Kjønnssjukdommar med Tuva og Trine:

Smitta!

Sex er først og framst skikkeleg herleg. Vi håpar du nyt og koser deg med det. Men du bør òg vere klar over at det kan komme med ein ordentleg baksmell. Det finst nemleg tallause kjønnssjukdommar der ute. Nokre bør du vere meir bekymra for enn andre. I denne artikkelen skal vi fortelje deg når du bør uroe deg, og når du kan senke skuldrene.

Kva er eigentleg ein kjønnsjukdom?

Vi kan smittast av bakteriar og virus når vi har sex. Det skjer når slimhinnene møtest. Det kallar vi kjønnssjukdommar. Ikkje alle blir sjuke. Det er kanskje meir rett å seie infeksjon enn sjukdom. Ein seksuelt overførbar infeksjon.

Virus og bakteriar er ikkje det same. Dei er ikkje bygde opp på same måten, og dei både formarer og spreier seg ulikt. Bakteriar kan behandlast med antibiotika. Det kan ikkje virus. Du kan bli kvitt eit virus som gir deg forkjøling. Andre virus har du resten av livet.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Et forstørrelsesglass hvor vi ser nærbilde av virus og bakterier.
Et forstørrelsesglass hvor vi ser nærbilde av virus og bakterier.

Seksuelt overførbare infeksjonar

Det er ulike måtar å ha sex på. Kjønnssjukdommar smittar òg ulikt. Det kan skje  mellom penis og vulva. Ein penis og ein anus. Eller mellom to penisar. Eller to vulvaer. Nokre kjønnssjukdommar smittar frå munn til kjønnsorgan, og motsett.

Ein klem gir ikkje kjønnssjukdom. Heller ikkje om du hostar eller nys.

Det finst mange ulike kjønnssjukdommar. Men kva er mest vanlege? Og korleis kan du unngå å bli smitta av dei?

To personer i en seng. Det svirrer kjærlighet og smitte rundt dem.
To personer i en seng. Det svirrer kjærlighet og smitte rundt dem.

Herpes

Har du høyrt om herpes? Det er eit  veldig vanleg virus. Faktisk blir 80 % av oss smitta med det ein eller annan gong. Mange merkar ikkje at dei er smitta fordi dei ikkje får sår. Blir du smitta, har du herpes resten av livet.

Herpes kan gi sår på same staden fleire gonger. Forkjølelsessår er herpes rundt munnen. Nokre får sår rundt kjønnsorganet eller anus. Det blir kalla genital herpes.

Korleis  smittar herpes?

Herpes smittar ved hudkontakt. Når du ikkje har sår, smittar ikkje herpesviruset. Sjølv om såra blir borte, så kan dei dukke opp igjen.

Det kan smitte frå munnsår til kjønnsorgan, og motsett. Du bør derfor ikkje ha sex når du har sår på kjønnsorganet, og heller ikkje munnsex viss du har sår på munnen. Nokre merkar ikkje at dei har sår, og dei kan smitte utan å meine det.

Sidan herpes er så vanleg, er det noko vi må rekne med viss vi har kyssa eller har hatt sex. Kondom vernar litt, men dekkjer ikkje alltid såra med virus.

Mistenkjer du at du har herpes?

Det er berre mogleg å teste herpes viss du har utbrot med sår. Då kan du få medisinar av lege som gjer at utbrotet går fortare over. Hugs at herpes er heilt vanleg, og at det er noko dei fleste av oss vil få i løpet av livet. Dei aller fleste vil ha få eller ingen plager med herpes. Får du plager, kan du få hjelp av lege.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
En illustrert figur som er naken nedentil og studerer penisen sin.
En illustrert figur som er naken nedentil og studerer penisen sin.

HPV

HPV er ei gruppe virus det finst mange typar av. HPV-infeksjon er den vanlegaste kjønnssjukdommen i Noreg. Mange veit ikkje at dei er smitta.

