Kjønnsjukdommar med Tuva og Trine:

Smitta!

Sex er først og framst skikkeleg herleg. Vi håpar du nyt og koser deg med det. Men du bør òg vere klar over at det kan komme med ein ordentleg baksmell. Det finst nemleg tallause kjønnssjukdommar der ute. Nokre bør du vere meir bekymra for enn andre. I denne artikkelen skal vi fortelje deg når du bør uroe deg, og når du kan senke skuldrene.

Kva er eigentleg ein kjønnssjukdom?

Kjønnssjukdommar er infeksjonar med bakteriar og virus. Dei smittar ved seksuell kontakt. Og ved at slimhinner berører kvarandre. Du treng ikkje å vere sjuk sjølv om du har fått ein bakterie eller eit virus. Eigentleg er det då meir rett å kalle det ein seksuelt overførbar infeksjon enn ein sjukdom.

Virus og bakteriar er ikkje bygde opp likt. Dei formerer og spreier seg òg ulikt. Bakteriar kan behandlast med antibiotika. Det kan ikkje virus. Du kan bli kvitt eit virus som gir deg forkjøling. Andre virus har du resten av livet.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Et forstørrelsesglass hvor vi ser nærbilde av virus og bakterier.
Et forstørrelsesglass hvor vi ser nærbilde av virus og bakterier.

Seksuelt overførbare infeksjonar

Det finst ulike måtar å ha sex på. Seksuelt overførbare infeksjonar kan smitte på ulike måtar. Mellom penis og anus. Mellom penis og vulva. Mellom to vulvaer eller to penisar. Nokre få kjønnssjukdommar smittar òg mellom kjønnsorgan og munnen.

Kjønnssjukdommar smittar ikkje ved at du gir nokon ein klem eller om nokon hostar eller nys.

Det finst mange ulike kjønnssjukdommar. Men kva er dei mest vanlege? Og kva kan du gjere for å unngå å bli smitta av dei?

To personer i en seng. Det svirrer kjærlighet og smitte rundt dem.
To personer i en seng. Det svirrer kjærlighet og smitte rundt dem.

Herpes

Herpes er eit veldig vanleg virus. Faktisk blir over 80% smitta ein eller annan gong. Blir du smitta,  har du viruset heile livet. Dei aller fleste vil aldri få sår. Derfor er det mange som ikkje veit at dei har viruset.

Herpes trivst på og rundt kjønnsorganet, anus og rundt munnen. På munnen blir det kalla munnherpes eller forkjølingssår. Rundt kjønnsorganet blir det kalla genital herpes. Viruset gjer at du kan få sår som kjem tilbake på same staden.

Korleis  smittar herpes?

Etter eit utbrot med sår ligg herpesviruset i dvale. Då vil det ikkje smitte. Nokre får nye utbrot. Då kan dei smitte partnaren ved hudkontakt.

Det kan smitte frå munnsår til kjønnsorgan, og motsett. Du bør derfor ikkje ha sex når du har sår på kjønnsorganet eller på munnen. Somme merkar ikkje at dei har sår, og kan smitte utan å meine det.

Sidan herpes er så vanleg, er det noko vi må rekne med viss vi har kyssa eller har sex. Kondom beskyttar litt, men dekkjer ikkje alltid såra med virus.

Mistenkjer du at du har herpes?

Det er berre mogleg å teste herpes viss du har utbrot med sår. Då kan du få medisinar av lege som gjer at utbrotet går fortare over. Hugs at herpes er heilt vanleg, og noko dei fleste av oss vil få i løpet av livet. Dei aller fleste vil ha få eller ingen plager med herpes. Får du plager, kan du få hjelp av lege.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
En illustrert figur som er naken nedentil og studerer penisen sin.
En illustrert figur som er naken nedentil og studerer penisen sin.

HPV

HPV er ei gruppe virus som det finst mange utgåver av. HPV-infeksjon smittar ved sex, og er den vanlegaste kjønnssjukdommen i Noreg. Mange merkar ikkje at dei er smitta.

HPV kan smitte gjennom både vaginalsex, munnsex og analsex. Kondom gir ikkje fullt vern. Men det hindrar smitten noko. Du kan bli kvitt HPV. Då må immunforsvaret til kroppen oppdage det og slåst mot det. Det kan ta lang tid før immunforsvaret oppdagar at du er smitta.

