Lite nytt på lenge
Dagens klasserom er ikkje så ulike klasseromma på 1800-talet. Læraren står fremst og underviser. Elevane svarer på spørsmål og løyser oppgåver for hand. Læraren har kunnskap om noko som han/ho formidlar til elevane.
Kvifor har ikkje metodane for undervisning endra seg sidan 1800-talet?

Digital revolusjon
Mange stader i verda har teknologi forandra skuledagen og klasserommet. Dei handskrivne oppgåvene blir utførte på eit nettbrett med ein stylus-penn. Då blir handskrifta forandra til redigerbar tekst. Tavla er interaktiv og kan vise nettsider og videoar.

Dame ligger med mac i fanget

Læring ved hjelp av Smart brett
Oppdatert kunnskap
Internett blir ofte brukt i klasseromma. Der kan læraren lettare finne og ta i bruk dagsaktuelle tema for elevane. Dermed blir det lettare å inspirere til læring i klasserommet.
Meir interaksjon
Elevane må oftare enn før jobbe saman om oppgåver (interaksjon). Då blir det gjerne brukt teknologiske hjelpemiddel som Teams og chat. Då er det ikkje lenger læraren som underviser, men elevane sjølve som må finne lærestoff.

Elever i klasserommet
Virtuelle læringsrom
Snart vil det ikkje vere nødvendig å forlate klasserommet for å dra på museum. VR-briller gir elevane moglegheit til å reise verda rundt, dykke i havet og sveve gjennom rommet. Når denne teknologien blir billigare å kjøpe, kan undervisninga bli meir engasjerande og oppslukande enn nokon gong. Elevane kan besøkje arkeologiske utgravingar i Egypt, og dei kan gjere ei reise gjennom menneskekroppen for å lære om anatomi.

Jente med VR briller
Kjelder:
- Ny vitenskap (2017-1)
Orage Forlag AS
Bilet- og videorettar
-
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
ThinkstockPhotos
-