HPV kan smitte ved sex i vagina, i analen eller i munnen. Kondom kan hindre smitte, men beskyttar ikkje alltid. Du kan bli kvitt HPV. Då må immunforsvaret til kroppen oppdage og slåst mot det. Det kan ta lang tid før immunforsvaret oppdagar at du er smitta.

Nokre typar HPV kan gi kjønnsvorter, andre kan føre til kreft etter lang tid.

HPV og kjønnsvorter

Det er ikkje farleg å få kjønnsvorter av HPV. Dei forsvinn av seg sjølv. Med medisinar kan vortene bli borte raskare. Vortene kan sjå ulike ut. Nokre er ujamne. Andre er flate. HPV er meir smittsamt når du har kjønnsvorter. Du kan få det i vulva eller på penishovudet. Eller på områda rundt. Dei kan òg komme rundt anus.

Har du noko som liknar vorter i underlivet? Det treng ikkje å vere kjønnsvorter. Huda i underlivet kan ha masse prikkar, klumpar og kuler. Det er mange kjertlar her, og  huda kan sjå ruglete ut. Det er faktisk sjeldan at prikkar og utvekstar er vorter. Oftast er det noko anna og heilt normalt.

HPV og kreft

HPV kan gi kreft i livmorhalsen. Det kan òg gi kreft i vulva. På penis. I rumpa. Og i halsen.

Har du fått ei vorte og er redd for kreft? Det treng du ikkje vere. Det er ikkje same type virus som gir kreft. Er du 25 år og har livmor? Då vil du få tilbod om å sjekke deg for HPV som gir kreft. Det er ikkje vondt å teste seg. Dei testar varsamt.

Alle elevar på barneskulen får tilbod om å ta ein HPV-vaksine.  Vaksinen vernar mot den krefttypen viruset kan gi.

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt
Illustrasjon av en rosa vulva.
Illustrasjon av en rosa vulva.

Klamydia

Klamydia. Har du høyrt om det? Det er ein bakterie som veldig mange unge blir smitta av. Dei som har sex utan å bruke kondom, kan bli smitta. Det er ikkje alle som blir smitta som merkar det. Har du hatt sex utan kondom? Test deg!

Du kan få klamydia i urinrøyr, skjede og anus. Men han trivst ikkje i halsen. Klamydia liker seg ikkje utanfor kroppen. Derfor blir du ikkje smitta på do eller av å vere i eit symjebasseng.

Symptom på klamydia

Dei fleste merkar ikkje at dei har klamydia. Dei som får plager, kan merke det ulikt. Frå ein penis kan det komme litt væske heile tida. Kanskje svir det når du tissar. Frå ei vulva og livmor kan det komme utflod, og det kan svi når ein tissar. Utfloden endrar farge, og det kan  vere mykje eller lite. Ein kan blø utan å ha mens. Sex kan vere vondt, og det kan klø.
Har du slike plager? Det er ikkje sikkert det er klamydia. Men det kan vere lurt å sjekke likevel.

Kva kan klamydia føre til?

Klamydia kan klatre vidare inn i kroppen.
Det kan gi større problem. Har du penis, kan du få bitestikkelbetennelse.

Betennelsen kan gå frå skjede til livmor og gi bekkeninfeksjon. Ein slik infeksjon kan gjere det vanskeleg å bli gravid seinare.

Korleis bli kvitt klamydia?

Har du hatt sex utan beskyttelse? Trur du at du er smitta av klamydia? Då er det viktig å teste seg. Du kan bli frisk med antibiotika.

Treng du ein test? Kontakt helsestasjonen for ungdom eller ein lege.

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt

Gonoré

Gonoré er ein bakterie. Den smittar i slimhinnene i anus, skjeden og penis. Og han smittar lettare enn klamydia. Gonoré trivst i halsen. Det vil seie at du kan bli smitta ved oralsex. Dei siste åra har mange fleire vorte smitta av gonoré.

Dryppert?