Nokre typar HPV kan gi kjønnsvorter, andre kan føre til kreft etter lang tid.

HPV og kjønnsvorter

Kjønnsvorter er ikkje farlege. Dei forsvinn av seg sjølv. Medisinar kan gjere at vortene blir raskare borte. HPV smittar lettast når du har vorter. Det kan smitte til fleire stader. På vulva og penishovudet og områda rundt. På huda rundt anus eller på ytre kjønnslepper. Vortene ser ulike ut. Nokre er knudrete som små blomkål. Andre er flate.

Har du noko som liknar vorter i underlivet? Det treng ikkje å vere kjønnsvorter. Huda i underlivet kan ha masse prikkar, klumpar og kuler. Det er mange kjertlar her, og  huda kan sjå litt ruglete ut. Det er faktisk sjeldan at prikkar og utvekstar er vorter. Oftast er det noko anna og heilt normalt.

HPV og kreft

HPV kan gi kreft i livmorhalsen. Det kan òg gi kreft i vulva. På penis. I rumpa. Og i halsen.

Har du fått ei vorte og er redd for kreft? Det treng du ikkje vere. Det er ikkje same typen virus som gir kreft. Er du 25 år og har livmor? Då vil du få tilbod om å sjekke deg for HPV som gir kreft. Det er ikkje vondt å teste seg.

Alle elevar på barneskulen  får tilbod om ein HPV-vaksine. Vaksinen vernar godt mot den kreften viruset kan gi.

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt
Illustrasjon av en rosa vulva.
Illustrasjon av en rosa vulva.

Klamydia

Klamydia er ein bakterie. Han smittar mest blant unge som har sex utan kondom. Ikkje alle som får klamydia, merkar det. Derfor bør du teste deg om du har hatt ubeskytta sex, sjølv om du ikkje har nokon plager.

Klamydia trivst veldig godt i urinrøyr og i slimhinnene i skjeden og i anus, men ikkje i halsen. Bakteriane overlever ikkje så lenge utanfor kroppen. Derfor får du ikkje klamydia av å setje deg på do, og heller ikkje av å vere i badebasseng. Det beste vernet mot klamydia er kondom.

Symptom på klamydia

Plagene eller symptoma på klamydia kan variere. Har du penis, vil det kunne komme væske ut av urinrøyret heile tida. Mange synest det svir når dei tissar. For dei med vulva og livmor blir ikkje symptoma oppdaga like lett. Det kan svi når du tissar. Utfloden kan endre seg både i mengde og farge. Det kan blø litt under eller etter samleie. Det kan gjere vondt å ha sex. Det kan klø.
Plagene kan òg komme av ufarlege ting. Det treng ikkje vere klamydia. Det er uansett lurt å sjekke seg viss du får plager eller viss du har hatt sex utan kondom med ein ny person.

Kva kan klamydia føre til?

Klamydia kan klatre vidare inn i kroppen og gi meir alvorlege problem. Han kan gå frå urinrøyret i penis til bitestikkelen. Det kan gi bitestikkelbetennelse med feber og vondt i pungen.

Betennelsen kan gå frå skjede til livmor. Det kan gi bekkeninfeksjon med magesmerter og feber. Ein bekkeninfeksjon kan gjere det vanskeleg å bli gravid seinare.

Korleis  bli kvitt klamydia?

Du bør alltid teste deg viss du har hatt ubeskytta sex. Eller viss du trur du er smitta av klamydia. Det er lett å behandle med antibiotika.

Ta kontakt med lege eller helsestasjonen for ungdom for test.

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt

Gonoré

Gonoré er ein bakterie som smittar ved kontakt mellom slimhinner. Gonoré smittar lettare enn klamydia. Bakterien trivst òg i halsen. I tillegg til i anus, penis og skjeden. Derfor kan du smittast ved oralsex. Det har vore meir smitte av gonoré dei siste åra.

Dryppert?

Dei fleste merkar ikkje smitten i rumpa eller halsen. Gonoré i penis kan gi mykje svie når du tissar. Enkelte seier det er som å tisse piggtråd. Gonoré har òg fått namnet «dryppert». Det er fordi det kan komme mykje utflod frå penis.

