Eldorado
– ein by av gull?

For å lære historia om Eldorado må vi lære litt om historia i Sør-Amerika. I denne artikkelen vil vi lære om kolonisering, conquistadorar og ein sjø full av gull: Laguna Guatavita.

Fantes det egentlig en by av gull langt inni Amazon-jungelen?
Fantes det egentlig en by av gull langt inni Amazon-jungelen?

Koloniseringa av Sør-Amerika

På 1400- og 1500-talet reiste det menneske frå Spania og Portugal til Sør-Amerika. Dei ville finne gull og skattar som dei kunne gi til kongane sine. Desse menneska vart kalla conquistadorar.

Kolonisering gjorde at vi fann nye vegar mellom Europa og Amerika – og varer vi kunne frakte på dei nye vegane. Vi kan til dømes takke koloniseringa for at vi har potet i Noreg. Samtidig var kolonisering eit gruvsamt kapittel i verdshistoria. Europeerane tok ikkje omsyn til dei som budde i landet frå før, og utan å vite det tok dei og med seg sjukdommar som lokalbefolkninga ikkje hadde immunforsvar mot. Derfor var det mange som døydde i blodige slag og av sjukdom.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Kristoffer Columbus ankommer Amerika i 1492.
Kristoffer Columbus ankommer Amerika i 1492.

Kva er ein conquistador?

Ordet «conquistador» kjem frå latin og betyr ‘erobrar’. Ein erobrar er ein som tar makt over ein stad eller eit land med bruk av våpen. På 1400- og 1500-talet då desse conquistadorane kom til Sør-Amerika, vart dei heia på som heltar i Europa. I dag ville vi nok ha sett på dei som bøllar. For det budde andre menneske i Amerika som ikkje vart så glade for at nokon frå Europa skulle komme og ta landet deira og bestemme over dei.

Ein av dei mest kjende conquistadorane heitte Kristoffer Columbus. Han oppdaga Amerika ved ein feil i 1492. Eigentleg prøvde han å finne ein ny sjøveg til India, men i staden kom han til Amerika. Dette er faktisk grunnen til at den amerikanske urbefolkninga lenge vart kalla «indianarar». Landet Colombia er oppkalla etter Kristoffer Columbus.

Mykje tyder på at det eigentleg var den norske vikingen Leiv Eiriksson som oppdaga Amerika først. Han var der nesten 500 år før Kristoffer Columbus, i cirka år 1000. Dessverre var han ikkje like god til å dokumentere og fortelje om reisa si, og derfor er det Columbus som har fått mest heider og ære for den oppdaginga.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Europeiske oppdagere har funnet Amerika.
Europeiske oppdagere har funnet Amerika.

Urfolk

Eit urfolk er eit folk som budde ein stad før det vart kolonisert eller gjort om til eit land. I Noreg er til dømes samane eit urfolk. I Amerika fanst det ulike folkeslag som var delt inn i grupper. Dei fire mest kjende er muisca, aztek, inca og maya. Eit litt mindre kjent folk var tairona-folket. Dei levde i Colombia over 12 000 år før conquistadorane kom!

Tairona-folket laga imponerande gullsmykke. Ein conquistador såg alle desse vakre smykka og gullet. Dette var starten på historia om gullbyen og myten om Eldorado.

Eit anna folk som er knytt til myten om Eldorado, er muisca-folket. Nokon seier at høvdingen til muisca-folket vart kalla Eldorado, som betyr ‘den gylne’.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

Høvdingen Eldorado?

Det blir sagt at leiaren til muiscafolket, Zipa, vart avkledd og smurd inn i klistrete leire og dekt med gullstøv. Han drog til ein innsjø som heitte Laguna Guatavita på ein flåte lasta med gull. Zipa kasta gullet ut i vatnet og stupte etter. Vatnet skylte leira og gullstøvet av kroppen hans. Kanskje dette er grunnen til at Zipa vart kalla Eldorado eller den gylne?