Dei fleste merkar ikkje smitten i rumpa eller halsen.  Gonoré i penis kan gi svie når du tissar. Enkelte seier det er som å tisse piggtråd. Gonoré har òg fått namnet «dryppert». Det er fordi det kan komme mykje utflod frå penis.

For dei med skjede kan symptoma vere litt svake. Det kan vere vanskeleg å vite heilt kva det er. Gonoré kan svi når du tissar. Utfloden kan endre seg. Kanskje får du bløding etter sex eller mellom mens. Somme har vondt i magen.

Er gonoré farleg?

Gonoré er ikkje farleg viss det blir oppdaga og behandla tidleg. Viss ikkje kan bakterien krype innover i kroppen. Den kan skade meir enn klamydia. Du kan til dømes få ein betennelse i livmora som blir kalla bekkeninfeksjon. Då er det ikkje sikkert det er så lett å bli gravid utan hjelp.

Korleis bli kvitt gonoré?

Akkurat no kan antibiotika hjelpe. Men det er på veg til å endre seg.  Bakterien held på å utvikle motstand mot antibiotika. Det betyr at han toler antibiotika betre og betre. Til slutt klarer ikkje antibiotikaen å ta knekken på bakteriane. Det er kjempeskummelt. Då blir vi ikkje kvitt gonoreen.

Veit du kva det beste du kan gjere er? Vern deg godt mot gonoré. Og korleis kan vi gjere det? – Bruke kondom!

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt
Tre illustrerte peniser i ulike former og farger.
Tre illustrerte peniser i ulike former og farger.

Hiv

Kva tenkjer du på når du høyrer ordet hiv? Tenkjer du då på død med ein gong? Før var det slik. I dag kan du leve fint med hiv. Det finst medisinar du kan ta, og då smittar du ikkje vidare.

Det er ikkje så mange som blir smitta av HIV-viruset i Noreg lenger, så det er ikkje mange som må teste seg.

Hiv smittar gjennom slimhinner eller blod. I tillegg kan det smitte frå mor til barn gjennom svangerskap, fødsel eller amming.

Hiv smittar ikkje like lett som andre virus og bakteriar. Har du sex med ein hiv-positiv som tek medisinar, er sjansen for smitte veldig liten.

Det er litt større sjanse for å bli smitta ved analsex enn viss det er samleie med penis og skjede. Det er fordi slimhinnene i rumpa er tynnare, og då kan det bli sår. Sår kan gjere det lettare for viruset å komme inn i kroppen. Kyssing og berøring er heilt trygt.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Illustrert figur med flere tankebobler over hodet
Illustrert figur med flere tankebobler over hodet

Korleis unngå kjønnssjukdommar?

Du kan vere veldig forsiktig. Bruke kondom og alt. Likevel er nokre infeksjonar vanskeleg å sleppe unna. Slik som kjønnsvorter og herpes. Mange har det, og det smittar sjølv om du brukar kondom. Heldigvis er verken kjønnsvorter eller herpes farleg for deg.

Kondom kan verne oss mot dei fleste andre infeksjonane. Har du hatt sex utan kondom med ein ny person? Då bør du ta ein test!

Snakk med legen din eller helsestasjonen for ungdom, dei vil hjelpe deg. Du kan óg bruke Sex og samfunns chat-teneste – du kan vere anonym, og det er gratis.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Forstørrelsesglass som viser bakterier og virus
Forstørrelsesglass som viser bakterier og virus

Kondomvettreglar:

    1.  Ikkje legg kondomet der det kan skadast. Eller ein stad med mykje gnikking og slitasje.
    2. Sjekk datoen på pakken. Kjenn om det er luft i han. Då er kondomet heilt.
    3. Åpne pakken forsiktig. Pass på så du ikkje skadar kondomet .
    4. Penis skal vere stiv når kondomet blir rulla på.
    5. Har du forhud, skal ho trekkjast tilbake.
    6. Klem saman tuppen på kondomet.
    7. Hald ca. så breitt som ein finger på tuppen. Rull på resten av kondomet. Ikkje skad gummien.
    8. Kondomet glir lett av ein slapp penis. Hald kondomet fast på penis før du trekkjer deg ut. Det skal brukast under heile samleiet.
    9. Kondomet skal berre brukast ein gong.
    10. Kast kondomet i vanleg søppel. Ikkje i toalettet!
En person foran et bord med en rekke kondomer.
En person foran et bord med en rekke kondomer.