For dei som har ein skjede, så er det vanleg å ikkje merke noko. Det kan òg vere diffuse plager som til dømes svie når du tissar, endra utflod, mellomblødingar eller vondt i magen. Det kan vere vanskeleg å vite om det er gonoré eller andre ting.

Er gonoré farleg?

Gonoré er ikkje farleg viss det blir oppdaga og behandla i tide. Viss ikkje kan bakteriane krype seg vidare frå penis til testiklane og frå skjeden til livmora og eggstokkane. Då kan gonoré skade meir enn klamydia. Ein betennelse i livmora blir kalla ein bekkeninfeksjon, og utan behandling kan det bli vanskelegare å bli gravid.

Korleis  bli kvitt gonoré?

Førebels kan vi behandle med antibiotika. Men kanskje blir gonorébakterien resistent mot antibiotika. Det er kjempeskummelt. Antibiotika vil ikkje verke. Då blir vi ikkje kvitt bakterien. Sjansen er større jo meir vi smittar kvarandre med gonoré. Då må vi bruke meir antibiotika. Bakterien vil kjenne han igjen og bli resistent. I alle fall mot den antibiotikaen vi har no.

Beskytt deg godt mot gonoré. Det er det beste vi kan gjere. Og korleis kan vi gjere det? – Bruke kondom!

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt
Tre illustrerte peniser i ulike former og farger.
Tre illustrerte peniser i ulike former og farger.

Hiv

Før var det å få hiv nesten det same som å få ein dødsdom. Det var mykje skam rundt det å ha hiv. I dag snakkar vi om det som ein kronisk sjukdom. Du må ta ein tablett kvar dag viss du har viruset. Elles kan du leve heilt fint. Akkurat som med diabetes eller høgt blodtrykk.
Det er ikkje så mange som får viruset i Noreg lenger, og dei som får behandling for hiv, smittar ikkje vidare. Det er derfor få som treng å teste seg for hiv i Noreg i dag.

Hiv er eit virus som smittar via slimhinnekontakt eller via blod. Det kan smitte  frå mor til barn gjennom svangerskap, fødsel eller amming. Det skal mykje til for å bli smitta med hiv. Det smittar ikkje like lett som for andre virus og bakteriar.

Har du sex med ein HIV- positiv som tek medisinar mot hiv, er sjansen for å bli smitta liten. Ved samleie der penis og skjede møtest, er det berre 0,1% sjanse. Ved analsex er sjansen for smitte større. Det er fordi slimhinnene i rumpa er tynnare.

Hiv smittar ikkje ved kyssing og annan intim kontakt.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Illustrert figur med flere tankebobler over hodet
Illustrert figur med flere tankebobler over hodet

Korleis  unngå kjønnssjukdommar?

Nokre infeksjonar klarer vi ikkje alltid å unngå. Vi kan vere så forsiktige som berre det. Likevel kan vi få herpes og kjønnsvorter. Dei er så vanlege. Og dei smittar sjølv om du brukar kondom. Heldigvis er verken kjønnsvorter eller herpes farleg for deg.

Dei andre infeksjonane kan vi beskytte oss mot ved å bruke kondom. Test deg dersom du har hatt sex med nokon som kan vere smitta. Har du hatt sex utan kondom med ein ny? Då bør du ta ein test!

Snakk med legen din eller helsestasjonen for ungdom, dei vil hjelpe deg. Du kan óg bruke Sex og samfunns chat-teneste – du kan vere anonym og det er gratis.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Forstørrelsesglass som viser bakterier og virus
Forstørrelsesglass som viser bakterier og virus

Kondomvettreglar:

    1. Ikkje legg kondomet der det kan skadast. Eller på ein stad det blir mykje gnikking og slitasje.
    2. Sjekk datostemplinga og at pakken er heil. Det kan du gjere ved å kjenne om det er luft i pakken.
    3. Åpne pakninga forsiktig. Pass på så kondomet ikkje blir skada.
    4. Penis skal vere stiv når kondomet blir rulla på.
    5. Har du forhud, skal ho trekkjast tilbake.
    6. Klem saman tuppen på kondomet.
    7. Hald igjen minimum ein fingerbreidd på tuppen. Rull på resten av kondomet utan å skade gummien.
    8. Etter at penis har vorte slapp, glir kondomet lettare av. Hald på kondomet ved penisrota når penis blir trekt ut. Kondomet skal altså brukast under heile samleiet.
    9. Kondomet skal brukast berre éin gong.
    10. Kast kondomet i vanleg avfall etter bruk. Ikkje i toalettet.
En person foran et bord med en rekke kondomer.
En person foran et bord med en rekke kondomer.

