Kva er eigentleg sex? med Tuva og Trine:

«Sexbobla»

Kva tenkjer du sex er? Penis i vagina eller anus? Sex er meir enn det. Sex startar i hovudet. Hovudet blir sett i gong når du blir tatt på. Kanskje ekstra godt på kjenslevare stader. Som øyret og brystvortene. Ein kjem i ei «sexboble». Det meste ein gjer i denne bobla, er sex.

Alle liker forskjellige ting

Kva liker du å ete? Har du ofte tre rettar? Slik ser det ofte ut med sex på film. Forretten er klining. Til hovudrett er det penis inn i skjede eller anus. Den retten  skal helst nytast lenge. Til dessert har vi orgasmen. Der begge to kjem samtidig. Mette og fornøgde. Det perfekte samleiet.

Røyndommen er ikkje alltid sånn

Vel. Slik er ikkje røyndommen. Vi liker ulike ting. Enkelte liker forretten best. Somme et sakte, og dei liker hovudretten  betre enn dessert. Andre et fort. Dei kjem til desserten tidleg. Andre igjen får kanskje ikkje nokon dessert. Begge kan uansett ha kost seg med måltidet!

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Sexperimentering

Prøv ut ulike ting. Finn ut kva du liker best. Kva liker du best? Bli tatt på rundt vulva? Men ikkje på klitorishovudet. Bli tatt på rumpa? Men ikkje i anus. Vi må bli flinkare til å seia i frå kva vi liker og ikkje. For sex er meir enn å ha noko opp i vagina eller anus.

Det er ikkje orgasmen som gjer sexen god

Tenk på sex som ein buffet. Smak litt på forskjellige rettar. Ta ein pause. Snakk litt. Så kan du ete vidare. Orgasme eller å komme er ikkje likt for alle. Mange kjem ikkje av at penis er i skjeden. Orgasmen kan komme midt i. Den må ikkje vere til slutt. Eller samtidig som på film. Du må heller ikkje komme. Sex kan vere godt likevel.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Ikkje alle vil ha alle typar sex

Så litt om analsex. Enkelte synest analsex er herleg, andre liker det ikkje. Vi er ulike. Tuva og Trine jobba i radioprogrammet Juntafil. Unge spurde dei ofte om analsex. Mange lurte på korleis ein gjer det, og andre lurte på korleis dei skulle overtale partnaren sin.

 Ta omsyn og bruk kondom

For det første. Rumpa skal halde på bæsj. Då treng ho sterke musklar. Ikkje putt noko i rumpa når musklane er stramme. Rumpa kan fort bli sår, og det gjer vondt. Rumpa har ikkje smøring som skjeden. Då er det lurt med glidekrem. Kanskje gå på do først. Det er viktig  å bruke kondom. Det held penis rein og frisk for sjukdommar. Varm opp varsamt. Ikkje før noko inn før det er klart.

Analsex er ikkje for alle

For det andre. Skal ein overtale nokon til analsex?I pornoen gjer «alle» det. Slik er det ikkje i røyndommen. Ikkje alle har analsex. Somme har ikkje lyst til å prøve. Og det er heilt greit å seie nei!

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

Kor lenge varer sex?

Kor lenge skal sex vare? 30 minutt som i pornoen? Der går penis ut og inn av skjeden i ein halvtime. Det er ikkje slik i røyndommen. Ein pornofilm blir spelt inn med mange pausar. Dei brukar kanskje heile dagen.

Ikkje ta tida

Ved sjølve samleiet får den med penis raskt utløysing. Nokre kanskje etter 30 sekund. Andre kanskje etter 3 minutt. Men det er ikkje det heile. Tenk på alle rettane. Det er så mykje ein kan gjere. Å trenge ut og inn er berre éin av rettene. Ikkje tenk på det som den beste delen. Legg vekk presset. Det må ikkje vere perfekt.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Ulike stillingar

Ein kan ha sex i mange ulike stillingar. Også her liker vi ulike ting. Nokre liker å liggje inntil kvarandre. Det gir meir nærleik. I ståande stilling kan ein lettare stryke på klitoris samtidig. Kroppane våre er ulike. Nokre stillingar passar oss ikkje. Dei gjer vondt eller gir krampe i beinet. Nokre gongar passar ikkje kroppane saman.

 

Finn stillingar som er gode for begge

Når den med penis trengjer inn bakfrå, blir det kalla doggy. Penis kjem då djupare inn. For dei med vulva kan det bli vondt når penis treffer livmora. Musklane i skjeden blir hardare. Då kan det bli meir vondt. Det er ikkje alltid det passar for begge sjølv om éin liker det. Då blir det ikkje god sex.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Bli samkøyrde i sexbobla

Når de er i sexbobla, bør de passe på tempoet. Start forsiktig. Det er viktig at det er god glid. Er det ikkje det? Vêr meir forsiktig. Tenk over om den andre har det bra. Kosar hen seg? Vel. Då kan tempoet aukast. Gløym likevel ikkje å sjekke at det går bra. God sex blir ikkje målt i talet på støytar per minutt!