Muisca-høvdingen Zipa full av gullstøv.
Muisca-høvdingen Zipa full av gullstøv.

Skatten under vatn

Mange hadde høyrt om historia til Laguna Guatavita og skatten på botnen av sjøen. Og mange ville ha den store skatten – for kvifor skal ein ha gull nede på botnen av ein sjø når ein kan ta det med seg heim og bli rik? Det finst mange historier om korleis oppdagingsreisande forsøkte å stele skatten.

1. forsøk:
I 1545 tvinga Làzaro Fonte og Hernan Perez de Quesada slavane sine til å tømme sjøen for vatn ved å bere det i bøtter. Slavane jobba i tre månader før dei måtte gi opp. Vasstanden hadde då sokke med tre meter. (Det er mykje – tenk så mange liter og bøtter med vatn det er!) Fonte og Perez de Quesada fekk med seg nokre skatter, men ikkje mange.

2. forsøk:
I 1580 prøvde Antonio de Sepúlveda å tømme innsjøen ved å tvinge slavane sine til å grave ut ein kanal så vatnet kunne renne ut. Det gjekk mykje betre enn det første forsøket. Vasstanden sokk med 20 meter. (Det er mange liter med vatn, det!) Dessverre heldt ikkje veggene som var bygget rundt kanalen. Veggene rasa saman og drap mange av slavane hans. Det blir sagt at Antonio de Sepúlveda fekk med seg mange skattar.

3. forsøk:
300 år seinare, i 1911, kom eit britisk skip leidd av den engelske ingeniøren Hartley Knowles. Han fekk tømt innsjøen for vatn ved å grave ein tunnel inn frå sida av eit fjell. Dette vart nok ikkje gjort av slavar, for slaveri vart ulovleg på slutten av 1800-talet. Kanskje var det lokalbefolkninga eller fangar som gjorde jobben? I avisa New York Times i 1912 sa Knowles at han hadde funne skattar verd 20 000 dollar.

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt
En regnbue går over en liten innsjø i jungelen.
En regnbue går over en liten innsjø i jungelen.

Korleis enda det?

Då Laguna Guatavita vart tømt for vatn, skjedde det som skjer når leire ikkje lenger er våt. Sola tørka jorda, og leira som låg oppå resten av skatten på botnen av sjøen, vart hard som stein.

Kven eig skatten?

I 1965 vedtok den colombianske regjeringa at Laguna Guatavita skulle bli verna som ein del av den kulturhistoriske nasjonalarven i landet. Det betyr at ingen andre får lov til å grave opp eller øydeleggje sjøen for å prøve å finne gull. Gullet skal bli der det er.

Kor er skatten i dag?

Nokre av skattane vart jo gravne ut, som vi har lese i denne artikkelen. I dag kan ein sjå fleire av skattane frå Eldorado på Gullmuseet i Bogotá. Blant desse skattane er muisca-flåten – den flåten som Zipa kasta gull frå medan han var dekt av leire og gullstøv.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Muisca-flåte i gull – en av skattene etter El Dorado.
Muisca-flåte i gull – en av skattene etter El Dorado.

Denne artikkelen er laga i samarbeid med

Brageteatret logo

Artikkelen har til hensikt å gi elevar eit betre refleksjonsgrunnlag i samband med Brageteatrets forestilling «Eldorado». Forestillinga er ein del av Den kulturelle skulesekken og blir spelt i første omgang for 1.–4. trinn våren 2023.

Kjelder:

  • Restall, Matthew; Fernandez-Arnesto, Felipe:
    The Conquistadors: A Very Short Introduction (2011)
    Oxford University Press Inc

Bilde- og videorettar:

    1. Midjourney (AI)
    2. Dióscoro Puebla
    3. Midjourney (AI)
    4. Midjourney (AI)
    5. Midjourney (AI)
    6. Midjourney (AI)
    7. young shanahan – Flickr