Full utrykking

Huda er det største organet vårt. Ho vernar oss mot verda utanfor. Av og til får vi eit sår. Då går det hòl på vernet. Kroppen byrjar då å jobba med å hindra blodtap. Systemet i kroppen stoppar farlege bakteriar frå å komma seg inn i det opne såret.

Kroppen lækjer såret i fire trinn. Det første viktige trinnet er å lukka såret. Det skjer når blodkara trekker seg saman rundt såret. Dette minskar blodtapet. Så byrjar blodet å bli tjukt. Det klistrar seg rundt såret for å tetta igjen opninga. Slik stoppar blødinga.  

Denne første fasen blir kalla hemostase. Det er eit ord som betyr «å stoppa blod». Det tar mellom 10 og 14 minutt for kroppen å stansa blødinga.

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt
Sårkutt i finger

Vasketeamet kjem 

Når blødinga er stoppa, blir det danna fiber rundt såret. Dette er som eit slags gitter. No er såret heilt lukka. Då kan kroppen reparera skaden. Blodårene i såret blir utvida igjen. Då kjem immuncellene til såret, og dei startar reinsejobben. Dette trinnet blir kalla inflammasjon. Inflammasjon kan kallast reingjeringsfase. Nå blir området rundt såret synleg raudt og hovent. 

Illustrasjon av hvordan en infeksjon i et sår stoppes, trinn. 2
Illustrasjon av hvordan en infeksjon i et sår stoppes, trinn. 2

Ønsker du å lese hele artikkelen?

Ved å logge inn får du full tilgang til artikkelen, samt Lærerrommet med engasjerende læringsstier og oppgaver du kan bruke i undervisningen.

Logg inn med Feide

Ønsker du å prøve ut fullversjonen av Skolerom?
Kontakt oss her!