som vart oppdaga.

Ikkje så snille

Det var ikkje berre bra når europearane kom. Alle var ikkje like snille med dei menneska som budde der frå før. Europearane tok òg med seg sjukdommar. Mange av desse sjukdommane tok livet av dei innfødde. Dei kunne ingenting om desse sjukdommane, og dei mangla medisinar.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Kristoffer Columbus ankommer Amerika i 1492.
Kristoffer Columbus ankommer Amerika i 1492.

Oppdaginga av Amerika

Kristoffer Columbus prøvde å finne ein ny sjøveg til India. Det enda med at han oppdaga Amerika. Han trudde han var i India og kalla befolkninga indianarar. I dag seier vi amerikanske urfolk, ikkje indianarar. Landet Colombia er oppkalla etter Kristoffer Columbus.

Nordmann var først

Den norske vikingen Leiv Eiriksson oppdaga truleg Amerika først. Dette skjedde fleire hundre år før Kristoffer Columbus. Dessverre skreiv ikkje Eiriksson så mykje om det. Derfor trur mange at det var Columbus som oppdaga Amerika først.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Europeiske oppdagere har funnet Amerika.
Europeiske oppdagere har funnet Amerika.

Urfolk

Folk som budde ein stad før det vart til eit land, kallar vi urfolk. I Noreg er samane eit urfolk. Det urfolket vi skal lære meir om her, er muisca-folket. Det blir sagt at høvdingen til muisca-folket vart kalla El Dorado, som betyr ‘den gylne‘.

Høvdingen El Dorado – den gylne

Muisca-folkets leiar heitte Zipa. Det blir sagt at han vart smurd inn med leire og dekt av gullstøv. Deretter drog han til innsjøen Laguna Guatavita med ein flåte full av gull. Då han kom til midten av sjøen, kasta han gullet uti. Så stupte han uti sjølv, slik at gullstøvet på kroppen vart skylt av. Kanskje det er derfor han vart kalla El Dorado eller den gylne?

Muisca-høvdingen Zipa full av gullstøv.
Muisca-høvdingen Zipa full av gullstøv.

Skatten under vatn

Skatten på djupet av innsjøen var kjempestor. Og mange ville ha han. Fleire har prøvd å tømme sjøen for vatn. Men det var ikkje så lett, og det var vanskeleg å få med seg alle skattane. Til slutt var det ein som klarte å grave ein tunnel inn frå sida, og då rann det ut masse vatn. Han fekk med seg mange skattar, men ikkje alle. Dei skattane som vart igjen, ligg under eit tjukt lag med storkna leire.

En regnbue går over en liten innsjø i jungelen.
En regnbue går over en liten innsjø i jungelen.

Kven eig skatten?

I 1965 vart det ulovleg å grave meir i innsjøen. Det betyr at gullet som ligg igjen nede på botnen, er beskytta.

Kor er skatten i dag?

Den skatten som vart graven opp, finst i dag på eit museum. I tillegg kan ein sjå flåten som Zipa kasta gull frå medan han var dekt av leire og gullstøv.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Muisca-flåte i gull – en av skattene etter El Dorado.
Muisca-flåte i gull – en av skattene etter El Dorado.

Denne artikkelen er laga i samarbeid med

Brageteatret logo

Artikkelen har til hensikt å gi elevar eit betre refleksjonsgrunnlag i samband med Brageteatrets forestilling «Eldorado». Forestillinga er ein del av Den kulturelle skulesekken og blir spelt i første omgang for 1.–4. trinn våren 2023.

Kjelder:

  • Restall, Matthew; Fernandez-Arnesto, Felipe:
    The Conquistadors: A Very Short Introduction (2011)
    Oxford University Press Inc

Bilde- og videorettar:

    1. Midjourney (AI)
    2. Dióscoro Puebla
    3. Midjourney (AI)
    4. Midjourney (AI)
    5. Midjourney (AI)
    6. Midjourney (AI)
    7. young shanahan – Flickr