Skrive med eigne ord

Kanskje har du opplevd å få oppgåver der du skal skrive "med eigne ord"? Men kva betyr det eigentleg, og kvifor skal du det? Kva er poenget, liksom?

Accessibility icon Skrive med eigne ord

Skrive med eigne ord

Har du fått ei oppgåve på skulen der du skal skrive “med eigne ord”? Kva betyr eigentleg det, og kvifor skal du det? Kva er poenget, liksom?

Ung jente sitter på senga med en notatblokk i fanget og tenker med en blyant i munnen.
Ung jente sitter på senga med en notatblokk i fanget og tenker med en blyant i munnen.

Du skal vise at du forstår fagstoffet

Å skrive med eigne ord betyr at du skal forklare korleis du forstår det du har lese eller høyrt. Du skal ikkje berre gjengi ordrett det du las eller høyrde. Det er heller ikkje nok å berre endre rekkefølgje på ord eller byte om litt på setningane.

Å skrive med eigne ord betyr at du skriv litt om kva andre har skrive. Du brukar kanskje andre ord, ei anna setningsbygning og tolkar innhaldet på din måte. Når du «skriv med eigne ord», viser du kva du forstår og kva for ferdigheiter du har.

Når du viser kva du har lært og forstått, er det lettare for læraren din å gi deg ei vurdering og dermed hjelpe deg vidare i læringa di. Då kan du utvikle deg vidare. Du kan òg sjå din eigen progresjon, og korleis du har utvikla kunnskap og ferdigheiter over tid. Når du skriv med eigne ord, gjer du fagstoffet til “ditt eige”. Det kan gjere det lettare å førebu seg til prøver og eksamen.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Ung gutt sitter på en stabel med bøker og tegner på en vegg samtidig som han ser på sin laptop.
Ung gutt sitter på en stabel med bøker og tegner på en vegg samtidig som han ser på sin laptop.

Ønsker du å lese hele artikkelen?

Ved å logge inn får du full tilgang til artikkelen, samt Lærerrommet med engasjerende læringsstier og oppgaver du kan bruke i undervisningen.

Logg inn med Feide

Ønsker du å prøve ut fullversjonen av Skolerom?
Kontakt oss her!