Ei stjerne på arbeidsplassen

Har du fått den første jobben din, eller kanskje du vil bli flinkare i den jobben du allereie har?

Du kan følgje nokre ganske enkle, men effektive råd viss du vil bli ein god kollega. Vi viser deg korleis du kan lære å jobbe smart, og gjere arbeidsdagen betre for både deg og dei du jobbar saman med!

«Å vere ei stjerne på arbeidsplassen» handlar ikkje berre om å gjere oppgåvene dine – men om korleis du gjer dei. Dessutan må du ta ansvar, samarbeide godt og vere positiv! No skal vi sjå på korleis du kan lykkast i jobben din og bidra til eit godt arbeidsmiljø.

Du skal òg få nokre tips om korleis du skal vere den kollegaen alle vil ha med på teamet.

Finn ut korleis du taklar utfordringar og byggjer sterkare relasjonar på jobben. Gjer deg klar til å bli stjerna på arbeidsplassen din!

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Et band spiller på gata og vokalisten er engasjert
Et band spiller på gata og vokalisten er engasjert

1: Bli ein tenkjemeister

Tenk deg at du speler sjakk og skal gjere eit viktig trekk. Då må du:

  • Tenkje før du handlar: Tenk over konsekvensane av det du gjer. Då unngår du å gjere feil og vel heller det beste alternativet.
  • Gå føre med eit godt eksempel: Snakk om dei problema som dukkar opp, og kom med idear til korleis dei kan fiksast. Det viser at du er kreativ og løysingsorientert.
  • Vurder moglegheitene: Både på jobben og elles i livet må vi ta mange val. Tenk på kva for moglegheiter du har, og vel den løysinga du synest er best.

Desse råda vil hjelpe deg å jobbe effektivt. Samtidig viser du at du er en ansvarsfull og kreativ medarbeidar som taklar ei utfordring.

Som ein sjakkmeister

Tenk på deg sjølv som ein sjakkmeister, som alltid er klar til å tenkje strategisk og kritisk.

Ta deg tid til å vurdere moglege konsekvensar. Det hjelper deg å unngå feil og heller gjere dei beste vala undervegs.

Løys problem aktivt, og søk etter gode løysingar. Det viser at du er observant og klar til å tenkje utanfor boksen.

Ta gode val: Tenk gjennom alternativa før du bestemmer deg. Vurder positive og negative konsekvensar, og vel den beste løysinga.

Klarer du å følgje desse råda, viser det at du er reflektert og flink til å tenkje framover. Då kan du bruke utfordringane du møter, til å vise at du er flink i jobben din.

Sjå på moglegheitene
Sjå på alle vala du har før du bestemmer deg. Då blir det lettare å ta det valet som er best for deg. 

Løys problem
Bruk kritisk tenkning. Når du støyter på eit problem, kan du tenkje som ein oppfinnar:  «Korleis kan eg løyse dette?»

Tenk på framtida
Tenk på konsekvensane av det du gjer, akkurat som når du spelar sjakk. Det er det som skal til for å vinne spelet. 

Be om råd
Spør nokon med erfaring når du er usikker. Det er som å be trenaren om råd for å bli flinkare i sport.

Forrige avsnitt

1 / 5

Neste avsnitt
En nysgjerrig jente står og ser igjennom et forstørrelsesglass
En nysgjerrig jente står og ser igjennom et forstørrelsesglass

2: Stå stødig i motgang

Å vere uthaldande betyr at du ikkje gir opp, sjølv når noko er vanskeleg. Det er veldig viktig å klare dette på jobben, for ting går ikkje alltid slik vi planlegg.

  • Tilpass deg: Det skjer mange forandringar på ein arbeidsplass – det kjem nye kollegaer og nye utfordringar. Vis at du kan tilpasse deg, sjølv når alt kjennest litt kaotisk.
  • Hald hovudet kaldt: Ikkje stress sjølv om det dukkar opp problem. Pust djupt, og tenk deg om. Kollegaene dine vil sjå opp til deg viss du taklar utfordringar på ein roleg måte.
  • Be om hjelp når du treng det: Det viser at du er villig til å lære og bli betre.

