Full utrykking

Huda er det største organet vårt! Og huda er kroppens ytste vern mot verda utanfor. Viss det går hòl på denne barrieren, rykker immunsystemet ut for å hindra blodtap. Immunsystemet stoppar også farlege bakteriar frå å trenga inn i det opne såret.

Kroppen lækjer såret i fire trinn. Det første viktige trinnet er å lukka såret. Då trekker blodkara seg saman rundt såret for å minska blodtapet. Så byrjar blodet å bli tjukt og klistra seg rundt såret. Slik blir opninga tetta og blødinga stoppa.  

Denne første fasen blir kalla hemostase. Det er eit gresk ord som betyr «å stoppa blod». Det tar mellom 10 og 14 minutt for kroppen å stansa blødinga.

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt
Sårkutt i finger

Vasketeamet kjem 

Når proppen er på plass, blir det danna eit gitter av fiber rundt proppen. Dette sørger for at såret er heilt lukka til skaden er reparert. Så blir dei lokale blodårene utvida igjen. Då kjem immuncellene til området og startar reinsejobben. Dette trinnet blir kalla inflammasjon, eller reingjeringsfasen. Området rundt såret blir synleg raudt og hovent. 

Illustrasjon av hvordan en infeksjon i et sår stoppes, trinn. 2
Illustrasjon av hvordan en infeksjon i et sår stoppes, trinn. 2

Ønsker du å lese hele artikkelen?

Ved å logge inn får du full tilgang til artikkelen, samt Lærerrommet med engasjerende læringsstier og oppgaver du kan bruke i undervisningen.

Logg inn med Feide

Ønsker du å prøve ut fullversjonen av Skolerom?
Kontakt oss her!