Lite nytt på lenge  

Klasseromma i dag er eigentleg ikkje så ulike slik dei var på 1800-talet. Læraren står framleis fremst, vend mot elevane, og han stiller spørsmål, svarer på dei og tek imot handskrivne oppgåver. Sjølv om det ikkje lenger er lov med fysiske avstraffingar slik det var før, og krittavla er bytt ut med smartboard, så har eigentleg ikkje dei grunnleggjande prinsippa om undervisning utvikla seg. Læraren har ein kunnskap som han/ho formidlar til elevane.

Og det er rart, med tanke på alt som har skjedd i mellomtida. Vi har landa på månen, avdekt genomet til mennesket og skapt superdatamaskinar i lommeformat. Kvifor er undervisningsmetodane framleis like arbeidsmetodane på 1800-talet?

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Barn rekker opp hånden i klasserom

Digital revolusjon  

Nokre skular bevegar seg i ei anna retning. Nytenking innan undervisning, kommunikasjon og teknologi har fullstendig forandra arbeidsmiljøet for mange elevar verda over, og vi har langt meir i vente. Ein nærare kikk på dette klasserommet openberrar fleire detaljar ein ikkje nødvendigvis oppdagar med éin gong. Dei handskrivne lappane blir heller utførte på eit nettbrett med ein stylus-penn, der handskrifta blir konvertert til redigerbar tekst, og det endelege dokumentet blir lagra i skya. Tavla er interaktiv, og ho kan mellom anna vise nettsider og videoar som læraren kan styre med sin eigen berbare maskin.

Dame ligger med mac i fanget
Dame ligger med mac i fanget

Lettare skulesekk  

Sjølv om grunnprinsippa for undervisninga stort sett er uendra, har teknologien forbetra moglegheitene for læring, innhaldet i undervisninga og undervisningsmetodane. Lærebøkene er naturlegvis framleis ein viktig del av kvardagen, men i aukande grad tek elektroniske læremiddel og kjeldesøk på nettet over for dei tradisjonelle bøkene. På stadig fleire skular blir det lånt ut nettbrett til elevane, og der finn dei pensum for heile skuleåret. Med berre denne eine eininga slepp elevane å slite ut ryggen sin. Dessutan kan dei skrive sine eigne notat på sidene, streke under nøkkelord og markere viktige avsnitt, utan å øydeleggje bøkene.

Dei digitale bøkene kan òg ha lenkjer til nettstader som krydrar læringa og gjer at ho sit betre. Digitale lærebøker kan innehalde nyttig informasjon til bruk i fordjupande lesing eller heimearbeid, og dei kan leie vidare til prøver som blir utførte digitalt. Med eit tastetrykk kan læraren sjekke kven som har teke prøva, sjå poengsummen dei fekk, og få utdjupande opplysningar om kvar elev, mellom anna tidsbruken på kvar oppgåve. Slik blir det lettare å tilpasse undervisninga til kvar enkelt elev.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Læring ved hjelp av Smart brett
Læring ved hjelp av Smart brett

Oppdatert kunnskap  

Internett er ein verdifull læringsressurs og blir ofte brukt i klasseromma. Det er lenge sidan lærarane måtte setje seg på venteliste for å låne den einaste TV-en og videospelaren på skulen for å sjå ein film om livssyklusen til sommarfuglen eller presidentar i Amerika. Læraren kan lettare finne og ta i bruk nyttige og aktuelle ressursar for elevane. Dette er ikkje berre meir engasjerande enn tjue år gamle videoopptak, men det blir lettare å inspirere til diskusjonar om ulike emne.

Meir interaksjon  

Dei teknologiske framstega forandrar ikkje berre arbeidsmetodane til lærarane. Elevane blir oppmoda til meir gruppearbeid, og det blir lagt vekt på interaksjon, mellom anna med teknologiske hjelpemiddel. Lærarrolla bevegar seg mot å leggje til rette og klargjere,  slik at læring og utvikling kan skje hos eleven. Dette er ei rørsle bort frå eleven som mottakar av kunnskapsformidlinga til læraren, og når teknologien blir tilgjengeleg, blir tendensen styrkt.

Elever i klasserommet
Elever i klasserommet

3D og spelteknologi  

3D-printing gir både lærarar og elevar moglegheit til å lage eige læringsmateriale på få minutt. Undervisninga i 3D-modellering kan gå frå teikningar til prototypar på nokre få timar, medan biologilæraren kan printe ut kranium frå oldtidsdyr og sende dei rundt i klassen. Skytenestene vil gjere slutt på unnskyldningar som «hunden åt leksene mine», og elevane kan diskutere skulearbeidet med kvarandre heimanfrå og bruke chatterom kontrollert av læraren til prosjektsamarbeid. Spelteknologi vil i større grad kunne brukast i læringa, og med blikksporing vil lærarane sjå kva som fungerer i klasserommet, og kva som ikkje vekkjer interesse.

Både lærarar og foreldre ser ofte på dataspel som unødvendig valdelege og som noko ein kan bli avhengig av.  Dei har blitt rekna som utan verdi for læring og utvikling. Dei seinare åra har likevel mange spel funne vegen til klasseromma i form av læremiddel. Mellom anna har Minecraft kome i ei utgåve tilrettelagd for undervisning og  læring gjennom spel. Dei barna som vanlegvis bruker mykje av fritida til å spele slike spel, får større glede av læringa enn nokon gong. Bruk av spel i undervisninga vil auke, særleg fordi koding blir meir og meir viktig i åra som kjem.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Virtuelle læringsrom  

Snart vil det ikkje vere nødvendig å forlate klasserommet for å dra på museum. VR-briller gir elevane moglegheit til å reise verda rundt, dykke i havet og sveve gjennom rommet. Når denne teknologien blir rimelegare og fleire virtuelle læringsrom blir utvikla, vil undervisninga bli meir engasjerande og oppslukande enn nokon gong. Elevane kan lære om vulkanar frå kanten av Etna, besøkje arkeologiske utgravingar i Egypt og gjere ei reise gjennom menneskekroppen for å lære om anatomi.

Jente med VR briller
Jente med VR briller

Kjelder:

  • Ny vitenskap (2017-1)
    Orage Forlag AS
     

Bilet- og videorettar

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. Getty Images
    5. Getty Images
    6. Getty Images
    7. ThinkstockPhotos