Kva er eigentleg sex? med Tuva og Trine:

«Sexbobla»

Det er fort gjort å tenkje at sex er penis i vagina, men sex kan foregå på mange ulike måtar. Det kan kjennest godt å bli tatt på fleire stader. Under sex kan beføling av brystvorter, øyre eller andre stader kjennest like godt som sjølve kjønnsorganet. I og med at sex startar i hovudet, så er alt ein gjer i den sexbobla på ein måte sex. Penis i skjeden eller anus kan faktisk berre vere ein liten del av det å ha sex.

Alle liker forskjellige ting

Det går an å samanlikne ulike former for sex med ulike rettar. Når sex blir vist på tv, så ser det ofte ut som ein trerettars. Det begynner med ein liten forrett med klining og kyssing og sånn. Så kjem hovudretten, og då er  penisen inn i skjeden eller anus.

Mange tenkjer at det er dette som er retten ein skal nyte lengst, så det skal vare ei stund. Hovudrettar skal ende i ein dessert, som ein orgasme, og den skal begge helst få akkurat samtidig. Så er dei mette og fornøgde, og det er liksom malen på det ultimate samleiet.

Røyndommen er ikkje alltid sånn

Men sånn er det jo sjeldan i røyndommen. Det er jo ikkje sånn at alle synest at hovudretten smaker best. Og så et vi i ulikt tempo. Nokre et fort, og du et kanskje sakte, og det betyr kanskje at den andre kjem til desserten mykje tidlegare enn deg. Då har den andre kanskje alt ete opp desserten og er klar for å gå, medan du framleis er på hovudretten som har blitt kald, og du får kanskje aldri dessert. Måltidet de har delt, kan uansett ha vore fint for begge to!

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Sexperimentering

Ved å prøve litt ulike ting kan ein velje meir av det begge liker, og droppe det som den eine parten ikkje vil ha. For dei med vulva så er det ikkje alltid at det å få noko i skjeden, som er det som kjennest best. For mange kan berøring i området rundt eller på klitorishovudet kjennest godt. Andre synest det blir for valdsamt å bli berørt her, og dei liker kanskje betre å bli kyste på halsen eller berørte rundt rumpa.

Utforsk saman

Dette kan ein justere og teste ut ved å prøve ulike rettea. Det må vi bli mykje flinkare til å formidle. Sex handlar ikkje om eit samleie der noko skal inn i skjeden eller rumpa, sex handlar om eksperimentering med all den maten ein har.

Det er ikkje orgasmen som gjer sexen god

Når det gjeld orgasme, eller det å komme, så hender det faktisk at dei med vulva ikkje nødvendigvis kjem av sjølve penetreringa, men heller av å bli stimulert andre stader. Sex kan vere som ein buffet kor du og partnaren din kan ete litt på den ene retten, ta ein pause midt i akta, for deretter å ete litt vidare. Orgasmen treng ikkje å komme til slutt, og det er sjeldan sånn som det kan sjå ut på film, at begge kjem samtidig, seier «ahh» og er glade og fornøgde med det. Sex kan vere godt sjølv om ingen kjem!

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

Ikkje alle vil ha alle typar sex

Det som er viktig å hugse på, er at ikkje alle liker alt. Vi er ulike. Vi bør derfor ta med litt om analsex. Analsex kan vere veldig herleg for enkelte, men ikkje alle liker det. Då Tuva og Trine jobba i radioprogrammet Juntafil, kom det ofte spørsmål frå unge om analsex. Mange lurte på korleis det blir gjort, eller korleis dei kunne overtale partnaren til å ha det.

Ta omsyn

Viss vi tek det første først. Rumpa er laga for å halde på bæsj. Ho har derfor veldig sterke musklar som gjer at det kan bli veldig stramt. Så lenge musklane er stramme, skal det ikkje bli putta noko inn i rumpa. Det kan vere veldig vondt og gi sår. Det er derfor viktig at ein varmar opp forsiktig og ikkje fører inn noko før det er mogleg. Rumpa har heller ikkje blodårar som går lekk og gir smøring, sånn som i skjeden. Det er derfor superviktig at ein bruker glidekrem og passar på at det ikkje er vondt.

Kondom er viktig

Det kan òg vere lurt å gå på do først. I tillegg er kondom smart av fleire grunnar. For hygienen er det smart å bruke kondom, for då kan du berre fjerne kondomet etterpå, så har du ein rein penis under. Det er òg sånn at du kan bli smitta med klamydia og andre infeksjonar i rumpa, og huda i rumpa er mykje tynnare, så det er fortare at det blir sår som blir ein inngangsport for infeksjonar.

Analsex er ikkje for alle

Så til det andre, kan ein overtale nokon til å ha analsex? Viss du ser på porno, så kan det verke som om analsex er ein del av det alle skal gjere. Det er det ikkje. Somme synest det er veldig ubehageleg, og dei har ikkje lyst til å prøve. Det er heilt lov å seie nei, og viss partnaren seier nei, skal du aldri presse nokon til å gjere det. Det er ikkje sånn at analsex er noko alle gjer, og det er ikkje forventa at du skal gjere det.