Snakk saman

Har den andre det bra? Kosar hen seg, eller ser det ut som hen har vondt? Blir hen still og fjern? Kanskje trekkjer hen seg tilbake. Følg med på dette når de har sex. Spør gjerne: «Er det digg? Går det bra? Synest du dette er bra?» Sex handlar om å snakke saman. Sjekke kroppsspråket. Finne ut kva som passar dykk.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Orgasme

Du er i sexbobla. Masse hormon fyk rundt. Signal frå hjernen sender kjensle av lyst og glede. Musklane i underlivet trekker seg saman og pulserer. Du får herleg orgasme.

Utløysing og orgasme er ikkje det same

Ein orgasme sender sæd og væske ut av penis. Enkelte får orgasme utan at det kjem sæd. For andre kjem sæden utan orgasme. Ut av skjeden kan det òg komme væske. Etterpå blir kroppen tung. Penis slapp. Og det kan ta ei stund før han blir stiv igjen. Det kan vere lettare med ein vulva. Mange er fornøgde etter orgasmen, og dei er ikkje så ivrige på å komme inn i sexbobla igjen med ein gong.

“The big O”

Ingen opplever orgasmen likt. Vi er ulike. Orgasmen er heller ikkje lik frå gong til gong. Det kan ha noke å seie korleis dagen har vore. Om det er lenge sidan du hadde sex. Men det er ingen «rett» orgasme. Somme meiner orgasme frå penis i skjeden er best. Andre den orgasmen ein får av å beføle klitoris. Ein orgasme er ein orgasme. Ver superfornøgd viss du kjem dit. Men ikkje bli skuffa om orgasmen ikkje kjem kvar gong.

Du må ikkje alltid komme

Ikkje alle får orgasme. Det må trenast  opp. Så set pris på sex likevel. Det kan vere godt utan orgasme òg. For somme blir ikkje sexen verd noko utan. Men var det ikkje godt fram til det punktet? Viss det ikkje var det, så sei det på ein hyggjeleg måte til partnaren din. Og finn dei herlege punkta saman.

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt

Kva er god sex?

God sex. Kva er det? Gå inn i deg sjølv, og finn ut kva du liker. Når har du det bra og kosar deg? Kva synest du er herleg? Fekk du ei dårleg kjensle? Tenk over korleis det var for den andre. God sex handlar ikkje om talet på stillingar. Eller den beste orgasmen. Det handlar om å ta omsyn til kvarandre. Passe på at begge har det bra. Ikkje trakke over grensar. God sex er det ein deler saman. Før. Under. Etterpå.

Det er ikkje berre å kjøyre på

Det er ikkje alltid like lett dette. Det kan vere du er full og stressa. Redd for ikkje få det til. Lyst til å vere dritgod. Kanskje har du ikkje gjort det før. Kanskje skal du ha sex med ein ukjend. Då er det lett å tenkje berre på seg sjølv. Begynne og køyre på. Utan å sjekke den andre. Noko den andre kanskje ikkje liker. Og i alle fall ikkje om det ikkje er godt. Då er du ikkje akkurat god i senga.

Det er lov å ombestemme seg!

Hugs: Det er lov å endre meining. Sjølv om du kledde av deg og begynte å ha sex. For det er lov å stoppe viss det ikkje kjennest riktig. For det er alltid lov å endre meining. Alltid.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

Vegen er målet!

Målet er å ha det bra. Hugs det! Kropp mot kropp. Ta på kvarandre. Ta omsyn, og respektér grensene til kvarandre. Vere i det og nyte. Gjer sex til noko godt for dykk begge.

Illustrert, blå bil med en stor, rød L festet i bakruta.
Illustrert, blå bil med en stor, rød L festet i bakruta.

 

Skrive av Tuva Fellman og Trine Aarvold (Sex og samfunn)

Illustrasjoner: Helene Brox og Getty Images
Redaktør: Stine Isdahl Solberg

Kven er Trine Arvold?

Trine er lege ved Sex og samfunn. Der har dei ein klinikk for ungdom der dei kan snakke om seksualitet, prevensjon eller sjekke seg for kjønnssjukdommar. Ho har òg svart på spørsmål unge har på nettsida ung.no og undervist i temaet kropp og seksualitet for 10. klassar.

Kven er Tuva Fellman?

Tuva har tatt vidareutdanning i sexologi og har vore programleiar i NRK. Ho er no i Warner Bros Discovery og har leia tv-programmet Naked Attraction og Love IRL. I NRK radio har Tuva i mange år vore programleiar i Juntafil, eit program om sex, kropp og kjensler. Ho og Trine svarte på spørsmål frå lyttarar som lurte på alt om desse temaa. Kanskje er det dei same spørsmåla som du òg sit med?