Full utrykking

Huda er det største organet vårt og det ytste vernet mot verda utanfor. Blir denne barrieren broten, rykker immunsystemet ut for å hindra blodtap og at farlege bakteriar skal trenga inn i det opne såret.

Kroppen lækjer såret i fire trinn. Det første viktige trinnet er å lukka såret. Det skjer ved at blodkara trekker seg saman rundt området for å minska blodtapet. Så byrjar blodet å bli tjukt og klistra seg rundt såret for å tetta igjen opninga og stoppa blødinga.  

Denne første fasen blir kalla hemostase, som er gresk og betyr «å stoppa blod». Det tar mellom 10 og 14 minutt for kroppen å stansa blødinga.

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt
Sårkutt i finger

Vasketeamet kjem 

Når proppen er på plass, blir det danna eit gitter av fiber rundt han, og det sørger for at såret er heilt lukka til skaden er reparert. Så blir dei lokale blodårene utvida igjen. Då kjem immuncellene til området og startar reinsejobben. Dette trinnet blir kalla inflammasjon, eller reingjeringsfasen, og området rundt såret blir synleg raudt og hovent. 

Illustrasjon av hvordan en infeksjon i et sår stoppes, trinn. 2

Nytt vev blir danna 

I det tredje trinnet skal sårområdet fyllast opp. Nye blodårer blir danna, og rammeverket blir fylt av forskjellige typar vev som har kvar si oppgåve. 

Illustrasjon av hvordan en infeksjon i et sår stoppes, trinn. 3

Gjenoppbygging 

No blir såret heilt lukka. Sårkantane trekker seg saman, og det blir danna eit arr. Dette blir kalla modningsfasen. Sårskorpa losnar og fell av. Arret vil med tida skifta farge frå raudt til kvitt, og det kan ta mellom eit halvt og eit heilt år før arrvevet er tilbake til den opphavlege styrken sin.  

Illustrasjon av hvordan en infeksjon i et sår stoppes, trinn. 4

Ikkje klø på såret

Sår som klør, er eit godt teikn på at det gror. Viss du klør og pirkar av sårskorpa, blir det sårbart for bakteriar. Då vil kroppen bruka lengre tid på å reparera såret, og arret kan bli større. Så ikkje klø!

Arr etter et sår på hånden

Kjelder:

  • Kropp & helse (2020)
    Orage Forlag AS

Bilet- og videorettar:

    1. Getty Images / Kolo / Time Lapse – Youtube
    2. SPL; Ed Crooks
    3. SPL; Ed Crooks
    4. SPL; Ed Crooks
    5. Gaelx