Følgjer du desse råda, gjer du jobben din betre og skaper ein betre arbeidsplass.

Ver ein kamelon på jobben

Tenk deg at du er ein kameleon som lett kan tilpasse seg omgivnadene ved å skifte farge.

Tilpasningsdyktigheit betyr at du raskt tilpassar deg forandringar, som nye reglar på jobben eller vanskelege oppgåver. Det er som å starte på ein ny skule – både nytt og spennande.

Er du fleksibel, lærer du raskare og presterer betre, og det er lettare å takle stress på ein god måte.

Klarer du å tilpasse deg, blir det lettare å trivast på jobben.

Det å vere som ein kameleon handlar ikkje berre om å skifte farge, men òg om å sjå på forandringar som ei moglegheit til å utvikle deg.

Når du møter motgang, er det ei fin moglegheit til å vise alle kor flink du faktisk er.

Søk støtte og hjelp når du treng det

Ingen veit alt. Søk gjerne hjelp og støtte hos kollegaene dine. Det er et teikn på modenheit å be om hjelp – anten du ønskjer å lære noko nytt, treng hjelp til å takle ei utfordring, eller berre vil ha eit godt råd på vegen.

Ikkje gi opp!

Det å klare å jobbe hardt, sjølv når det er tøft, er som å vere den boksaren i ringen som nektar å tape!

Sterk vilje og evne til  å halde ut er eigenskapar ein arbeidsgivar vil setje høgt.

Forrige avsnitt

1 / 6

Neste avsnitt
En jente står og smiler på friidrettsbanen
En jente står og smiler på friidrettsbanen

3: Haldninga di er viktig

Det er viktig å vere positiv på jobb. Då blir arbeidsdagen betre for både deg sjølv og kollegaene dine.

  • Ver positiv: Ha tru på at du klarer jobben din! Då får dei andre òg lyst til å gjere sitt beste.
  • Ver ærleg og påliteleg: Hald det du lovar, og ver ærleg. Då vil dei andre stole på deg, og du får eit godt rykte.
  • Hald motivasjonen oppe: Jobb hardt for å nå måla dine, og gjer gjerne litt ekstra. Det kan opne nye moglegheiter for deg.
  • Ver open for å lære: Det er viktig å ha eigne meiningar, men det er greit å skifte meining viss du lærer noko nytt. Dette viser at du er open og villig til å utvikle deg.

Kva betyr det å vere positiv?

Tenk deg at du møter utfordringar med eit smil og ser løysingar, ikkje problem. Du viser dei andre at du har det gøy på jobben.

Kvifor er det viktig?

Denne haldninga smittar og gjer deg populær blant kollegaene dine. Når du tenkjer positivt, bidreg du til å skape eit godt arbeidsmiljø der alle hjelper kvarandre.

  • Ver til å stole på
    Viss du held det du lovar, vil andre stole på deg. Då bidreg du til å skape eit godt team på arbeidsplassen. 
  • Forstå andre
    Hugs at det du gjer påverkar andre. Ver hyggeleg, då bidreg du til å skape ein betre arbeidsplass.
  • Vis at du bryr deg
    Jobb hardt, og følg reglane på arbeidsplassen. Vis at du tar jobben seriøst. Då blir det lettare for andre å samarbeide med deg.
Forrige avsnitt

1 / 6

Neste avsnitt
Fire folk med forskjellige yrker står sammen og poserer
Fire folk med forskjellige yrker står sammen og poserer

4: Kommunikasjon er viktig

Viss du vil trivast på arbeidsplassen og gjere ein god jobb, er det viktig å vere flink til å snakke med kollegaene dine og lytte til det dei seier.

God kommunikasjon skaper eit positivt arbeidsmiljø, og då er det lettare å gjere ein god jobb. Hugs at det ofte er viktigare å vere ein god lyttar enn å vere flink til å snakke.

