Saturn

Berre Jupiter er større enn denne kjempa av ein planet. Saturn er mest kjend for ringane sine. Kvar ring består av mange milliardar støvkorn og isklumpar. Det finst også små månar inni nokre av ringane og mellomromma.

Saturn er ei gasskjempe som er lettare enn nokon annan planet i solsystemet. Planeten står for det meste av flytande stoff.

Saturn brukar 29,5 jordår på å gå rundt sola. Døgnet på Saturn varar i cirka 10,5 timar.

I 2004 oppdaga romsonden Cassini eit enormt, forvridd tordenvêr i den sørlege atmosfæren til Saturn. Det fekk namnet Drakevêret. Det sender ut sterke radiobølgjer, og mektige lyn gnistrar rundt det. Forskarane meiner at vêret ligg djupt nede i atmosfæren og blussar opp no og då.

Saturn består av lettare masse enn nokon annan planet. Han veg berre to tredelar så mykje som vatn, så viss me hadde hatt ei stor nok bøtte med vatn, ville Saturn kunne flyta i bøtta. Jordmasse er ti gonger tyngre.

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt
Planeten Saturn

Saturn har ein kald atmosfære med lagdelte skyer av både vassis og giftig ammoniakkis. Det er 178 kuldegradar der. Som om det ikkje var ille nok, kan vinden koma opp i 1800 kilometer i timen ved ekvator. Det er 15 gonger fortare enn ein kraftig orkan på Vestlandet, så her er det lite hyggeleg å vera.

Ytterlag

Ytterlaget er hydrogen og helium i gassform. Det blandar seg med atmosfæren.

På innsida

Det tjukkaste laget rundt kjernen er av flytande hydrogen og helium.

Innerkjerne

Innerkjernen er ein liten steinkjerne som er over 11 000 °C. Rundt kjernen er det eit lag av gass og vatn. Utanpå dette ligg eit lag metallisk, flytande hydrogen og eit seigt lag flytande helium og hydrogen. Like ved overflata går hydrogenet og heliumet over i gassform. Difor har ikkje Saturn noka fast overflate.

Ytterkjerne

Ytterkjernen til Saturn er mykje tjukkare enn innerkjernen. Han består av metallisk flytande hydrogen.

Ringane

Ringane til Saturn består av is- og støvpartiklar. Dei minste er mikroskopiske, medan dei største er hundrevis av mil store.

Forrige avsnitt

1 / 5

Neste avsnitt

Cassini-Huygens var ein romsonde utan mannskap som blei skoten opp 15. oktober i 1997. Romsonden hadde i oppdrag å forska på Saturn og månane, inkludert Titan. Romsonen gjekk i oppløysing 15. september i 2017. Då var drivstoffet brukt opp.

Her kan du sjå NASA-bileta frå turen som romsonden hadde til Saturn.

Illustrasjon av romfartøy ved Saturn

Kjelder:

  • Universet Junior (2019)
    Orage Forlag AS

Bilet- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. Ukjent
    5. Getty Images og Tech Insider Youtube