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt

Kor lenge varer sex?

Mange har ein ide om at sexen skal vare lenge, særleg den biten der penis er i skjeden. Det ein ikkje får med seg når ein ser pornofilmar, er at det er lagt inn mange pausar, og nokre gongar kan innspelinga ta heile dagen. Så sjølv om sjølve filmen varer ein halv time, så betyr ikkje det at personane på filmen har hatt sex i ein halvtime i strekk.

Ikkje ta tida

Viss personen med penis blir veldig kåt, er det ikkje uvanleg at hen får utløysing veldig raskt ved sjølve samleiet. Tre minutt er ikkje uvanleg, og for enkelte går det 30 sekund. Det er derfor så fint å tenkje på sex som eit tapasbord. Tenk på den delen som handlar om penetrering som berre éin liten del av tapasbordet, om du ønskjer det i det heile. Viss forventningane blir tatt vekk frå at det du kanskje forventar skal vere den beste delen, så blir ikkje presset så stort, og det gjer ingenting om det ikkje blir perfekt.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Ulike stillingar

Det finst mange ulike stillingar ein kan ha glede av når ein har sex. Vi liker ulike ting og har ulike kroppar, og det å prøve ulike stillingar kan gi mange moglegheiter. Ein kan kanskje kjenne meir nærleik viss ein har ei stilling der ein ligg inntil kvarandre. Det kan stimulere andre delar av kroppen enn ved andre stillingar. Viss ein står i den eine stillinga, kan ein kanskje lettare komme til vulvaen til den andre personen for å stimulere klitoris.

Men så er det òg sånn at nokre stillingar kan kjennast ubehageleg. Noko kan gjere at ein får krampe i beinet, eller det kan rett og slett gjere vondt. Det kan vere at ei stilling ikkje passar kroppen din eller kroppane dykkar saman.

Finn stillingar som er gode for begge

Mange med vulva synest at det kan gjere litt vondt inne i magen viss partnaren med penis står bak dei. Det som blir kalla doggy. Det er fordi penis lettare kan komme djupt inn og dytte opp mot livmora. Viss det kjennest ubehageleg, kan du bli anstrengd og stramme musklane i skjeden, som igjen kan gjere at sex blir meir vondt.

Då må ein seie at dette var ikkje noko særleg for meg. Og sjølv om du tenner skikkeleg på det, men partnaren din ikkje liker det, så er det sånn at den beste sexen er når begge nyt. Så sjølv om du har forventningar og ønske, så kan det hende at det ikkje passar for partnaren din, og då blir det ikkje god sex.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Bli samkøyrde i sexbobla

Juster tempoet etter kvar de er i sexbobla. Ta det litt roleg i starten, når du ikkje har blitt ordentleg varm eller kanskje ikkje ordentleg våt enno. Då er det fint å vere litt meir forsiktig. Til ein kjenner at her er det god glid, og den andre personen har det kjempebra og kosar seg, og då kan ein auke tempo. Men då må ein òg sjekke litt ut om  dette går bra. Og det er ikkje sånn at god sex blir målt i kor mange støytar ein har per minutt!

Snakk saman

Følg godt med på partnaren din når de har sex. Ser det ut som den andre personen har det bra? Kosar hen seg, eller blir hen still, tilbaketrekt, litt fjern eller stiv kanskje? Ser det ut som om det er litt vondt? Då kan du spørje: «Er det digg? Går det bra? Synest du dette er bra?». Viss du ikkje liker det, så sei ifrå. Foreslå å byte stilling, finn noko som fungerer for deg og dykk. Sex handlar eigentleg om å kommunisere. Følg med på kroppsspråket og spør.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Orgasme

Når ein er i sexbobla og får orgasme, så kjennest det ekstra godt. Masse hormon fyk rundt omkring i kroppen. Hjernen sender ut alt han kan av signalstoff som gir lystkjensle og  glede, og reint kroppsleg får vi ofte små samantrekkingar av musklane i underlivet. Du kan kjenne det pulserer.

Utløysing og orgasme er ikkje det same

Har du penis, så kjem oftast utløysinga med sæd og sædvæske ut samtidig med orgasmen. Men dette er to separate ting, så det går faktisk an å få orgasme utan utløysing og utløysing utan orgasme. Også frå skjeden kan det komme ekstra med væske ved orgasme. Etterpå kan ein bli tung i kroppen, og penis blir slapp.

Det er mogleg å få ein ny ereksjon og ein ny orgasme seinare, men det er ikkje noko alle klarer å få til så raskt. Det kan vere litt lettare å få til med ein vulva enn med ein penis. Mange er fornøgde etter orgasmen, og det kan vere vanskeleg å komme inn i sexbobla igjen.

“The big O”

Orgasme er veldig ulik frå person til person, og frå gong til gong. Det kjem an på kor kåt du er, når du sist hadde sex og dagsforma generelt. Ein orgasme vil ikkje vere lik kvar gong, og det finst ikkje ein «rett» orgasme. Enkelte meiner at den vaginale orgasmen, som kjem av penis inne i skjeden, er betre enn viss ein får ein orgasme ved stimulering av klitoris. Men det er jo det same som skjer i hovudet, og hovudet bryr seg ikkje noko om kvar den herlege kjensla kjem frå. Det er derfor ikkje noko poeng å seie at det finst ulike orgasmar.

Ein orgasme er ein orgasme. Vêr heller superfornøgd viss du kjem dit. Og ikkje bli så skuffa viss du ikkje kjem dit kvar gong.

Du må ikkje alltid komme

For det er nemleg ikkje alltid ein kjem dit, det er ikkje sikkert du får orgasme. Det er rett og slett ei treningssak for mange. Så det å setje pris på sex, sjølv om det ikkje alltid blir ein orgasme av det, er òg viktig. Enkelte er så fokuserte på orgasme at om ein ikkje får det, så var det liksom ikkje verd nokon ting. For den sexen er forhåpentleg herleg heilt fram til det punktet uansett. Og er det ikkje herleg, så finn ut kva du liker. Du kan kanskje hjelpe partnaren din til å finne dei punkta på kroppen din som gjer at du òg får det godt.

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt

Kva er god sex?

For å kunne vite kva som er god sex, må du gå litt inn i deg sjølv. Du må vite kva du liker sjølv. Har du det bra? Kosar du deg? Synest du det er herleg? Og synest du det er herleg etterpå òg, eller fekk du ei dårleg kjensle i magen? Du må passe på at den andre òg har det bra. For viss du kosar deg, og den du har sex med kosar seg, og ingen trakkar over andre sine grenser, så har ein bra sex.

Det handlar ikkje om kor mange stillingar ein hadde, om kor enorm orgasmen var, eller om den du har sex med, synest du var den beste. Det handlar om ei oppleving ein deler saman som skal kjennest godt før, under og etterpå.

Det er ikkje berre å køyre på

Det er ikkje alltid like lett. Særleg viss du har drukke alkohol, er litt stressa, eller ikkje kjenner den personen du skal ha sex med i det heile. Då kan ein kanskje bli for fokusert på seg sjølv og bli redd for å ikkje få det til. Så gløymer ein å sjekke ut korleis det går med den du har sex med. Kanskje er du redd for at personen skal oppdage at du er ganske ny og klønete på dette, men at du eigentleg har lyst til å vere dritgod. Kanskje ein då tek den rolla og skal føre an og køyre litt på, utan å sjekke ut den andre.

Personen du har sex med, vil ikkje nødvendigvis setje pris på at du køyrer i veg berre for å vise at du kan noko. Særleg ikkje viss du køyrer i veg utan at den personen har det noko godt. Då er du jo alt anna enn god i senga.

Det er lov å ombestemme seg!

Og så må vi igjen hugse på at det er lov å ombestemme seg. Det kan hende du sa at du ville ha sex, at du kledde av deg og til og med begynte å ha sex, men så kjennest det ikkje riktig lenger, og då er det heilt lov å stoppe. Det er heilt lov å seie at eg vil ikkje likevel. Det er alltid lov å ombestemme seg. Alltid.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

Vegen er målet!

Hugs at målet er å ha det bra! Prøv å senke forventningar og heller vere til stades. Tenk på sex som ein tilstand, med mange ulike moglegheiter, med kroppar som synest det er herleg å bli tatt på. Ta omsyn til kvarandre, respektér grensene til kvarandre, og gjer sex til ei positiv oppleving for deg og partnaren din.

Illustrert, blå bil med en stor, rød L festet i bakruta.
Illustrert, blå bil med en stor, rød L festet i bakruta.

 

Skrive av Tuva Fellman og Trine Aarvold (Sex og samfunn)

Illustrasjoner: Helene Brox og Getty Images
Redaktør: Stine Isdahl Solberg

Kven er Trine Arvold?

Trine er lege ved Sex og samfunn. Der har dei ein klinikk for ungdom der dei kan snakke om seksualitet, prevensjon eller sjekke seg for kjønnssjukdommar. Ho har òg svart på spørsmål unge har på nettsida ung.no og undervist i temaet kropp og seksualitet for 10. klassar.

Kven er Tuva Fellman?

Tuva har teke vidareutdanning i sexologi og har vore programleiar i NRK. Ho er no i Warner Bros Discovery og har leia tv-programmet Naked Attraction og Love IRL. I NRK radio har Tuva i mange år vore programleiar i Juntafil, eit program om sex, kropp og kjensler. Ho og Trine svarte på spørsmål frå lyttarar som lurte på alt om desse temaa. Kanskje er det dei same spørsmåla som du òg sit med?