  • Ver tydelig og lytt aktivt: Ver tydelig når du snakkar, så alle forstår deg. Lytt aktivt til andre, og vis at du er interessert i det dei seier.
  • Behandle alle med respekt: Ver høfleg mot alle du snakkar med. Respekter andre sine meiningar, sjølv om dei er annleis enn dine. Alle har noko verdifullt å bidra med. 
  • Del ideane dine: Ikkje ver redd for å dele idear med kollegaene dine. Kanskje du løyser eit viktig problem.

Kommunikasjon er som fotball:
Tenk på god kommunikasjon som å spele på eit fotballag. For at laget skal vinne, må spelarane forstå kvarandre og samarbeide godt.

Ver som ein dyktig spelar:
God kommunikasjon er som å vere ein dyktig fotballspelar som alltid veit når og kvar han skal sentre ballen. Ver klar og tydeleg, slik at andre forstår kva du meiner. 

Lytt som ei målvakt:
Akkurat som ei målvakt alltid må vere klar til å fange ballen, må du lytte aktivt. Vis at du er interessert i det andre seier, og kom med eit passande svar. Då unngår du at misforståingar skaper problem på arbeidsplassen. 

Respekter lagkameratane dine:
Alle kollegaene dine er viktige, akkurat som alle spelarane er viktige på eit fotballag. Hugs at ein vinner og tapar som eit lag. Vis respekt for alle, uansett rolle eller bakgrunn.

Del ballen:

Ideane dine kan hjelpe teamet å vinne! Del dei med kollegaene dine, akkurat som du ville ha sentra ein ball til ein lagkamerat i ein god posisjon på fotballbanen.

God kommunikasjon på arbeidsplassen bidreg til at de når eigne mål. Det er som eit fotballag som samarbeider for å vinne. Del ideane dine, lytt aktivt, og respekter kollegaene dine, så bidreg du til eit trygt og produktivt arbeidsmiljø.

Forrige avsnitt

1 / 5

Neste avsnitt
En uvirkelig stor nøkkel
En uvirkelig stor nøkkel

5: Teamarbeid gjer jobben morosam

Viss du er flink til å samarbeide med ulike menneske, blir jobben morosamare, og det blir lettare å lykkast.

Viss du er ein god kollega, bidreg du til eit godt arbeidsmiljø, og då blir teamet meir effektivt og jobben går lettare.

  • Gjer jobben saman: På eit godt lag er det plass til alle. Heile teamet samarbeider for å gjere ideane til røyndom. Lytt like mykje som du snakkar, og ver open for andres forslag.
  • Støtt kvarandre: I eit godt team hjelper alle kvarandre. Hjelp ein kollega med ei vanskeleg oppgåve, eller kom med oppmuntrande kommentarar. Vis at det er viktig for deg at de lykkast saman.
  • Følg leiinga, men jobb sjølvstendig: Det er viktig å høyre på leiinga, spesielt i vanskelege situasjonar. Men ein god leiar liker òg ein lagspelar som kan jobbe sjølvstendig og ta smarte val når det trengs.

Viss du lærer deg desse ferdigheitene, bidreg du til eit godt team der alle kjenner seg verdsett. Dette gjer arbeidsdagen betre for alle, og det blir lettare å jobbe meir effektivt.

Bli orkesteret sin dirigent

Tenk på godt teamarbeid som å vere dirigenten i eit orkester. Musikarane speler ulike instrument, og dirigenten sørgjer for at alle speler saman i harmoni. På jobben kan du bidra til eit godt samarbeid, slik at de når eigne mål.

Skap harmoni i teamet: Godt lagarbeid er som når eit orkester spelar eit vakkert stykke. Viss musikarane spelar kvar sin melodi, vil det høyrest fælt ut. Lagarbeid handlar om å kombinere alle sine idear på ein god måte. Då jobbar teamet godt saman, og alle kjenner seg like viktige.

Hjelp kvarandre:
I eit orkester hjelper musikarane kvarandre. Viss nokon gjer ein feil, hjelper dei andre til, slik at resultatet blir bra likevel. På jobben må alle hjelpe kvarandre viss de skal nå eit felles mål. Vis dei andre at det er viktig for deg at heile teamet lykkast.

Høyr på leiinga, men jobb sjølvstendig:
I eit orkester følgjer musikarane dirigenten, men dei kjenner stykket og spelar sjølvstendig. På jobben må du respektere avgjerdene til sjefen, men du må òg kunne jobbe smart og sjølvstendig.

Følgjer du desse tipsa, blir du ein viktig del av teamet ditt, akkurat som musikarane i eit orkester. Då bidreg du til eit produktivt, trygt og effektivt arbeidsmiljø. Sjølvstendige teammedlemmar som støttar og hjelper kvarandre, har mykje større sjanse for å lykkast.

Forrige avsnitt

1 / 8

Neste avsnitt
En gjeng kollegaer står stolt sammen ute
En gjeng kollegaer står stolt sammen ute

6: Sjølvstyring – styr deg sjølv!

Sjølvstyring betyr å ta ansvar for eigne handlingar. Gjer du det, viser du at du er påliteleg og klar for meir ansvar i framtida.

  • Vær påliteleg: Kom tidsnok, ver førebudd, og gjer ein god jobb. Det viser at du er påliteleg.
  • Kle deg passande: Bruk klede som passar til jobben, og ver rein og velstelt.
  • Kontroller kjenslene dine: Ikkje la stress eller irritasjon ta overhand. Pust djupt, og tenk deg om før du reagerer.
  • Innrøm feil: Innrøm feila dine, og lær av dei. Det er viktig å ta ansvar.

Sjølvregulering: Hald hovudet kaldt!

Tenk deg at du er kaptein på eit skip og må halde deg roleg når det er storm. Det blir kalla sjølvregulering.

Kva er sjølvregulering? Sjølvregulering betyr å halde seg roleg under stress. Du held deg roleg og tenkjer klart sjølv når det dukkar opp eit problem.

Kvifor er sjølvregulering viktig?
Når du er roleg, er det lettare å gjere det bra på skulen eller på jobben. Dette er spesielt viktig i vanskelege situasjoner, fordi det er lettare å gjere sitt beste når ein tenkjer klart.  

Lær av feila dine
Alle gjer feil. Innrøm feila dine – då er det lettare for andre å stole på deg, og du vil lettare vekse, både som kollega og menneske. 

Følgjer du desse tipsa, viser du at du er ein påliteleg problemløyser som andre kan stole på.  

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt
En jente sitter og jobber på et kontor
En jente sitter og jobber på et kontor

7: Ver klar for å lære

Uansett kvar flink du er, kan du alltid lære meir. Ver nysgjerrig og open for nye erfaringar.

  • Lytt og lær: Høyr på kva andre seier om jobben du gjer. Bruk råda til å bli betre.
  • Kva kan du gjere betre? Det er alltid mogleg å bli betre. Ver open for endringar.
  • Still spørsmål: Nysgjerrigheit viser at du er interessert og vil lære meir.

Ver open for nye idear!

Møt nye utfordringar med eit opent sinn – då vil du nå mykje lenger!

  • Sjå på kvar oppgåve som ein sjanse til å lære og utvikle deg.
  • Sjå på kvar dag som ei moglegheit til å bli ein betre versjon av deg sjølv. Kva har du lyst til å lære i dag?
  • Ver villig til å endre deg og prøve nye ting. Då blir du betre rusta til å takle utfordringar i framtida.

Alle utfordringar du møter, hjelper deg å vekse. Det er verdifullt å ha både gode og dårlege erfaringar i ryggsekken når du skal bli ein god kollega på den nye draumejobben din.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
En gutt står på et verksted og skrur
En gutt står på et verksted og skrur

Ei stjerne på jobb

No er du klar til å vere ein god kollega. Følg råda du har lese om å tenkje smart, ta ansvar og samarbeide godt med kollegaene dine. Ver positiv, hjelpsam og klar til å lære noko nytt, så garanterer vi at du vil lykkast i draumejobben!

Bruk kvar dag til å bli litt betre. Ta små skritt i rett retning, og hjelp andre rundt deg. Gjer arbeidsplassen din til ein god stad å vere, så du og teamet ditt kan utrette store ting!

En politidame står stolt ute i gata
En politidame står stolt ute i gata