Snakkar om sola,
så svir ho …

Hugsar du kjensla av å sitje i solveggen og kjenne varmen frå sola på huda? Dei fleste føler glede, ro og velvere i sola. Kvar er solveggen din? Kva er det med sola som er så bra for oss?

Ansiktsprofilen til en ung dame på venstre side av bildet der hun ser opp mot solen som ikke synes i bildet.
Ansiktsprofilen til en ung dame på venstre side av bildet der hun ser opp mot solen som ikke synes i bildet.

Naturleg lykkerus

Visste du at det blir produsert hormon i kroppen som gir lykkerus? Det blir kalla endorfinar. I tillegg lindrar det smerte. Endorfinar blir produserte når vi har det fint, òg når vi er fysisk aktive.

Sola gir eit ekstra kick

Du kan kjenne den gode kjensla som ei påskjønning etter ei treningsøkt. Når du slappar av i solveggen, gir det oss det vesle ekstra. Sola gir nemleg eit ekstra kick til produksjon av endorfinar. Men hugs at du må beskytte deg ved sterk sol.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Dame elsker å være ute i sola
Dame elsker å være ute i sola

Placeboeffekten

Placeboeffekten er når ei positiv forventning gjer oss betre – sjølv utan medisin. Legen kan gi deg ein falsk medisin, ein «sukkerpille», når du er litt sjuk eller lei deg. Sidan du forventar at det skal hjelpe, føler du deg òg betre.

Sola kan òg gi ein placeboeffekt. Mange føler seg meir friske og opplagde av solskinet. Det er fordi kroppen produserer endorfinar. 

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Brunt medisinglass ligger på siden med hvite piller strødd utover en blå bakgrunn.
Brunt medisinglass ligger på siden med hvite piller strødd utover en blå bakgrunn.

Vêrsjuk om hausten

Blir du meir trøytt og energilaus om hausten og vinteren? I Noreg blir mange vêrsjuke og får skiftande humør. Lengtar du òg etter sol og varme når det er kaldt? Kvifor er det sånn?

Hormonet serotonin blir produsert i kroppen vår. Det påverkar humøret vårt. Vi kan bli sure viss vi får for lite serotonin. Forskarar meiner sollyset hjelper kroppen med å produsere hormonet.

Næringsrike matvarer produserer også serotonin. Nokre av desse matvarene er egg, kjøtt, fisk, banan, solsikkefrø og poteter. Næringsrik mat og sollys kan altså vere med å løfte humøret vårt.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Liten jente ser tenkende ut av vinduet med regndråper på
Liten jente ser tenkende ut av vinduet med regndråper på

Sjokolade i solveggen

Humøret kan òg blir hjelpt av ein sjokolade i solveggen. I likskap med sollys og næringsrik mat gir han det vesle ekstra – han gir deg noko å glede deg til. Sjokoladen aukar produksjonen av endorfinar og gir ei lykkekjensle. 

Ung jente med solbriller, skolesekk, rollerblades og vannflaske sitter og spiser sjokolade i solveggen.
Ung jente med solbriller, skolesekk, rollerblades og vannflaske sitter og spiser sjokolade i solveggen.

Kan vi «fange» sola?

Det er vanskeleg å «fange» solstrålane. Men i 1883 skjedde det noko. Franskmannen Edmond Becquerel utvikla elektrisk spenning av sola, og amerikaneren Charles Fritts fann opp solcellepanelet. Panelet vart testa på eit hustak i New York. Det produserte for lite straum og kosta for mykje til at det vart ein salssuksess.

📷  Moderne solcellepanel på Manhatten i New York.

I dag blir dei stadig meir brukte. Solcellepanel er å sjå på store næringsbygg, private hus, hytter og utelampar. Det er ein berekraftig og lønnsam måte å utnytte sola på.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Solcellepanel på et tak på Manhatten i New York City, med Manhatten skyline i bakgrunnen.
Solcellepanel på et tak på Manhatten i New York City, med Manhatten skyline i bakgrunnen.

Sola på godt og vondt

Hugsar du sist du vart skikkeleg solbrend? Sola er både viktig og ein litt skummel følgjesvein. Det er viktig med beskyttelse mot sola. Men korleis gjer vi det? 

Skulderen og nakken til ei jente som er veldig solbrent.
Skulderen og nakken til ei jente som er veldig solbrent.

Må vi bruke solkrem?

Synest du solkrem er noko klissete greier? Kleint å smøre inn andre er det òg. Du er ikkje åleine om å tenkje sånn. Altfor mange slurvar med solkrem. Men vi bruker det jo av ein grunn.

Den viktige faktoren

Solfaktor visar styrken til solkremen. Høgast tal gir meir beskyttelse mot dei ultrafiolette (UV) B-strålane. Dei har høg energi og gjer at vi blir solbrende. Cirka 90 prosent av strålane vert tatt opp i øvste lag av huda. Når du les ei vêrmelding på nett, kan du samtidig finne ut kor stor UV-stråling det er.

Skugge og klede

UV-strålar er med å utvikle hudkreft. Då bør vi vere ekstra nøye med solkrem. Gløym at kremen er klissete. Solfaktor fortel oss kor lenge vi kan vere i sola utan å bli solbrende. Hugs å ta på deg klede når det er ekstra sterk sol – eller set deg i skuggen. 

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Blid jente får solkrem på nesa av moren sin.
Blid jente får solkrem på nesa av moren sin.

UV-strålar er òg godt for noko

Visste du at sollys og fisk gir deg D-vitamin? Skjelettet er avhengig av det for å utvikle seg normalt. Direkte sollys er det aller beste, men på vinteren er det mindre sol i Noreg. Då er det viktig å ete ekstra mykje fisk for å få nok D-vitamin. 

Sol med ordet D-vitamin i midten.

Medan du nyt sola …

Kor fantastisk hyggeleg er det ikkje å sitje i solveggen? Du får ein fin brunfarge. Og kroppen blir fylt på med endorfinar. Ta med litt funfacts på vegen:

Snø og sol

Huda blir eksponert for 90 prosent av UV-strålane ved tørr nysnø. Våt snø reflekterer berre 20 prosent. Legg derfor påskeskituren til våt snø. Då unngår du i større grad å bli solbrend. Men det viktigaste er uansett å bruke solkrem.

Sjø og sol

Sjøsola er farlegare når det er litt vind. Ho skaper skum og bølgjer som reflekterer meir sollys. Vinden kan i tillegg «kamuflere» solsteiken når sola står høgt på himmelen. Vi merkar ikkje at vi blir solbrende, og vi sit for lenge i sola. På sjøen er det derfor lurast å sole seg når det er vindstille og sola står lågt.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

Kjelder:

 

  • Skoie, Inger Marie; Pukstad, Brita; Puventhiran, Nithuja: solfaktor i Store medisinske leksikon på snl.no.
    Henta
    3. juni 2022 frå https://sml.snl.no/solfaktor
Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Bilde- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. Getty Images
    5. Getty Images
    6. Getty Images
    7. Getty Images
    8. Getty Images
    9. Getty Images
    10. Getty Images