Kva tenkjer vi eigentleg om kondom?

Ein person tek fram kondom før sex. Undersøkingar viser at vi synest det er bra. Men likevel er vi redde for å gjere det sjølve. Kvifor trur du det er sånn?

Vi er redde for at partnaren skal tru at vi ikkje stoler på den andre. At vi tenkjer at hen har ein kjønnssjukdom. Det er veldig rart. Kondom handlar ikkje om å stole eller ikkje stole på nokon. Det handlar om å ta ansvar!

Kondom er konge!

    1. Kondom beskyttar mot å bli gravid! Det er faktisk den einaste prevensjonen som dei med penis har.
    2. Du beskyttar deg mot plagsom infeksjon.
    3. Du slepp å få biverknader av antibiotika.
    4. Du hjelper til med å ikkje bruke opp den antibiotikaen vi har. Då får vi medisin å gi til dei som kjem etter oss.
    5. Kondomet samlar opp sæden. Du får ikkje sæd i skjeden. Og slepp plage med endra utflod.
    6. Kondomet kan gjere det lettare å halde ut lenger ved sex. Det blir ikkje så veldig følsamt for penis.
    7.  Du slepp å teste deg etter sex.
    8.  Du viser at du tar ansvar.
Når er det greit å droppe kondom?

Bruk kondom når du ligg med nokon som du ikkje har lege med før, viss du ligg med ein som ligg med fleire, eller om de ikkje har testa dykk. Er du usikker, bruk kondom!

Bruk kondom til de har sjekka dykk. Til de veit at det blir de to. Er de friske, og det er ingen fare for å bli gravid? Då kan de droppe kondomet.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
En morsom kondom med sterke armer og krone.
En morsom kondom med sterke armer og krone.

Viss alle tar ansvar og brukar kondom, så kan vi unngå ein smitte-boom!

Bruk kondom for å sleppe å bli smitta!

Har du hatt sex utan kondom? Test deg! Viss du lurer på kva for kjønnssjukdommar du burde teste deg for, så snakk med helsesjukepleiar, helsestasjon for ungdom eller legen din.

Treng du kondom?

Du kan hente gratis kondom på helsestasjonen for ungdom. Du kan også  bestille det heim på gratiskondomer.no  Då vil dei komme i ein kvit pakke utan at det står kva som er inni. Då kan du øve i veg!

Vil du vite meir?

Vil du vite meir? Anten om desse, eller andre kjønnssjukdommar? Snakk med helsesjukepleiar. Les også mer på Ung.no eller hos Sex og samfunn.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

 

Skrive av Tuva Fellman og Trine Aarvold (Sex og samfunn)

Innspeling: Tuva Fellman
Illustrasjonar: Helene Brox
Redaktør: Stine Isdahl Solberg

Kven er Trine Arvold?

Trine er lege ved Sex og samfunn. Der har dei ein klinikk for ungdom der dei kan snakke om seksualitet, prevensjon eller sjekke seg for kjønnssjukdommar. Ho har òg svart på spørsmål unge har på nettsida ung.no og undervist i temaet kropp og seksualitet for 10. klassar.

Kven er Tuva Fellman?

Tuva har teke vidareutdanning i sexologi og har vore programleiar i NRK. Ho er no i Warner Bros Discovery og har leidd tv-programmet Naked Attraction og Love IRL. I NRK radio har Tuva i mange år vore programleiar i Juntafil, eit program om sex, kropp og kjensler. Ho og Trine svarte på spørsmål frå lyttarar som lurte på alt om desse tema. Kanskje er det dei same spørsmåla som du òg sit med?

Kjelder: