Skape orden av kaos

Kvifor er dag og natt delt i 12 timar, og kvar time i 60 minutt? Kven har eigentleg bestemt kor lang ein meter er? Kvifor er det så viktig å kunne vege ting nøyaktig? Kvifor er tid pengar?

Måling er eit menneskeleg behov. Vi måler verda for å skape orden av kaos. Ikkje minst når det gjeld handel og økonomi.

Til saman brukar vi sju einingar: masse/vekt, avstand/lengd, tid, temperatur, lysstyrke, elektrisk straum og stoffmengde (mengda av eit kjemisk stoff).

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Nærbilde av en snekker som bruker målebånd og blyant for å måle en planke.
Nærbilde av en snekker som bruker målebånd og blyant for å måle en planke.

Å vege ting nøyaktig er ofte heilt avgjerande

Dei første menneska skaffa seg det dei trong sjølve. Dei jakta, fiska og sanka bær. For å finne mat måtte dei flytte rundt. Etter kvart begynte dei med jordbruk og busette seg på éin stad. Mange dyrka meir enn dei sjølve trong, og dei kunne byte til seg andre varer.

Då måtte ein få eit rettferdig system for bytting av ulike varer. Etter kvart vart det utvikla standardar for vekt. Desse standardane var baserte på korn.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Ønsker du å lese hele artikkelen?

Ved å logge inn får du full tilgang til artikkelen, samt Lærerrommet med engasjerende læringsstier og oppgaver du kan bruke i undervisningen.

Logg inn med Feide

Ønsker du å prøve ut fullversjonen av Skolerom?
Kontakt oss her!