Slik får du viljestyrke til å nå måla dine
Du trenar viljestyrken på same måten som du trenar musklane i kroppen. Viss du vil nå eit bestemt mål, må du laga ein plan for å klara det. Her har du nokre tips.
1. Ikkje bruk opp viljestyrken
Du må trena styrke for å få større musklar. Du må òg få nok kvile. Det same gjeld viljestyrke. Du må trena på å få meir viljestyrke. Men ikkje gjer det når du er svolten eller sliten.
Sprinter gjør seg klar for løp
2. Et sunt og sov godt
Hjernen og kroppen din treng noko som heiter blodsukker. Får du for lite av dette, blir det vanskeleg å ha god viljestyrke. Du merkar det viss du blir altfor svolten. Kroppen din treng òg at du søv godt.
Tenåringsjente som sover mens det er lyst ute
Liten jente ser tenkende ut av vinduet med regndråper på
Unge fotballspillere feirer etter mål
5. Eitt steg om gongen
Det er vanleg å gi opp når målet verkar heilt umogleg å nå. Viss du har eit mål som er veldig stort, må du dela det opp. Drøymer du om å skriva ei bok? Er målet ditt å bli jagarpilot? Då må du ta eitt musesteg om gongen. Kva må du gjera først? Kva blir neste steg? Stega skal vera så små at du veit du klarer det.
Person på klatretur
6. Vel dine eigne mål
Mennesket er eit vanedyr som helst vil gå same rute kvar gong. Å velja noko nytt er ofte vanskeleg. Det kan kjennast skummelt og utrygt. Ikkje set umoglege mål fordi andre vil at du skal gjera det. Det er viktig å spørja seg sjølv: Kva er det eg verkeleg vil? Dei fleste har nok med eitt mål om gongen. Kva vil du oppnå først?
Sprinter løper i mål
En gruppe med tenåring som alle holder en smarttelefon
Kjelder:
- Kroppen 4 (2020)
Orage Forlag AS
- Dr. Denise Cummins: (08.07.2020) Good Thinking: Seven powerful Ideas That influence the way We Think.
- Roy F. Baumeister og John Tierney: (08.07.2020) Viljestyrke, selvkontroll som nøkkel til suksess.
Bilet- og videorettar:
-
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-