Kva tenkjer vi eigentleg om kondom?

Undersøkingar viser at vi synest det er positivt om ein person tek fram eit kondom. Men at vi er redde for at partnaren tenkjer negativt om oss når vi gjer det sjølve. Kvifor er det sånn, trur du?

Ein av tinga vi er redde for, er at partnaren skal tru at vi ikkje stoler på den andre. Altså at du vil bruke kondom fordi du trur hen har ein kjønnssjukdom. Det er jo veldig rart. Kondom handlar ikkje om å stole eller ikkje stole på nokon, det handlar om å ta ansvar!

Kondom er konge!

    1. Kondom beskyttar mot graviditet! Det er faktisk den einaste prevensjonen dei med penis har.
    2. Du beskyttar deg mot ein infeksjon som kan gi deg plager.
    3. Du slepp å bruke antibiotika som kan gi deg biverknader.
    4. Du hjelper til med å ikkje bruke opp den antibiotikaen vi har i dag. Då har vi medisin å gi til generasjonene som kjem etter oss.
    5. Mange opplever litt ubehag med endra utflod etter å ha fått sæd i skjeden. Det slepp du om kondomet samlar det opp.
    6. Kondomet kan gjere at det blir litt lettare å halde ut lenger ved sex. Det blir ikkje så veldig kjenslevart for penis.
    7. Du treng ikke å teste deg etter at du har hatt sex.
    8. Du viser at du tar ansvar.
Når er det greit å droppe kondom?

Bruk kondom når du ligg med nokon som du ikkje har lege med før, viss han du ligg med, kan ha fleire partnarar, eller om de ikkje har testa dykk. Er du usikker, bruk kondom!

De kan droppe kondomet når de er samde om å vere dykk, begge er sjekka, og det ikkje er risiko for at de kan bli gravide.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
En morsom kondom med sterke armer og krone.
En morsom kondom med sterke armer og krone.

Viss alle tar ansvar og brukar kondom, så kan vi unngå ein smitte-boom!

Bruk kondom for å sleppe å bli smitta!
Test deg viss du har hatt ubeskytta sex. Viss du lurer på kva kjønnssjukdommar du burde teste deg for, så snakk med helsesjukepleiar, helsestasjon for ungdom eller legen din.

Treng du kondom?

Du kan hente gratis kondom på helsestasjonen for ungdom eller bestille det heim på gratiskondomer.no  Då vil dei komme i ein kvit pakke utan noko forklaring på kva som er inni. Då kan du øve i veg!

Vil du vite meir?

Vil du vite meir om desse, eller andre, seksuelt overførbare infeksjonar så kan du snakke med helsesjukepleiar, lege eller lese meir på Ung.no eller hos Sex og samfunn.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

 

Skrive av Tuva Fellman og Trine Aarvold (Sex og samfunn)

Innspeling: Tuva Fellman
Illustrasjonar: Helene Brox
Redaktør: Stine Isdahl Solberg

Kven er Trine Arvold?

Trine er lege ved Sex og samfunn. Der har dei ein klinikk for ungdom der dei kan snakke om seksualitet, prevensjon eller sjekke seg for kjønnssjukdommar. Ho har òg svart på spørsmål unge har på nettsida ung.no og undervist i temaet kropp og seksualitet for 10. klassar.

Kven er Tuva Fellman?

Tuva har teke vidareutdanning i sexologi og har vore programleiar i NRK. Ho er no i Warner Bros Discovery og har leidd tv-programmet Naked Attraction og Love IRL. I NRK radio har Tuva i mange år vore programleiar i Juntafil, eit program om sex, kropp og kjensler. Ho og Trine svarte på spørsmål frå lyttarar som lurte på alt om desse tema. Kanskje er det dei same spørsmåla som du òg sit med?

Kjelder: